Jubileumshilsen Av Jens Stoltenberg
Tale «Børs og katedral»
Av Erik Must
Profil Et slag for amatøren
Lars Saabye Christensen intervjuet av Kåre Bulie
Profil «Det er vi som er de siste anarkistene»
Horace Engdahl intervjuet av Christian Kjelstrup
Refusjonsbrev
Av redaktør Johan Borgen
Novelle Yama
Av debutant Axel Jensen
Bildeserie Utvalgte Vinduet-forsider fra 1947 til 2007
Gjendiktninger Wallace Stevens’ alderdomsdikt
Til norsk ved Jan Erik Vold
Reiseskildring Noe om Georg Johannesen og liv og død-situasjoner – eller: Jeg vet ikke hva
Av Nils-Øivind Haagensen
Reiseskildring Om fingeren som ikke viser vei Av Andreas Viestad
Debattessay Intimitetstyranni? Av Espen Haavardsholm
Debattessay Innholdisme Av Per Bjørnar Grande
Haiku Seks haiku
Av Inge Haugane
Spalte Ein ganske fotnoterik guide til: Litterære jubileum
Av Are Kalvø
Bokomtale Møllerens skrift
Herta Müller: Mennesket er en stor fasan i verden og Alltid den samme snøen og alltid den samme onkelen

Av Kaja Schjerven Mollerin
Bokomtale Syngende prosa fra sør
Edward P. Jones: The Known World og All Aunt Hagar’s Children

Av Erik Bjerck Hagen

Innhold Vinduets novellenummer:

Leder

1. premie
Reidun Elise Foldøy: «Den store dagen»

Delt 2. premie
Karine Nyborg: «Det må være en grunn»
Eva Sannum: «Love me tender»

4.-10. premie
André Aronsen: «Marsha»
Lena Niemi: «En grav og gå til»
Arild Rossebø: «Magda og Ludvig»
Stein Slettebak Wangen: «Kjære liv»
Eivind Riise Hauge: «Fars sigaretter»
Tommy Kvarsvik: «Bil A, bil B og Tore – en studie i det rekonstruerte liv»
Knut Rage: «Ein stad finst det nokon»

Anmeldelse

Kanonføde
av Kjartan Fløgstad

Egil Børre Johnsen og Trond Berg Eriksen (red.)
Norsk litteraturhistorie
Sakprosa fra 1750-1995
Universitetsforlaget 1998


Historia har ingen evige sanningar. Evige sanningar har derimot si historie. Denne historia har også sitt språk: Det språket som ikkje er løgn og forbanna dikt. Dette språket kallar redaktørane av det føreliggjande verket for sakprosa.

Om dette språket gir Universitetsforlaget nå ut eit massivt bokverk. Femten hundre og tjue sider, fordelte på to staselege band, med klåre skrifttyper (Scala 11/15,5 pkt.), trykte på gultona 100 g Lessebo linne papir, rikt biletmateriale, pompøs bokbunad og bibelsk silkesnor signaliserer at dette er tenkt som Sakbøkenes Bok.

Det første bandet dekkar eit tidsrom på 150 år frå 1750, det andre mindre enn halvparten, fram til 1995. Kronologisk er heile verket delt inn i sju hovudbolkar med stadig kortare tidsspenn. Den lengste bolken går frå 1800 til 1860, noko som skulle tyda på at redaksjonen merkeleg nok ser på halvseklet etter 1814 som det fattigaste i den norske sakprosatradisjonen. Etter redigeringa å dømma blir sakprosatradisjonen rikare jo meir vi nærmar oss vår eiga tid, og ein lei trykkfeil i innhaldslista gjer den aller siste bolken tjue år kortare enn han eigentleg er: 1970-1975. Kvar bolk har ulik redaktør, og er i alle fall i det ytre redigert over same lest. Redaktøren skriv ei innleiing. Deretter følgjer kapitteloverskriftene "Bøker og forfattere", "Stil og retorikk", "Tid og tema". Mønsteret er altså pragmatisk og konvensjonelt: Først det skapande subjektet og det skapte objektet. Så forma. Og innhaldet sist, men ikkje minst.

Innanfor denne redaksjonelle ramma får kunnskapsrike og velskrivande forfattarar ta for seg eit rikt mangfald av emne frå den norske bokheimen. Verket er såleis ein møtestad der eit godt hundretals skribentar får fortelja om ulike sider ved norsk skriftproduksjon dei siste 250 åra. Innanfor den redaksjonelle målsettinga om å kanonisera "sakprosaen" har skribentane tydelegvis fått frie rammer og lause teoretiske føringar. Slik sett tenar bidraga deira som kanonføde (med trykk på første staving) i redaksjonens uerklærte grensekrig mot diktinga.

Sjølv om utgivinga med full rett kallar seg ein litteraturhistorie, står den også i ein encyklopedisk tradisjon. Av dei omhyggeleg utarbeidde forfattarbiografiane ser vi at dette er eit reint produkt av universitetslærdommen. Ei ram akademisk stallukt møter lesaren når han slår opp dei staselege banda. Augo fell fort på gamle travarar, både fjordingar og kaldblods, i kjend stil nedover sidene. Her er, for å seia det slik, langt fleire forvitnelege enn forunderlege innlegg. Svært mykje er velskrive og leseverdig. Ingen nemnde, ingen gløymde. At redaksjonen på si side har gløymt eller utelate viktige forfattarnamn, er uunngåeleg, og kan ikkje leggast dei alvorleg til last. Alle måtte her ha gjort kontroversielle val. Men fråveret av Engebret Hesselberg på midten av 1700-talet, og Christen Pram ved overgangen til det nittande hundreåret er vanskeleg å godta. Og det er uforståeleg at ein kan skriva så langt og mykje om norsk sakprosa dei siste tiåra utan å drøfta eksemplariske forfattarskap som Økland og Østerberg.

II

Svært mykje har hendt i tekstteorien dei seinaste tiåra. Svært lite av dette ser ut til å ha komme redaktørane av "Sakprosa" til gode. I ei kort innleiing til første bandet slår dei fast at dei har unngått nære bindingar til det dei kallar særlege teoretiske skuleretningar. Argumentet deira for dette programmet er at ein alminneleg tekstteori "vil lett kunne forlate all vitenskapelig fruktbarhet og forsvinne inn i filosofien."

Like programmatisk som avvisinga av tekstteoretiske grunnlagsproblem, er den implisitte avvisinga av å drøfte dei historiske føresetnadene til sakprosasjangrane. Før det moderne gjennombrotet blei det som i dag blir kalla norsk sakprosa skrive på latin, og sidan på dansk, og innanfor lærediktet og andre sjangrar med uklåre avgrensingar mot poesien. Sakprosaen, slik den føreliggjande boka prøver å kanonisera den, er filosofisk sett ein positivistisk 1800-talsrest, halden fast som sjanger. I dag er det mange ting som tyder på at grensene mellom poesi og sakprosa er i forandring. Den moderne og romantiske utskiljinga av poesien som sjøvstendig erkjenningsveg er truga. Sakprosaforfattarar erkjenner sin eigen litteraritet (Hellesnes, Linneberg). Følsame unge litteratar vil heller bli kritikarar enn diktarar (Henning Hagerup). Diktarar nærmar seg sakprosaen og tar i bruk sakprosaiske sjangrar (Kjærstad og biografien). Samstundes blir ein aukande del av sakprosaen i Norge på ny skriven på framandspråk (engelsk), og innanfor halvoffentlege sjangrar som notatet, PM-et, memorandumet. Og ikkje minst, som den føreliggjande utgivinga stadestar: CV-et, curriculum vitae som moderne akademisk nøkkelsjanger, den meritterande sjøvbiografien som privatisert helgenlegende, og viktigaste akademiske kortprosaform.

Desse temata fråskriv verkredaktørane seg sjansen til å undersøka, av redsle for å forsvinna inn i filosofien og historia. Til gjengjeld forsvinn dei inn i ein krattskog av den mest forskrekkelge funksjonærprosa: "Slik vi har forstått sakprosaen, er den funksjonell kommunikasjon som lykkes hvor den gjør jobben sin, og mislykkes der hvor hensikten ikke oppnås." Eller slik: "Vurderingen av kvalitet og virkemidler kan ikke løsrives fra en formening om hva teksttypene skal duge til."

Gjennom sin eigen skrivepraksis har sjølv den mest middelmådige romanforfattar og poet smått om senn lært seg det same som litteraturteorien dei seinaste tiåra har fått eit visst begrep om: Når vi skriv, både dikt og sanning, har vi språkets skriftlege forkledning som vilkår for å uttrykka oss, ikkje som gjennomsiktig avtrykk av våre "hensikter". Språkets indre stemme heiter skrift. Såkalla sakprosaforfattarar uttrykker seg derimot ofte som om dei råder over skrifta som eit objektivt og nøytralt hjelpemiddel i vitskapen, kommunikasjonen, sanninga og samfunnsnytten si teneste. I denne villfaringa kan dei henta varm støtte frå redaktørane av "Sakprosa", slik at dei framleis ufrivillig kan avsløra dei metafysiske restane som finst i botnen av profesjonane deira, og som hevdar noko slikt som at "metaforisitet er forureiningas logikk og forureining av logikken."

Men sakprosaforfattarar er like utleverte til metaforikken og forheksinga av språket som dei såkalla skjønnlitterære. Skilnaden er at mange skjønnlitterære forfattarar veit at dei er det, og kan ta sine forholdsreglar. Utvikling av dette medvitet, som gjer forfattar av ein skribent, er det lite av i det føreliggjande verket.

III

I sjølve det definitoriske forsøket på å forstå si eiga skriving gir verkredaktørane tvert om ei eksemplarisk skildring av seg sjølve som umedvitne diktarar, forheksa av skriftas metaforisitet (og - må det leggjast til - av ein urimeleg klønete syntaks):

"En sakprosatekst er en ytring eller handling som man har nøkkelen til når man vet hvorfor den overhodet kom til."

Spørsmålet er om dette er ein brukbar definisjon å byggja ein sakprosakanon på. Bortsett frå "sakprosa" er hovudorda "nøkkel" og "overhodet kom til". Nøkkelen er ein velbrukt og ofte rusta metafor. Den seier at for å forstå noko, må ein gå gjennom ei låst dør, medan sanninga er ute i det fri.

Nøkkelen til å forstå ein sakprosatekst, seier verkredaktørane, er ein kunnskap om "hvorfor den overhodet kom til". Nøkkelen som opnar sakprosateksten er altså ein kunnskap om opphavet til teksten. Men for å forstå ein slik tekst, må ein ikkje berre vita kvifor den "kom til". Ifølge redaktørane må ein vita kvifor den "overhodet" kom til.

Adverbet "overhodet" kjem frå tysk, og blei brukt når ein kjøpte hornkveg, samla, utan å telja så nøye på kvart enkelt dyr. På norsk har ordet den konvensjonelle tydinga "i det heile tatt". I vanleg språkbruk betyr det nærmast alt og ingenting. Så slapt går det likevel ikkje an å uttrykka seg i ein definitorisk nøkkelsetning. Skal ordet i det heile ha ei meining, seier den derfor at for å forstå ein sakprosatekst, må ein gjera eit raskt overslag over opphavet til teksten, som ved kjøp av dyr på hov. Slik sett antydar verkredaktørane eit materialistisk grunnlag for forståing av sakprosateksten.

Brukar vi denne definisjonen og ser på kvifor "Norsk litteraturhistorie. Sakprosa 1750-1995" overhodet kom til, fortel kolofonsida at det var på grunn av støtte frå mange hald, først og fremst frå KULT-programmet i Norsk Forskingsråd, og i tillegg Norsk Faglitterær Forfatterforening, Nasjonalt Læremiddelsenter, Den Norske Forleggerforening og Institusjonen Fritt Ord.

Er det så å seia her hunden, for ikkje å seia hornkveget ligg begraven? Sannsynlegvis er svaret nei. Verkets eigen definisjon duger ikkje til å forklara kvifor verket blei til. Redaktørane går ikkje inn for ein reduksjonistisk materialisme som nøkkel til å forstå sakprosaproduksjonen. Derimot har skriftas eigen materialitet, skriftas indre stemme tatt makta frå dei, og overdøva deira intensjonar. I "sakprosaen" deira er det altså ikkje forfattarane som klårt og endefram talar gjennom språket, men i like stor grad språket som knirkar, mumlar, gryntar, stammar og rautar sine metaforiske restar gjennom forfattarane.

IV

Slik sakprosaen blir framstilt i dette verket, er den umarkert dikting som prøver å grava ned metaforane og dermed dekka til sin eigen litteraritet. I ein lang hale til sakprosahistorikkens metaforiserte og begrepslause kropp gjer Ottar Grepstad godt greie for uviklingstrekk ved moderne norsk sakprosa og for tendensar innenfor nyare retorikk og tekstteori.

"Norsk litteraturhistorie. Sakprosa fra 1750 til 1995" er med andre ord eit veldig tekstkorpus med eit bitte lite hovud og ein lang hale. Den samla verk-naden gjer verket til eit grotesk fabeldyr. Det er ei bok nesten utan hovud, med ein umåteleg kropp, og med ein intelligent hale.

Halen prøver så godt den kan å logra med hunden. Men kroppen rører seg ikkje. Og hovudet har over hovudet ikkje merka nokon ting.

Publisert 2. september 1998 | Til toppen av siden