Jubileumshilsen Av Jens Stoltenberg
Tale «Børs og katedral»
Av Erik Must
Profil Et slag for amatøren
Lars Saabye Christensen intervjuet av Kåre Bulie
Profil «Det er vi som er de siste anarkistene»
Horace Engdahl intervjuet av Christian Kjelstrup
Refusjonsbrev
Av redaktør Johan Borgen
Novelle Yama
Av debutant Axel Jensen
Bildeserie Utvalgte Vinduet-forsider fra 1947 til 2007
Gjendiktninger Wallace Stevens’ alderdomsdikt
Til norsk ved Jan Erik Vold
Reiseskildring Noe om Georg Johannesen og liv og død-situasjoner – eller: Jeg vet ikke hva
Av Nils-Øivind Haagensen
Reiseskildring Om fingeren som ikke viser vei Av Andreas Viestad
Debattessay Intimitetstyranni? Av Espen Haavardsholm
Debattessay Innholdisme Av Per Bjørnar Grande
Haiku Seks haiku
Av Inge Haugane
Spalte Ein ganske fotnoterik guide til: Litterære jubileum
Av Are Kalvø
Bokomtale Møllerens skrift
Herta Müller: Mennesket er en stor fasan i verden og Alltid den samme snøen og alltid den samme onkelen

Av Kaja Schjerven Mollerin
Bokomtale Syngende prosa fra sør
Edward P. Jones: The Known World og All Aunt Hagar’s Children

Av Erik Bjerck Hagen

Innhold Vinduets novellenummer:

Leder

1. premie
Reidun Elise Foldøy: «Den store dagen»

Delt 2. premie
Karine Nyborg: «Det må være en grunn»
Eva Sannum: «Love me tender»

4.-10. premie
André Aronsen: «Marsha»
Lena Niemi: «En grav og gå til»
Arild Rossebø: «Magda og Ludvig»
Stein Slettebak Wangen: «Kjære liv»
Eivind Riise Hauge: «Fars sigaretter»
Tommy Kvarsvik: «Bil A, bil B og Tore – en studie i det rekonstruerte liv»
Knut Rage: «Ein stad finst det nokon»

Anmeldelse

Om det barokke og det moderne i Kjartan Fløgstads romankunst
av Atle Kittang

Kjartan Fløgstad
Kron og mynt. Eit veddemål
Gyldendal 1998

I

Kjartan Fløgstad har sjølv lagt ut fleire signal i den siste romanen sin, Kron og mynt, om kva slags samanhengar den bør lesast i. Personar frå Fyr og flamme blir nemnde her og der i forbifarten (S. S. Bruhoel, Perry Moatræ), og ein av dei heilt sentrale figurane, antikvitetshandlaren, finansmagnaten og filantropen Pål Seland (namnet er eit av desse fløgstadske ordspela utan djupare meining) som til slutt døyr av kreft, krev å bli gravlagd under Hans Herting Attraas grav på kyrkjegarden i Folkestad. Enda tydelegare er allusjonen til Det 7. klima, som vi finn på eit avgjerande punkt heilt i begynnelsen av Kron og mynt: I Likvoren på Gomalandet ved Kristiansund driv det nemleg i land eit kvinnelik, som under obduksjonen gir liv til "eit på alle måtar friskt og velskapt gutebarn". Guten blir adoptert av Samson Avsenius, den kanskje mest mytiske av alle personane i romanen, kveitefiskar og fiskeforedlar som gjennom heile romanen gjer dei europeiske motorvegane utrygge med vogntoget sitt. Han får namnet Tjerand Fonn Avsenius, blir etterkvart kunsthistorikar, og ved sidan av eg-forteljaren, Aa. Aavaath, er det han som blir ansvarleg for romanens rike stofftilfang frå den norske kyrkjebarokkens historie. Men i Det 7. klima har Fløgstad lagt inn eit liknande motiv: ein kvinnekropp som blir funnen på stranda langt oppe i Ultima Thule, og som etterkvart tar til å forvandle seg til skrift og teikn. Etter tre dagar, når kroppen er ferdiglesen, blir den kremert, og pergamentteksten forvandlar seg til fykande og dansande flak av oske i lufta.

Ikkje berre ambisjonsnivået, men også sjølve prosjektet i Kron og mynt kjem klart fram gjennom slike allusjonar til dei to romanane som truleg er Fløgstads aller viktigaste hittil. Til liks med Fyr og flamme og Det 7. klima tar også Kron og mynt mål av seg å til vere ein slags vrangvend totaliserande roman. Totaliserande er den gjennom det kritisk gjennomlyste biletet den ønskjer å gi av eit økonomisk, politisk og kulturelt hamskifte som både er irreversibelt og globalt. Men samstundes er det ein grunnpremiss i alle desse tre romanane at den form for meining som eit totaliserande grep påtar seg å tilføre våre tolkingar av verden, eigentleg er illusorisk: Den moderne verden er ein verden utan substans og samanheng, ein verden av simulakra der berre tilfellet rår.

Denne indre spenninga gir seg til kjenne i måtane Kron og mynt kommenterer sitt eige tittelmotiv på. "Pengar var abstrakte ting, altså eit grunnleggande paradoks, og såleis eigentleg meiningslause og tomme for innhald", heiter det ein stad, med tydeleg etterklang frå Marx sine analysar. Og vidare: "To sider: mynt og kron, utan noko verkeleg imellom": Kommentaren peikar mot den type samfunnsprosessar som romanens nåtidshandling handterer: marknadsøkonomiens totale siger over fellesskapsverdiar og sosial planlegging etter Murens fall i 1989. Og ein må rekne med at Kjartan Fløgstad ikkje ville ha skrive sine voluminøse romanar om prosessane i det moderne samfunnet, dersom han ikkje på eit eller anna nivå trudde desse prosessane var tilgjengelege for romanmessig tolking. Men kommentaren gir samstundes uttrykk for korleis ei utvikling der pengane er både mål og målestokk, tømmer vår livsverden for realitetar og gjer alt "virtuelt" – ikkje minst den kulturverden som også romankunsten er ein del av. Dette var sjølve hovudperspektivet i Det 7. klima. I Kron og mynt er det snarare tale om ein underliggande klangbotn. Ein annan stad heiter det, med referanse til den herrnhutiske praksis med å trekkje lodd når ein skulle uteske Guds vilje i vanskelege avgjerder: "Gud spelar terning. Det stadfester også moderne vitskap. Guds folk slår kron og mynt. I alle viktige spørsmål trekkjer Eliseus Seland lodd." For Fløgstads lesarar går tanken dialektisk herfrå til Mallarmés utsegn om at "eit terningkast avskaffar ikkje tilfellet": Heller ikkje kunsten kan erstatte tilfellet med meiningsrik nødvendighet, så lenge det er tilfellet som er vår nødvendighet.

Alle som kjenner Kjartan Fløgstads forfattarskap, oppdagar lite nytt i ei slik grunnleggande indre spenning. Heller ikkje er det noko spesielt nytt i at dilemmaet føder ei drift i romanen mot sjølvrefleksjon: Kva kan romankunsten, og kunsten generelt, vere i dag? Men knapt nokon stad i forfattarskapen har den metaromaneske dimensjonen drege til seg så mykje kreativ energi, og makta å samle så mange fasettar i romanlandskapet, som nettopp i Kron og mynt. Refleksjonen over kva kunst kan og bør vere, slik vi kjenner den frå så mange Fløgstad-tekster gjennom 30 år, er i denne romanen formidla gjennom innsiktsfulle essayistiske dykk ned i 1600-talets kyrkjebarokk, i grenselandet der handverket, folkekunsten og representasjonskunsten møtest til eit uttrykk som syg kunstnaren opp i verket, forvandlar bileta til rein ornamentikk, og lar kunstverket sjølv kverve i folkedjupet der det har røtene sine. I ein slik refleksjon møtest på spennande vis teoriar om "gesunkenes Kulturgut" med Benjamins tankar om kunstverkets framtid i reproduksjonens tidsalder. Samstundes er den kunsthistoriske innsikta voven saman med ei frodig og fabulerande skildring av menneske, kultur og historie, først og fremst frå dei indre delane av Ryfylke der Fløgstad sjølv har sin bakgrunn, og der mykje av det beste i diktinga hans har grobotn.

Men det er min påstand at denne konsentrasjonen av kreativ kraft omkring dei delane av verket som eg med romanens eigen forteljar vil kalle "Stavangerfeltet", gjer dei andre delane mattare og flatare enn dei ellers kunne ha vore. I dette ligg det også ein påstand frå mi side om at Kron og mynt syner oss Fløgstad både frå det som alltid har vore hans aller beste side, og frå det som alltid har vore hans mindre imponerande sider.

II

Å gi eit samandrag av kva Fløgstads bøker handlar om, er alltid vanskeleg. Og i denne kjemperomanen på over 500 sider myldrar det meir intenst av figurar og forteljingar enn nokon sinne. Om eg seier at det skiljet som går gjennom romanen, fell saman med det skiljet Langfjella dreg mellom Austland og Vestland, må eg med ein gong leggje til at det Vestlandet som blir skildra ("Stavangerfeltet"), eig ei kulturhistorisk djupn som romanens Austland heilt manglar. Til gjengjeld forgreinar det moderne sosialdemokratiske Austlandet seg ut mot Fellesskapets Europa. I Austlands-delane av romanen er det den politiske broileren Gro Ruud som står i sentrum saman med familie, politiske venner og meir tilfeldig tilknytta personar i inn- og (særleg) utland. Kvar og ein får dei opptre i sine ofte fragmentariske delforteljingar: papirhistorikaren Johann Georg Bouziane frå det gamle DDR og barna hans, som viser seg å vere fødde av den same mytiske sirkuskvinna frå Moskva som gav liv til Tjerand Fonn i steindaud tilstand oppe på Gomalandet; den kubanske fridomskjemparen Nicolas Lézama som er nær ved å misse livet i Angola; den franske sosialisten og karrierepolitikaren Cocagne som blir køyrt flat av Samson Avsenius sin trailer; barndomsvenninna til Gro Ruud, Toril Bergaasmo, den utfloppa og neddopa ungjenta som blir TV-kjendis takka vere oppdikta forteljingar om incestovergrep, osv. osv. Eit virvar av personar som alle har det til felles at dei er flate, minimalistiske karakterar, monterte inn i delforteljingar som harselerer over tidstypiske fenomen, men som frå ein formell synsstad gir eit underleg inntrykk av å vere reine skriveøvingar, utprøvingar og framvisingar av narrative sjablongar. Austlands-delane startar med ei omstendeleg skildring av storflaumen i 1995. Den blir i sin tur ein metafor for Nei-sigeren hausten 1994, og etterkvart ein allmenn apokalypse-allegori ("kataklysme") utan særleg original kraft: Mot slutten av romanen breier syndfloda seg ut over Europa i form av noko så sært som ukontrollert utslepp av trykksverte ... Heile denne halvdelen av romanen er ein satire over tendensar og tilstandar som forsåvidt skrik etter eit satirisk geni (ikkje minst gjeld det den moderne profesjonaliserte politikken som Gro Ruud representerer). Men same kor glitrande romankunstnar Fløgstad er i sine beste stunder, så er han ikkje noko satirisk geni. I Kron og mynt blir han av og til direkte plump. Stortingsmeldinga om "kyrkjegardsasyl" som mor til Gro Ruud, byråsjef Berit Nilsen, får i oppdrag å føre i pennen, tykkjer eg faktisk at Fløgstad burde ha halde seg for god til å trykkje. Det same gjeld sleivsparka mot Helse-Norge mot slutten av romanen. Her ser det ut til at romanen kjem farleg nær å forveksle samfunnskritikk med populisme.

I den magisk-realistiske skildringa av "Stavanger-feltet", av menneske og levemåtar, kunst og religion i Stavanger og indre Ryfylke før og nå, maktar romanen derimot å halde lesaren fast slik berre stor romankunst kan. Det fabulerande og det resonnerande, eventyret og essayet, vev seg saman kring slekter og personar med besettande kraft. Den livsfjerne intellektuelle kunsthistorikaren Tjerand Fonn, spesialist på barokk kyrkjekunst og med eit særleg godt auga til bilethoggaren og treskjeraren Anders Smith frå 1600-talet (han som laga preikestolen i Stavanger Domkyrkje), fell like så organisk på plass i Ryfylke-naturen som oljegeologen Aa. Aavaath, romanens kvinnelege forteljar og "mjuke realist", med barndomsheimen sin her. Og Pål Seland, bondeson, industriarbeidar, likkistefabrikant, antikvitetshandlar og finansmagnat, ber på eit vis bondebarokkens svingande rytme med seg i sin forkjærleik for langorv-slåtten – ein kunst som også mange av oss i den verkelege verden med sorg ser i ferd med å gå under.

Tjerand Fonns refleksjonar kring kyrkjebarokkens formspråk blir ei uttrykksfull biletgjering både av dei voner og fordringar Fløgstad stiller til kunsten i dag, og av denne romanens eigen viltveksande og ornamentale struktur. Eit godt eksempel er måten forteljinga om Pål Seland er komponert på – i lange sveip der fortid og nåtid, biografi og anekdote, glir under og over i kvarandre som eit slags Møbius-band. Og samstundes er det eit heilt sentralt poeng for Fløgstad å få fram det eruptive og rett og slett orgastiske i denne kunsten. Tydeleg blir dette i dei kapitla der romanen lar Tjerand og forteljaren Aavaath betrakte preikestolen i Stavanger Domkyrkje, dominert av Samson-skulpturen der ein rett og slett kan førestille seg "den mannlege orgasmen [utskoren] i tre."

Men kva ligg eigentleg i denne kraftige erotiseringa av kunsten, som samstundes representerer eit av Fløgstads yndlingstema: profaneringa av det høge, kroppsleggjeringa av det åndelege (og som først og fremst kjem til uttrykk i den mangfaldige rolla det tradisjonelle kristne fiskesymbolet får spele i romanen)? Er det berre tale om eit uttrykk for frekk vitalisme ansikt til ansikt med eit tilvære utan høgare meining? På dette punktet kan det vere verdt å stanse litt opp, ta eit steg tilbake, og reflektere inn andre meir paradoksale sider ved romanens biletgjering av seg sjølv. I Det 7. klima reflekterer Salim Mahmood ein stad over bøker som "ein kvinnekropp der forfattaren hadde tømt seg." I Kron og mynt blir denne jamstillinga mellom boka, kvinnekroppen og ejakulasjonen henta inn att og konkretisert på tre ulike måtar. For det første ved at det er ein kvinneleg (og ikkje som vanleg er hos Fløgstad: ein mannleg) forteljar som fører ordet og dermed gir romanen substans. (Her må eg leggje til at det underlege namnet Fløgstad har laga til denne forteljaren, Aa. Aavaath, som assosierer til substantivet "avåt", utøy av det parasittiske slaget, bidrar på sin måte til profaneringstematikken: forteljaren som representant for dei siste og lågaste blant menneska). For det andre ved at denne forteljaren, den kvinnelege kroppsleggjeringa av tekstens trykkmasse, ein stad er hovudperson i ein reint pornografisk gruppesex-scene, der tre av dei mest mytiske figurane i romanen tømmer seg i henne samstundes. Og for det tredje (og viktigaste) ved at Samson Avsenius, ein like så eventyrleg figur som sin bibelske namnebror, heilt i begynnelsen tek livet av den unge kona si ved å sprøyte inn i henne ein "overdose sæd" på sjølve bryllaupsnatta. Men under obduksjonen finn rettsmedisinarane at hjarta og lungene hennar er forvandla til ein figur av storkna sæd – "ein strengt og meisterleg utført komposisjon, med nærast utskorne sceneri, [...] alt halde i ein bruskbarokk stil som den kunsthistorisk sakkunnige Harris Stenvig førte tilbake til arbeida frå Gudewerth-familiens verkstad i Eckernförde." Men dette barokke kyrkjekunstverket, som i form og motiv føregrip skildringa av preikestolen i Stavanger Domkyrkje, går etter ni månader i oppløysing og blir "til støv, og støvet til tid." Parallellen til den tekstualiserte kvinnekroppen i Det 7. klima er slåande: Også den forvandlar seg under kremeringa til "fjørlette små oskeflak", samstundes med at tida frys fast og står stille.

Alle desse samanhengane er udiskutable, men korleis skal ein tolke dei? Kva seier desse uhøyrde koplingane oss om den romanen som dei ser ut til å spegle på ein så insisterande måte? Seier dei oss noko om at også Kron og mynt fyllest opp av ein slags overdose, som får den til å storkne og stivne før den blir til støv, og deretter til tid? Gir dei til kjenne ein tvil og ei mistru til kunstens berekraft, som aldri er fråverande i Fløgstads bøker og som difor ofte bidrar til å setje dei i splid med seg sjølve? Eg tykkjer denne indre splid og tvil er tydeleg i Kron og mynt. For medan romanen har gitt seg fabuleringa i vald gjennom dei første delane – ned gjennom historia, inn i kunstens område, ut i dei mest eventyraktige overdrivingar, så er det som om forfattaren på eit visst punkt brått kjem på at denne mytisk-realistiske framfabuleringa av "store forteljingar" eigentleg er illusorisk verksemd. Dermed blir forteljingane til stivna fragment, løyser seg frå det fabulerte i ei underleg stilisert fordobling, peikar på sine eigne masker og seier: Vi er berre sjablongar, og knapt nok det. Slik blir lesaren på merkeleg vis ført frå den frodige Rabelais via den kjølig-reflekterte Borges til ein enda kjøligare parodi på den internasjonale flykiosk-litteraturens klisjéar; og derfrå blir vi kasta inn i ordspelets og "fiksfakseriets" verkstad, der Fløgstad aldri ser ut til å vilje ønske å vere noko anna enn ein trivialisert refleks av sin uutgrunnelege læremeister – den James Joyce som etter 15 års arbeid gav oss Finnegans Wake. Eg er heilt overtydd om at Fløgstad veit kva han gjer og gjer det han vil. Men eg har aldri forstått poenget med å legge så mange av blødmene på eit så uspennande og umorosamt nivå.

III

Kor god er så eigentleg Fløgstads roman? Spørsmålet risikerer å bli ein gjengangar i haustens "litteraturdebatt", etter at Bokklubben Nye Bøker nå for første gong siden Dalen Portland har sagt nei til ei bok frå hans hånd. Men andsynes ein så komplisert forfattarskap som Fløgstads, trur eg at slike enkle spørsmål (godt? dårleg?) berre kan produsere bomsvar i forhold til dei utfordringane som frå første stund har lege i bøkene hans. Kjartan Fløgstad er ein einvis forfattar; han nektar å la seg styre av både sur og velvillig kritikk; han går sitt eige løp og tar ikkje omsyn til om vi litterært veloppdragne kritikarar meiner han stundom blir både plump og bløt, umorosam og platt. (Slik som at når han byggjer denne romanen opp av hundreogeitt kapittel, så er det berre for å kunne legge til i det hundreogandre: "Nå er 101 ute!"). Den plassen han har fått i norsk etterkrigslitteratur, lar seg uansett ikkje diskutere, og eg er overtydd om at den einvise måten han har arbeidt med tinga sine på, har bidratt til den suvereniteten og slitestyrken som meir og meir pregar romanane hans. Det er bøker som ein ikkje gjer seg ferdig med etter éin gongs lesing. Dei krev å bli lesne opp att – slik all sterk litteratur krev.

Så spørsmålet bør sjølvsagt vendast den andre vegen: Kor gode er eigentleg det store gross av Bokklubbens Nye Bøker? Eg har ei kjensle av at det i løpet av dei snart 20 åra som dette distribusjonsfirmaet har eksistert, gradvis og nesten umerkande har snike seg inn ei trivialisering og kommersialisering av våre førestillingar om den gode roman. Det er eit faktum og ei forteneste at bokklubbane har vore i stand til å gjere eit relativt stort publikum interesserte i norsk samtidslitteratur. Men det er også eit faktum at medalja har ei bakside, at bokklubbane gjennom sine stadig tydelegare val har bidratt til å marginalisere meir krevjande prosaformer og styrke mainstream-estetikken som kvalitetsnorm. Dette har særleg (men ikkje berre) råka mange av våre yngre og mest talentfulle forfattarar.

Fram til i haust har Kjartan Fløgstad hatt høve til å nå det breie publikum av bokklubb-medlemmer. At denne nyaste boka hans, som i sine beste delar er fullt på høgde med det beste han har gjort, ikkje er med i tilbodet frå Bokklubben Nye Bøker denne hausten, seier meir om forfallet i Bokklubben, er eg redd, enn om Fløgstads kvalitetar. For den norske bokheimen er det eit bekymringsfullt symptom. Men vi må ikkje late som om det kjem uventa.

Publisert 16. september 1998 | Til toppen av siden