Jubileumshilsen Av Jens Stoltenberg
Tale «Børs og katedral»
Av Erik Must
Profil Et slag for amatøren
Lars Saabye Christensen intervjuet av Kåre Bulie
Profil «Det er vi som er de siste anarkistene»
Horace Engdahl intervjuet av Christian Kjelstrup
Refusjonsbrev
Av redaktør Johan Borgen
Novelle Yama
Av debutant Axel Jensen
Bildeserie Utvalgte Vinduet-forsider fra 1947 til 2007
Gjendiktninger Wallace Stevens’ alderdomsdikt
Til norsk ved Jan Erik Vold
Reiseskildring Noe om Georg Johannesen og liv og død-situasjoner – eller: Jeg vet ikke hva
Av Nils-Øivind Haagensen
Reiseskildring Om fingeren som ikke viser vei Av Andreas Viestad
Debattessay Intimitetstyranni? Av Espen Haavardsholm
Debattessay Innholdisme Av Per Bjørnar Grande
Haiku Seks haiku
Av Inge Haugane
Spalte Ein ganske fotnoterik guide til: Litterære jubileum
Av Are Kalvø
Bokomtale Møllerens skrift
Herta Müller: Mennesket er en stor fasan i verden og Alltid den samme snøen og alltid den samme onkelen

Av Kaja Schjerven Mollerin
Bokomtale Syngende prosa fra sør
Edward P. Jones: The Known World og All Aunt Hagar’s Children

Av Erik Bjerck Hagen

Innhold Vinduets novellenummer:

Leder

1. premie
Reidun Elise Foldøy: «Den store dagen»

Delt 2. premie
Karine Nyborg: «Det må være en grunn»
Eva Sannum: «Love me tender»

4.-10. premie
André Aronsen: «Marsha»
Lena Niemi: «En grav og gå til»
Arild Rossebø: «Magda og Ludvig»
Stein Slettebak Wangen: «Kjære liv»
Eivind Riise Hauge: «Fars sigaretter»
Tommy Kvarsvik: «Bil A, bil B og Tore – en studie i det rekonstruerte liv»
Knut Rage: «Ein stad finst det nokon»

Prosa

Songen om Marie
Debutant
av Gudrun Kløve Juuhl

Maries trøyst

Marie hadde vondt i hjarta. Det gjorde så vondt at ho ikkje visste kva ho skulle gjera, tårene spratt frå augo hennar, ho beit fast i det næraste ho kunne finna for å ikkje skrika, det var øyra til han ho elska.

I dag, 50 år seinare, fortel Marie denne historia på fjernsyn. Mannen hennar mangler øreflippar. Etter kvart gjorde det mindre vondt, seier ho.

Den dagen røynda skylde over Marie

Den dagen røynda skylde over Marie, var ho på butikken for å kjøpa:

1 l H-mjølk
2 l skumma mjølk
1 pakke Vestkystsalat
1 langebrød
1 glas sylteagurk
2 hekto kokt skinke
og ein liten torsk til middag

På heimvegen såg ho røynda koma mot seg som ei mannshøg, brun bylgje. Etter at bylgja hadde skylt over henne reiste ho seg opp, strauk håret bak øyro og heldt fram med å gå.

Då Marie hadde tømt hjarta sitt

Faen, sa Marie, er det gratis påfyll? Hæ, sa den vesle guten med det raude hjarta bak disken. Javel, sa Marie og kyste han. Og hjarta hennar vart fylt av ei skinande, blå einsemd.

Før Marie reiste

Før Marie reiste klypte ho ut hjarta sitt. Hjarta var nyføddrosa, det banna stygt og freista bita henne i fingrane.

Marie såg bort på mannen i senga, han sov. Ho smilte og sleppte hjarta på bringa hans, det åt seg inn.

Så lakka Marie neglene og gjekk, utan hjarta, utan truse.

Publisert 16. august 1998 | Til toppen av siden