Jubileumshilsen Av Jens Stoltenberg
Tale «Børs og katedral»
Av Erik Must
Profil Et slag for amatøren
Lars Saabye Christensen intervjuet av Kåre Bulie
Profil «Det er vi som er de siste anarkistene»
Horace Engdahl intervjuet av Christian Kjelstrup
Refusjonsbrev
Av redaktør Johan Borgen
Novelle Yama
Av debutant Axel Jensen
Bildeserie Utvalgte Vinduet-forsider fra 1947 til 2007
Gjendiktninger Wallace Stevens’ alderdomsdikt
Til norsk ved Jan Erik Vold
Reiseskildring Noe om Georg Johannesen og liv og død-situasjoner – eller: Jeg vet ikke hva
Av Nils-Øivind Haagensen
Reiseskildring Om fingeren som ikke viser vei Av Andreas Viestad
Debattessay Intimitetstyranni? Av Espen Haavardsholm
Debattessay Innholdisme Av Per Bjørnar Grande
Haiku Seks haiku
Av Inge Haugane
Spalte Ein ganske fotnoterik guide til: Litterære jubileum
Av Are Kalvø
Bokomtale Møllerens skrift
Herta Müller: Mennesket er en stor fasan i verden og Alltid den samme snøen og alltid den samme onkelen

Av Kaja Schjerven Mollerin
Bokomtale Syngende prosa fra sør
Edward P. Jones: The Known World og All Aunt Hagar’s Children

Av Erik Bjerck Hagen

Innhold Vinduets novellenummer:

Leder

1. premie
Reidun Elise Foldøy: «Den store dagen»

Delt 2. premie
Karine Nyborg: «Det må være en grunn»
Eva Sannum: «Love me tender»

4.-10. premie
André Aronsen: «Marsha»
Lena Niemi: «En grav og gå til»
Arild Rossebø: «Magda og Ludvig»
Stein Slettebak Wangen: «Kjære liv»
Eivind Riise Hauge: «Fars sigaretter»
Tommy Kvarsvik: «Bil A, bil B og Tore – en studie i det rekonstruerte liv»
Knut Rage: «Ein stad finst det nokon»

Anmeldelse

Pikeliv i ei blokk i Damaskus
av Tor Obrestad

MiRee Abrahamsen
I skyggen av Qassioun
Roman. 254 sider
Cappelen 2001


Romanen skildrar ein syrisk familie innanfrå, sett med den 15-årige Rashas augo. Handlingen går føre seg i utkanten av Damaskus; i ei blokk i eit penere middelklassestrøk, i fjerde etasje i Mohaajrin-bydelen i Muhammed al-Kalabi-gata frå sommaren 1999 til sommaren 2000. Stilen er tradisjonell, forteljande og utan formelle eksperiment. Det utradisjonelle i boka er valet av geografi og miljø; ein norsk forfattar skildrar ein arabisk familie innanfrå.

Me møter far, Hamid, ein grafikar kring 50 år som jobbar i reklamebransjen, og mor, Leila, eit par år yngre, som steller huset. Familien har fire barn: Nadja, 25 år, som har gifta seg og flytta heimanfrå seks år tidlegare, men som ennå ikkje har barn. Rania, 21 år som er sekretær i eit møbelfirma og elskar jobben, men som forelskar seg i Saleh, ein lege på 32, og gir opp karrieren. Radwan,18 år, den einaste guten, han studerer. Og Rasha, 15 år (og som etterkvart blir 16), går på skule og drøymer om å bli soldat. Familien er muslimar av den meir liberale typen, faren var kommunist i yngre dagar. Sentralt i beretninga er farbror Hisham, også han kommunist, har arbeidd i mange år i Kviterussland, han er ungkar og opposisjonell i måten å vera på; «Onkel Hisham er den galeste person jeg kjenner», ein mann som endar opp med å bli HIV-smitta og blir borte frå soga. Det fins dessutan eit stort persongalleri som viser nyansane i det syriske storbysamfunnet.

Det er altså Rasha som fortel det heile gjennom indre monologar, vanleg forteljing, dialogar og dramatiske scenar. Det er ein styrke, ikkje minst fordi det er ein framifrå metode til å koma nær den syriske kvardagen på. Valet av synsvinkel har også si avgrensing eller problem, meir om det etterkvart.

Forteljinga tar oss innom dei mest vanlege familiehendingane i løpet av året: Varmen om sommaren, livet i blokka og naboane, transportsystema i byen med reiser i drosje eller minibussar, utflukter om helgene, gå i bad, gå på kino, kulturkollisjonane i det fleirkulturelle og fleir-religiøse samfunnet i byen under Qassioun-fjellet, og feiringa av Ramadan.

Dei meir dramatiske fokuseringane i beretninga er sentrerte kring Rania sitt bryllup, med utførleg beskriving av førebuingar, skikkar og økonomi, og med fleire svingar innom undertrykking og frigjering av kvinner, om bruk av hijaab eller ikkje; dessutan er framstillinga av den opposisjonelle onkelen som blir borte i den mystiske sjukdommen som ingen snakkar om, grundig. Endeleg fell tidspunktet for romanen si handling saman med diktator Hafez al-Assads sjukdom og død.

Men det viktigaste romanen forsøker å formidla er Rasha si mogning i sitt sekstande år, hennar langsame oppvakning til den smertefulle vaksne verda og den smertefulle vaksne kvinneverda. I løpet av året endrar soldatdraumane hennar seg til å bli draumar om å bli omsorgsperson i helsevesenet.

MiRee Abrahamsen har skrive ei viktig bok. Ho har hatt ei målsetning å skildra eit arabisk samfunn og ein arabisk familie innanfrå, «Jeg har lyst til å gi et innblikk i hvordan vanlige folk har det, og hvordan de tenker, – for å gi leserne et mer helhetlig bilde av samfunnet i Syria», og for å visa at folk har mange fellestrekk over alt, kor enn dei bur. For å klara dette har forfattaren gjort grundig leksearbeid, ho snakkar arabisk og har budd i Damaskus i fleire år. Likevel er det eit vågestykke ho har gitt seg i kast med, og ho balanserer også på slakk line.

Abrahamsen lykkast med prosjektet. Ho gir eit livaktig og etter mi oppfatning «sannferdig», dvs. illusjonsskapande, bilete av livet til den familien ho diktar opp. Ho åpnar Syria, eller i det minste, ein del av Damaskus, for meg. Det er spennande å følgja hennar utlegningar om livet i denne byen, sjølv om det framstilte av og til kan bli for vilja informativt og berekna på norske lesarar, og på grunn av dette ikkje forløyste, kunstnarleg sett, held framstillinga hennar av og til på å bryta illusjonen og gjera boka til eit sosiologisk kulturkommenterande verk. Likevel: Bare for desse kvalitetane aleine vil eg tilrå så mange som mogleg å lesa denne boka.

Boka er også viktig om ein les den som ein kommentar til kritikken mot norsk samtidslitteratur som mange reiser, blant andre Henrik Hovland i eit intervju i Klassekampen 1.2. i år. Han karakteriserer litteraturen vår som «ekstremt erfaringsløs» og seier mellom anna vidare:

Det finnes en virkelighet som det meste av den norske samtidslitteraturen ikke forholder seg til. Den norske tilværelsen er ekstremt beskyttet. Det er vi som er ekstreme. Og jeg tror vi blir perverse av det. Av å være så priviligerte.

Ingen har skildra denne perversiteten i det norske samfunnet innanfrå betre enn Dag Solstad. Men hadde me ikkje hatt prosabøker som denne til MiRee Abrahamsen, eller for den saks skuld Kjell Gjerseth, Henrik Hovland, Aage Borchgrevink, Wera Sæther, og dikta til ein del poetar som også viser at dei ser samtida utanfor, så hadde den norske litteraturen vore klaustrofobisk. Attåt dette kjem fleire og fleire bøker frå menneske som ikkje har ein einsidig norsk kulturell bakgrunn.

Det er vore eit mysterium for meg i fleire år at ikkje fleire ungdommar har nytta den materielle fridommen me har arbeidd fram til å orientera seg i verda utanfor Vika-provinsen, og skriva om det.

Åpningskapitlet i romanen er for meg det beste i boka. Forfattaren fører inn ein del element som viser spenningane i det syriske samfunnet på ein dramatisk måte. Kapitlet introduserer Rasha, samt ein vanleg ettermiddag i blokka der faren får besøk av ein kompis i blokka tvers overfor, Abou Sarsour. Dei skal spela sjakk og drikka. Abou er opposisjonell i sak, iallfall har han ein indre fridom som gjer han i stand til å halda narr av dei militære informantane som overvåker kvartalet frå sin post på taket av blokka, i Rasha sitt språk: «noen karer som leker gjemsel i mørke dresser der oppe på taket». Når denne Sarsour skal gå heim for å henta meir drikke, ramlar han ned av planken han balanserer på og døyr.

Dei indre spenningane i den syriske kvardagen som denne episoden viser følgjer ikkje romanen skikkeleg opp seinare. Delvis kjem denne dimensjonen innom historia om onkel Hishams sjukdom, delvis kjem den innom i historia om helgeutflukta til Golanhøgdene, men dimensjonen av alvor, desperasjon og undertrykking blir utydeleg. Syria er eit diktatur, og ein grensestat mot Israel. Denne posisjonen gjer at undertrykkinga har fått ein politisk aksept ut frå det nødvendige i den historiske situasjonen. Al-Assads diktatur har ikkje vore av det milde slaget, og eit kvart tenkande menneske vil vera prega av det på det konkrete, daglegdagse planet. Endå om Rasha tilhøyrer ein vellykka del av ein middelklassefamilie, ville eg tru at ho kunne ha eit skarpare medvit om desse konfliktane enn det som kjem til uttrykk i romanen. Syria var eit land i krig i år 2000. Kor er krigen i denne romanen, anna som ein utydeleg kulisse?

Iallfall vil det vera kunstnarleg nødvendig, slik eg ser det, i ei bok om Syria i dag, å visa desse spenningane. Det er også ein del av den arabiske kvardagen, om enn fordekt, uuttalt og livsfarleg, å gjera seg medviten om. Livet i Syria, trur eg, er hardare for Rasha enn det denne romanen gir uttrykk for. Ho skriv ein stad – «Det er som å sitte i en lun, pulserende celle». Det lune og pulserande er tatt vare på. Men det er ei celle, og veggene kunne kan henda vore klarare streka opp.

Og dermed har Abrahamsen eit problem når ho legg synsvinkelen hos den 15-årige Rasha. Sjølvsagt kan ei jente på hennar alder oppfatta spenningane og vera eit framifrå medium i ei kunstnarleg framstilling. Meister Ibsen brukte jo ei jente på Rashas alder for å visa råtaskapen og degenerasjonen i det norske borgarsamfunnet på 1880-talet. Nettopp Hedvigs uuttalte aning og vaknande medvit gjer lesaren i stand til å sjå dei elendige dimensjonane både i familien og i tida.

Men skal ein forfattar vera i stand til å gjera dette, må ho både ha ei analyse av den historiske situasjonen og ein presisjon i uttrykket som gjer dette mogleg. Det har ikkje MiRee Abrahamsen, sjølv om ho har skrive ein på mange måtar føredømleg roman om eit arabisk bysamfunn nå. Ho greier ikkje å fanga på ein skarp måte samfunnet sine store spenningar i portrettet av Rasha, og dermed blir ein del av stoffet forfattaren sit inne med uforløyst kunstnarleg sett. Om ein samanliknar denne romanen med romanen til Aage Borchgrevink om Albania, ligg ein stor skilnad nettopp her. Borchgrevink forsøker å fanga det store spelet og dei lange politiske og kulturelle linjene – og motsetningane – i sitt kvinneportrett.

Likevel er romanar som dette sjeldan vare på norsk. Dei som vil vera informerte om det spennande i den nye litteraturen må lesa denne boka.

Publisert 11. februar 2002 | Til toppen av siden