Jubileumshilsen Av Jens Stoltenberg
Tale «Børs og katedral»
Av Erik Must
Profil Et slag for amatøren
Lars Saabye Christensen intervjuet av Kre Bulie
Profil «Det er vi som er de siste anarkistene»
Horace Engdahl intervjuet av Christian Kjelstrup
Refusjonsbrev
Av redaktør Johan Borgen
Novelle Yama
Av debutant Axel Jensen
Bildeserie Utvalgte Vinduet-forsider fra 1947 til 2007
Gjendiktninger Wallace Stevens’ alderdomsdikt
Til norsk ved Jan Erik Vold
Reiseskildring Noe om Georg Johannesen og liv og død-situasjoner – eller: Jeg vet ikke hva
Av Nils-Øivind Haagensen
Reiseskildring Om fingeren som ikke viser vei Av Andreas Viestad
Debattessay Intimitetstyranni? Av Espen Haavardsholm
Debattessay Innholdisme Av Per Bjørnar Grande
Haiku Seks haiku
Av Inge Haugane
Spalte Ein ganske fotnoterik guide til: Litterære jubileum
Av Are Kalvø
Bokomtale Møllerens skrift
Herta Müller: Mennesket er en stor fasan i verden og Alltid den samme snøen og alltid den samme onkelen

Av Kaja Schjerven Mollerin
Bokomtale Syngende prosa fra sør
Edward P. Jones: The Known World og All Aunt Hagar’s Children

Av Erik Bjerck Hagen

Innhold Vinduets novellenummer:

Leder

1. premie
Reidun Elise Foldøy: «Den store dagen»

Delt 2. premie
Karine Nyborg: «Det må være en grunn»
Eva Sannum: «Love me tender»

4.-10. premie
André Aronsen: «Marsha»
Lena Niemi: «En grav og gå til»
Arild Rossebø: «Magda og Ludvig»
Stein Slettebak Wangen: «Kjære liv»
Eivind Riise Hauge: «Fars sigaretter»
Tommy Kvarsvik: «Bil A, bil B og Tore – en studie i det rekonstruerte liv»
Knut Rage: «Ein stad finst det nokon»

Anmeldelse

Flugefiske: skrift og romankonstruksjon
Eller p fisketur i Geir Pollens roman Hutchinsons Eftf. 1998, med streifkast mot den tidligare forfattarskapen
av Nora Simonhjell

Geir Pollen
Hutchinsons Eftf.
Gyldendal 1998


"Er det nerdete å være fluefisker?", spør ein i Dagbladet (14.08.98), og lar komikaren Bård Tufte Johansen og tjommiane, breie seg over to sider. "Ikke nå. Både fotball og fisking har hatt et kulturelt oppsving de siste åra. Erling Kagge kommer sikkert med en bok om fluefiske hvert øyeblikk, sier Bård". Men det var Geir Pollen som gjorde det! Det er ikkje rart, sidan Pollen har skrive ein roman om fisking før: Ål (1991). At Kagge gir ut Dikt for gutta er mindre interessant.


I romanen Hutchinsons Eftf. møter vi den siste etterkomaren av skotten Robert Dalton Hutchinson (1787 - 1842). Hutchinson blir rekna for å vere den som lærte nordmennene å fiske med fluge. Geir Pollen tar altså utgangspunkt i ein historisk person og gir han ein fiktiv etterkomar, Thomas R. Vibe. Etter faren sin død tar han Hutchinson-namnet til sitt eige. På romanen sitt notidsplan sit han, i London, etter ein fatal middag med den fascinerande kvinna, Solveig Fjellberg, og skriv. Vibe er oppteken av stamfaren sitt liv og fortida. Innanfor ramma av fiskingas estetikk blir både den personlege og slektsmessige fortida forsøkt forstått. For Pollen dannar fiskinga ei opning til refleksjonar kring kunsten sitt generelle opphav og moglegheitsvilkår, medan Tufte Johansen gjer flugefisking til underhaldning på fjernsynet. Desse to postulert motstridande haldningane til fisking illustrerer eit indre spenningsforhold i romanen.

Ein god roman utfordrar og provoserer. Ein god roman balanserer mellom det gripbare og det ein ikkje kan nå. Å lese ein god roman er som å få den største fisken i elva for heile sommaren. Fisken blir større og større, som romanen veks i minnet, og i forteljinga om. Fisking er lidenskap og kjærleik, og dessutan ei svært alvorleg sak. I essayet "Lystfiske og fiskelyst" (i Gjermund Andreassen: Eg ein fiskar, 1995:115) avviser Pollen den norske nemninga sportsfiske til fordel for den danske, lystfiske; " det einaste ordet eg misunner danskane". Ein fiskar av lyst. Ein les romanar av lyst og fordi ein vil møte noko anna. Begge aktivitetane gir opning for tanken. Det er her vi byrjar - i elva, i lenestolen, framfor pcn - å kaste fluger mot Pollens forfattarskap i håp om å fange Hutchinsons Eftf..

I det romanen byrjar er det førti dagar sidan den siste nære slektningen til Thomas R. Vibe, tante Martha, døde. Saman med den einarma Frøken Omsted, "en kvinne som ikke innbyr til berøring", driv han antikvariatet Hutchinsons Eftf. i Drammen. Frøken Omsted står fram som den rasjonelle og praktiske fornufta sin representant i romanen. "[A]ntikvariatets fremtid, og dermed vår egen, var tuftet på en intim omgang med det forgagne", og den største oppgåva deira er "å rydde hylleplass for det som var fremmed og hjemløst i vår egen tid".

"Fisk er konservative skapninger; de snapper ikke annerledes etter fluen i dag enn i går, gjør de?" Eit vellykka flugekast er avhengig av om ein greier å kontrollere toppen av stonga, (har eg lese meg til, for eg er ein markfiskar med berre teoretisk kjennskap til flugefiskinga sine estetiske svisj svisj). I eit flugekast er det stongtoppen som styrer lina. Går toppen av stonga i ein uryddig eller vinglete bane, vil også flugelina gjere det same og ein vil såleis korkje få til å kaste presist, effektivt eller elegant. I eit vanleg grunnkast blir stonga ført fram og attende i kasteretninga på ein slik måte at bakslengen og den komande framslengen dannar ei rett linje; framslengen og bakslengen står 180 grader i forhold til kvarandre. "Disse 180 grader er meget viktige for å gå pene linebukter, og derved riktige kast", skriv Atle Krogvold i innføringsboka Fisk med flue! Etter våre innlandsfisker med fluestang (1989:27).

Og tiden flyter langsomt; for lystfiskeren er det som om den står stille. Han fører sin fluestang frem og tilbake, frem og tilbake, og tenker at hvor stikker vel kunsten og lysten, om ikke nettopp i dette uforanderlige frem og tilbake, frem og tilbake, det samme i år, i fjor og alle år, som trekket i stangtuppen vitner om hver gang fluen skifter retning, men ikke i bane, i luften bak skulderen min

- som trekket i tanken, eller i lesinga vår. Geir Pollens romankonstruksjon i Hutchinsons Eftf. følgjer flugefiskaren sine repeterande grunnrørsler. Romanen er delt inn i fjorten kapittel, eller kast. Desse er korkje nummererte eller gjevne titlar. Kvart kapittel er så delt opp i mindre frittståande tekststykke: fram- og bakslengar. Egforteljaren vekslar mellom å gi historiske riss av sin eigen biografi og å skrive om familiens historie. Slik står det historiske og det kontemporære fram som motpolar i stadig endrande rørsler.

Fisking blir i Pollens fiktive univers sett som det totale sambandet med verda. Fiskaren er eitt med elementa rundt seg som i ein idealistisk draum om forholdet mellom delen og heilheita. Og i den prislønte romanen Ål frå 1991, kan vi lese: "Eg skulle få fiske igjen, eg skulle bort! Å fiske har for meg alltid betydd å komme bort, å forsvinne, ikkje i bokstavleg forstand, men metaforisk forstått, i åndeleg forstand å få gå opp i meg selv". Dette er ein utopisk draum som blir utfordra om vi lar denne romanen tale:

Er naturfølelsen naturlig? Jeg mener: Er mennesket skapt slik at det rett og slett føle noe annet for en bøk enn en bok; noe annet for naturen enn for en avbildning eller beskrivelse av naturen? Hvori består i så fall forskjellen mellom den følelsen en ekte ørretelv vekker i en og den følelsen en kunstnerisk fremstilt ørretelv vekker i en ørretfisker; er den ene følelsen en naturfølelse, den andre en kunstfølelse, eller er den noe tredje, noe midt i mellom? Eller er det i det hele tatt mulig å føle noen forskjell? Og hvis det er; hvordan kan forskjellen beskrives uten at den viskes ut? Og hvis det ikke er; hvordan kan man overhodet postulere at det eksisterer noe naturlig i motsetning til for eksempel noe kulturlig? Hvorfor går det ikke an å føle seg naturlig i all den tid mennesket utvilsomt bør henregnes til naturen? Jeg kan i alle fall ha til gode å gjøre det. Dvs. jeg aner ikke hvordan det skulle føles å føle seg naturlig, jeg ville ikke engang være i stand til å gjenkjenne følelsen hvis jeg følte den. Og hvorfor ikke? Fordi jeg frykter at vi alle er som Pavlovs hunder; vi sikler like ufortrødent av matsignalet som av maten?

Kulturlegvis vil eg ikkje gjere noko forsøk på å svare på desse spørsmåla, og egforteljaren i Hutchinsons Eftf. er da heller ingen fiskar. Han har derimot ei paramilitær fortid og NKS - brevkurs: "Selvskapsdans for begynnere"(!) som grunnutdanning.

Flugefiske og selskapsdans? Begge aktivitetane er prega av perfeksjon, og i begge tilfelle er det naudsynt med ein total kontroll over kroppen. Har ein det, kan det bli "en studie i rein narsissistisk handlingskunst" (1995:124): "Jeg lukket øynene og danset, danset". "Med den nyerobrede kroppsbeherskelsen tødde liksom hele jeg opp, ikke bare på danseparketten, men utenfor også. Jeg ristet av meg alt tilknappet og uomgjengelig, alt gråaktig og hovmodig, og ble i hovedtrekk den kvalitetsbevisste levemannen jeg siden har likt å betrakte meg som". Det er møtet med Solveig Fjellberg som rykker hovudpersonen ut av den narsissistiske trancen. Kanskje kan ein kalle dette hovudpersonen og romanen si første skaking. Pollen skriv om det løyndomsfulle og dragande ved flugefisking, og ved Solveig Fjellberg.

Skrivinga erstattar seinare dansen som antikvarens flukt, og fungerer som stamfaren sine turar til elva. Gjennom skrifta "fiskar" han etter tydingsamband i livet sitt og søkjer napp i det som har vore. Den skrivande antikvaren mimar såleis stamfarens jakt på "fluefiskeriets lystsentrum": "Herfra strømmet fluefiskerens overveldende opplevelse av å henge sammen med verden og livet ut til de fjerneste avkroker i kroppens hans, herfra hans bemerkelsesverdige evne til å forsvinne inn i øyeblikket og bli der en hel dag, i all all slags vær og vind, om det så skulle være".

Antikvarens liv er prega av ei sterkt framandgjort kjensle. Skakinga har i tråd med den beste modernistiske tradisjonen, ført han i utakt med verda, og han har på langt nær samband med dei fjernaste avkrokane av seg sjølv. Det blir hevda at heimløyse, er den moderne romanen si kjelde og tuft. Romanen er den viktigaste litterære forma i ei verd mennesket både føler seg framand og heime i, heiter det i Georg Lukács Theorie des Romans. I det moderne finn mennesket seg rykka ut av dei indre samanhengane, og kjenner seg framand for verda og seg sjølve. Lukács hevdar at den episke diktinga er eit uttrykk for dei mangslungne formene som mennesket sitt forhold til verda kan setjast inn i. Fråværet av overordna normer og overgripande system, er det moderne mennesket sin heimlause heim. Denne framandgjeringa er både ei indre og ei ytre form, og mennesket blir slik både refleksjonens kjelde og objekt.

Alt dette veit vi, og alt dette veit den høgt akademisk utdanna antikvaren. I Hutchinsons Eftf. er det den individuelle og vare persepsjonen som strukturerer den uutgrunnelege verda. Men er ho framand i seg sjølv; er ho framand for det kultiverte mennesket; eller er det persepsjonen som er utilstrekkeleg, og slik gjer verda framand? Eg vil ikkje spekulere i kva det komande tusenårsskiftet fører med seg, sjølv om denne romanen innbyr til slik filosofering. Eg trur, som ein spore til vidare tenking, at Geir Pollen syner oss ein annan veg enn det (post-) og modernismekritikken legg opp til.

Den flugesvingande komposisjonsteknikken finn vi også i Pollens to tidlegare romanar Fall (1994) og Ål. "Går det an å seie at eit tomrom blir tømt?", undrar ein av ålefiskarane i Ål (1991:31), seg. Sju år, to romanar og hundre sider seinare, finn vår roman sin antihelt ro på Niki Hotel 116 London Street, rom 417: "Her finst ingen tomrom jeg må fylle med meg selv". Det blir såleis vanskeleg å gripe egforteljaren. Tilværet hans er prega av ein sterk gjennomgripande distanse. Han er suveren i haldninga si til omverda og har den tilsynelatande kontrollen over både det historiske, det estetiske og det notidige universet. Måten han skriv på er prega av ei svært distansert haldning. Han går aldri heilt nært det han skriv om, distansen er det dominerande tempus. Skrifta hans er såleis ei realistisk skildring av detaljane på overflata og han held heile tida ein lakonisk distanse til seg sjølv og emnet sitt. Sjølv om det er rundt sitt eige liv og i biografien sin han leitar etter erkjenningsmessige opningar; svar på refleksjonen sine mange kvifor, kjem ein aldri inn på, eller klarar å danne seg eit bilete av kva for mann Thomas R. Vibe, er. Det er distansen som er det grunnleggjande grepet både Pollen og den fiktive skrivaren i romanen nyttar seg av. Dette skapar ein ironisk distanse, både i, og til, romanen sitt univers.

Danning og uro

Antikvaren er i London for å besøke "det eneste levende mennesket, ved siden av frøken Omsted, som etter tante Marthas død okkuperer en nevneverdig plass i livet mitt: Solveig Fjellberg. Solveig Fjellberg skilte seg ut" (rolla hennar i romanen er svært kompleks og ho burde fått meir merksemd enn det eg kan gi henne innanfor rammene av denne artikkelen). Solveig Fjellberg er kunsthistorikar med ei altoppslukande interesse for dronning Mauds garderobe. I London leitar ho etter den tapte brudekjolen. Både antikvaren: "Jeg er et menneske som lettere begeistres av mitt eget selskap enn av andres", og Solveig Fjellberg; "et menneske som har solgt sin sjel til estetikken", er svært opptekne av den ytre utsjånaden og dei små estetiske detaljane. Dei står begge fram som overestetiserte i romanen. Forholdet deira er reint estetisk og ikkje erotisk. Dei er begge berarar av den klassiske borgarlege danninga. Det forrige hundreåret - Robert Dalton Hutchinson og den unge prinsesse Mauds tid - var denne kulturen sine glansdagar. I dag er denne danninga langt frå allmenngyldig og lever best i lukka krinsar. Det er såleis den tapte og forelda etiketten, den klassiske danninga, som bestemmer kva dei gjer, og måten dei møtest på. I forholdet deira er det alltid dei estetiske detaljane som bestemmer. Forholdet får såleis eit usamtidig og kunstig preg over seg. Det første møtet deira var som følgjer: "Jeg heter Solveig Fjellberg. For et nydelig slips du har". Det er først etter det fatale (Solveig Fjellberg spyr! under ein svært fiiin middag) at antikvaren nærer erotiske kjensler for henne, men da er både kvinna og det reint estetiske tapt. Naturen lar seg ikkje temje...

Dette er på same tid både det uutgrundelege og det gåtefulle i romanen. Fascinasjonen for det altomfattande fører det skrivande eget ut i ei uro. Mot slutten av romanen, som også markerer skrivesituasjonen si byrjing, er skakinga voren djup eksistensiell uro. Det er det ekstraordinære som får antikvaren til å skrive. Fortida råder både på det personlege og erkjenningsmessige planet. Antikvaren skriv seg gjennom si eiga og slekta si historie. Han gjer tre riss i det fortidige. For det første er det den fjerne historia; stamfaren Robert Dalton Hutchinson sitt liv, så gir han eit bilde av sin eigen personlege biografi; barndommen, studietida, jobben ved militærforlegninga på Heidstadmoen, og møtet med Solveig Fjellberg. Desse to forhistoriene blir ført fram til den nære fortida; møtet med Solveig Fjellberg i London og den fatale kvelden saman med henne.

På alle desse tre plana er det spørsmålet om kva hendingar som har vore dei avgjerande for at noet har vorte slik det er, som er det sentrale. Dei eigne vala hans og hendingane i den nære fortida, blir sett i samband med familien sin myte. Dei tre tidsplana blir bundne saman i eit forsøk på å gripe det (tilsynelatande) kjende, det overskridande og det nye. Antikvaren har såleis inga aktivt handlande notid (utanom det å skrive), men berre fortid og ukjent framtid. Noet blir nytta i refleksjonen si teneste. Forsøka på å gripe det som har vore blir stadig meir utmalande. Tida blir såleis ein svært problematisk storleik i romanen. Når notidssituasjonen blir tømt for handling og fortida skrive fram med eit indre naudsyn, blir "noet" i seg sjølv frose. Notida blir med dette eit punkt der ulike stadier i det fortidige møtes og blir spela ut mot kvarandre, både i tanken og i skrifta. Noet blir såleis gjort om til ein augneblink for mogleg erkjenning. Men dette er likevel ein uklar veg, noko som blir forsterka ved start- og sluttsituasjonens resignerte "- nei, jeg visste ikke".

Egforteljaren skriv dei historiske epokane saman gjennom sine eigne tankar og refleksjonar i skriveaugneblinken. Antikvaren er fascinert av, og søkjer å sette seg inn i stamfaren sitt univers. Men det historiske og estetiske universet hans er tapt for all-tid. Antikvaren kan derfor aldri kome nærare det fortidige enn den refleksive avstandens konstruerte, og alltid utanforståande, distanserte nærleik. Erkjenninga av denne distansen tar antikvaren opp i, og utforskar gjennom skrifta. Skrivesituasjonen dannar den desillusjonerte ramma for egforteljarens rekonstruksjon av både sitt eige liv og "familiens røtter". Han kjempar mot "mudderfølelsen i livet. Forbannet være den. Forbannet være at du aldri kan skrubbe den av".

Skrivinga blir utløyst av eit erkjenningsmessig tap og fråvære. Skrifta blir såleis ein reiskap og eit forsøk på å gripe inn i det tapte, og å gjere det forgangne forståeleg. I skrivinga blir det danna korrespondansar mellom fleire nivå i det fortidige og det notidige. Men den nærleiken skrifta fører med seg er eit skinn av nærleik, men også det som får antikvaren til å fortelje. Dette er ein ontologi Pollens skrift alltid krinsar rundt, noko ein ser både i den tidlege lyrikken og i dei to tidlegare romanane hans. Dette skal eg kome attende til.

Altså blir jeg sittende. Jeg trenger heller ikke stille meg opp foran vinduet med de fem smijernssprinklene utenfor - fra sengen midt i rommet skaper de en fornemmelse av å betrakte verden gjennom et bur - for å holde øye med de to benkene i parkstripen som løper langs den andre siden av 39 Norfolk Square [Det er her Solveig Fjellberg bur, mi pres.]. De er tomme, i kveld også.

I forlenginga av dette er det viktig å minne om romantittelen: Hutchinson Eftf.. "Hutch" er den engelske nemninga for eit bur, eller ei kasse. Namnet og tradisjonen fungerer, som tittelen, til å understreke det innestengde universet og kor åleine antikvaren finn seg. Forkortinga "Eftf". manifesterer den amputasjonen av slekta han er i ferd med å gjere seg skuldig i. Slektshistoria blir ei klemmande ramme som han i skrifta både søkjer å forklare, halde fast og å overskride. Den poetiske sanninga avheng ikkje av at noko verkeleg har hendt, men i moglegheita av at noko kunne hende, heiter det i Aristoteles' Poetikk. Den estetiske verknaden byggjer såleis på den poetiske og ikkje den historiske sanninga. Pollen tar tak i eit historisk materiale og løftar det opp på eit meir allment refleksjonsplan. Dronning Maud er ein sentral skapnad i romanen. Det er ho som er det estetiske førebiletet til Solveig Fjellberg. Som ei klargjerande innføring til dronning Mauds garderobe, vil eg tilrå: Anne Kjellberg(!): Dronning Maud. Et liv - en motehistorie, frå 1995. Platt og lite nyansert kunne eg her gjort eit poeng ut av namnelikskapen mellom den fiktive kunsthistorikaren og Kunstindustrimuseet sin konservator. I trua på fiksjonens sjølvstende lar eg det vere. Når eg likevel tar opp dette er det fordi det peikar mot eit problem i Pollens roman: forholdet mellom dei historiske fakta og det fiktive. Det aristoteliske skiljet mellom historieskrivaren som skriv om det som har skjedd og diktaren som skriv om det som kunne hende blir utfordra av Pollen. Og sidan eg ikkje kan kommentere kvinna, går vi attende til den forlengst avdøde Robert Dalton Hutchinson. I 1839 gav Hutchinson for eiga rekning ut den vesle innføringsboka Fluefiskeriets Anvendelse i Norge. Denne boka er omlag 40 sider, og framleis svært inspirerande lesnad (i 1954 vart boka gjeve ut på ny i ei faksimileutgåve av Halvorsen og Børsums Antikvariat i Oslo). Fluefiskeriets Anvendelse i Norge spelar ei viktig rolle i romanen. Hos Hutchinson finn vi denne kjærleikserklæringa til flugefisket: "Ved den fuldkomne Nydelse af dette Slags Fiskerie ledes Fiskeren ind imellem de skjönneste og meest romantiske Naturscener, imedens han fölger Strömmernes interessante Löb, i det denne snart glider sagte igjennem Dalen, snart danner mægtige Vandfall" (1839:5) - ei var vi der.

Ved å nytte Hutchinson si personlege historie og verk som eit så tett litterært førelegg, reiser Pollen spørsmålet om det biografiske i forhold i litteraturen. I antikvaren si skrift blir dei historiske fakta, og dei notidige erfaringane til den fiktive etterkomaren jamstilte. Romanen blir slik både "historie" og "fiksjon". Pollens bruk av det historiske materialet er like fullt problematisk. Det "fiktive" og det "faktiske" glir over i kvarandre. Pollen set dei historiske fakta inn i ein ny og konstruert fiktiv ramme. Han skriv med utgangspunktet; kanskje var det dette som skjedde. Men i dette ligg det ei svært uklar grensesetting og eg føler meg ikkje sikker på om balansegangen mellom det private, det biografiske og det estetiske alltid er like vellykka. Spørsmålet blir da - kvar sluttar historia og kvar byrjar fiksjonen? - men svaret er ikkje det vesentlege å finne.

Det er den skotske flugefiskaren som er helten i familiemytologien. Etter han blir Hutchinson-familien prega av regresjon. For kvart ledd svinn familien - som eget på undergrunnsbanen i London: "Jeg krymper". Mangelen på fertilitet toppar seg ved antikvaren sitt ikkje-erotiske forhold til ei kvinne med redsel for "de vrengte navler": "For i Solveig Fjellberg, det oppdaget jeg for lenge siden, har jeg funnet en kvinne som uten et øyeblikk å virke affektert eller løgnaktig kan si at hun verken bryr seg om andres barn eller trakter etter å ha sine egne". Men det blir for enkelt å lese romanen som ein sentimental resignasjon over (u?)frivillig barnløyse.

Det siste mennesket vil ikkje vite
at det er det siste mennesket

Er det ikkje underleg? (frå: "Her blir så underleg", Posteringar i språket)

I denne romanen er det annleis. Den eksplisitte barnløysa kjem inn som ei nødvendig klargjering av det eksistensielle faktum at antikvaren er den siste med sitt blod. For etter han er det ingen att - dette er ikkje uvesentelg for forståinga av hovudpersonen og romanen som heilskap. Forsøket på å halde fast fortida gjennom skrifta blir antikvaren sitt skapande bidrag til ettertida. "Utenfor årene mine finnes det ikke en eneste dråpe Hutchinson-blod å oppdrive lenger. Fingrene som holder om pennen, knærne som støter opp i skrivebordskanten bare de rører seg, hodet som hviler i venstre hånd; de fem litrene som dag og natt strømmer gjennom meg, er definitivt de siste". Mellomaldrande mann i midtlivskrise? - Å ja! Enorm! At ein journalist i ein reportasje om stamfaren allereie har likvidert han med eit pennestrøk: "Så vidt vites er ingen av Hutchinson-familien i Norge lenger i live", gjer sjølvsagt ikkje identitetskrisa mindre. Tanken går til Solstad. Men det blir for enkelt å avfeie Hutchinsons Eftf. som ein parodisk variasjon over den inaktive virringa rundt solstaden. For hos Pollen er desillusjonen meir spørjande enn total, og det er ikkje fisk i alle hølar: Dessverre og heldigvis.

Hutchinsons Eftf. reiser spørsmål. Kva er eit menneske? Kva er eit liv? Kva tilfelle er det som gjer at ein sjølv blir slik som ein er? Er laganden og livsløpet noko som ligg i genane, i arv og miljø, eller er det eins eigne val som bestemmer? På mange måtar er dette alt for store og sjølvsagte spørsmål, men det er måten Geir Pollen nærmar seg dette materialet som er det fascinerande i romanen. For, "Jeg vet ikke hva som går for seg i et dødt legeme mens det ligger og venter på å komme i jorden". I språket vil døden alltid berre kunne bli eit substantiv. Ein vil aldri kunne uttømme eller skrive ut nyansane i døden sitt rike. Å gjere eit forsøk på dette er både absurd, men likevel nødvendig. "For en fryktelig og latterlig tid vi lever i!" I møtet med livets grensepunkt, tante Marthas død, kritiserer han tradisjonen, konvensjonen og danninga. Elles held han fast ved kutymen og finn trøyst her etter det fatale: "Det er ingenting som engelsk dannelse".

Skapande desillusjon

"Røyndommen er ikkje så blind som du trur": Hutchinsons Eftf. er den tredje romanen Geir Pollen har skrive. Han debuterte i 1982 med diktsamlinga Posteringar i språket. Tre år seinare kom Det planlagde kaos og i 1989, den vesle, men uuttømmelege samlinga Variasjonar I - XXX. Etter denne boka skifta Polen sjanger. Alle diktsamlingane hans er skrivne på nynorsk og det same er den prislønte debutromanen hans Ål frå 1991. Romanen Fall kom ut i 1994 og er som Hutchinsons Eftf. skrive på bokmål. Pollen beherskar begge målformene til fulle, og det er ein sann svir å lese ein forfattar med sin slik språkleg virtuositet og presisjon. Pollen er ein utprega stilist, med ein personleg og finslipen stil. Formuleringane hans er presise og såleis språkoppdagande for lesaren. I Hutchinsons Eftf. møter vi fleire "fotnotemennesker" og ei kvinne med "krystallglasstettfingre", (men kva kan ein bruke slike fingrar til?).

Sjanger- og målføreskiftet markerer to brot i forfattarskapen. Pollen sin forfattarskap er prega av eit personleg prosjekt og forfattarskapen hans får såleis integritet. Det er språket sine moglegheiter til å gripe verda, og det underlege ved mennesket si plassering i forhold til ho som opptek han. Sjangerskiftet er særleg interessant. I ein artikkel Pollen skreiv for Vinduet 2 - 85, finn vi dette hjartesukket: "Poesien har blir eit reservoar i det moderne samfunnet der poetane har fått pusle i fred med sjela si - på trygg avstand frå samfunnet". Skiftet av sjanger får med dette ei nødvendig motivering, for Pollen er ingen puslar. Konsekvensen i forfattarskapet ligg på det tematiske og estetiske planet.

Den programatiske debutsamlinga Posteringar i språket undersøkjer forholdet mellom ordet og tingen; tingen og mennesket; mennesket og ordet. Identitet og korleis mennesket held seg til verda står sentralt. Forholdet mellom mennesket og tingen er eit vilkårleg forhold, som forholdet mellom tingen og ordet. Kva er det diktaren ser? Og skriv diktaren i så fall om det han ser? Heile forfattarskapen til Pollen er prega av ei sterk interesse for språket og diktinga sine moglegheiter og grenser. Korleis kan ein nytte språket til å sette ord på verda rundt seg?

Språket slår over
i dødens enkle
tomrom

Null nærmar seg null

*

Korleis skape eit språk
som kan fasthalde dette
som overskrid språket

Eg undrast ikkje
Eg fryktar (frå: "Null nærmar seg null", Det planlagde kaos)

Pollens univers er gjennomgåande prega av ein skapande desillusjon. Verda er framand, diffus og til tider krystallklart uforståeleg. Dei menneska han skriv om opplever alle ei form for skaking. I romanane hans manifesterer skakinga seg på det individuelle planet, medan ho i lyrikken er meir altomfattande. Skakinga skiplar her verda på eit overindividuelt plan. Det vante blir brote opp og kvardagen blir annleis. Skakinga kan kome i form av eit dødsfall, ei ulykke, ein avskil eller liknande. Den realistiske ramma blir derimot alltid halden oppe, for det absurde i Pollens dikting ligg i utmalinga av det tilfeldige. Forsøka på å fange inn røyndommen blir skrivne fram gjennom stadig meir insisterande observasjonar. Ofte blir dette sett inn i ei metalitterær ramme. For hos Pollen er røyndommen alltid noko uutgrundeleg og mennesket distansert. Søkinga etter det nære og det gode er trass dette ei underliggande kjelde. Den tette poetiske samfunns- og språkkritikken ein finn i lyrikken, får meir intellektuell spenst ved dei lengre episke brotstykka romanane er bygd opp av. Ved å løyse opp det fortetta og den til tider kryptiske klarheita ein finn i lyrikken, til lengre tankemessige og erkjenningssøkande tekstblokkar, kjem desillusjonen sine mangefasetterte motsetningsspel betre til syne. Men dette tyder ikkje at den tidlege lyrikken hans er uinteressant i dag - tvert om.

Som vi ser er det ein sterk tematisk affinitet mellom Pollens tidlege lyriske forfattarskap og dei seinare romanane. "Det truende ligger i å peke på det som kan avlure hovedpersonen følelsen av å leve", skreiv Ingrid Lønnebotn i meldinga si av romanen Fall. ("Norsk ironi", Bergens Tidene, 10.04.95). Lønnebotn sin observasjon er også relevant i forhold til Hutchinsons Eftf.. Lure kjensla av å leve frå hovudpersonen - hm. La oss tilslutt prøve ei anna elv.

Poetikk
Det er godt at vi har verda
tinga omkring oss. Det er godt
at ein murstein i språket flyt
som Orfevs sitt hovud i havet

(frå Posteringar i språket, 1982)

Ambisiøs påstand: I romanen Hutchinsons Eftf. kombinerer Geir Pollen den vestlege kulturen sine to hovudkjelder: gresk mythos og den kristne førestellingsverda. Tapet av Solveig Fjellberg kan setjast inn i ei orfeisk ramme, medan den tause prøva viser attende til korleis Satan prøvde gudsonen i 40 dagar i Sinaiørkenen (sjå t.d. Mat. 4, 1-3). Antikvaren byrjar å skrive førti dagar etter at tante Martha er død. Han har da vore førti dagar åleine i verda. Denne tause prøva gir som tidlegare vist, ei opning til skriveprosessen. På den førtiande dagen møtte han Solveig Fjellberg, men ho svinn for han. Oppgåva hans blir etter dette å finne attende til det tapte riket; estetisk, biografisk og historisk. Men, dekonstuksjonistane har lært oss at språk er fråvære - liv er å gripe - såleis blir antikvarens estetiske (forkynnings)prosjekt allereie i utgangspunktet misslykka. Skrivinga fører derimot antikvaren fram til at han ikkje lenger veit kven han er, eller har vore. Den skrivande vender seg heile tida til verda og historia, man korleis kan ein skrive eller (be)skrive det ein har rundt seg og det som har vore? Orfeus snur seg. Han tapar Eurydike, kjærleiken og det vakre, men i det fatale vinn han songen i gåve. Å vende seg, og å vende seg om: "Viss ikkje du hadde vore så usynleg/ ville nok tinga ha ledd av deg", skriv Pollen i diktet "Språkets paradis" frå 1982.

Kunsten sitt opphav blir i Hutchinsons Eftf. sett saman med både ein prøve og eit tap. Undergangen blir den nye estetiske skapinga si tuft. Gjennom å skrive går antikvaren frå å vere ein reint estetisk nytar, ein persipient til å bli ein aktiv skapar. Dette skjer i eit forsøk på å uttømme, eller å gripe det fortidige både i sitt eige liv og i slekta si historie. Skrivinga blir såleis ei konkret skaping. Ved dette skjer det ei forskyving frå den kontemplative, distanserte og nytande ikkje-deltakande haldninga til verda, til at han gjennom skrifta rettar seg meir direkte til verda i eit forsøk på å forstå og å gripe. Men skrifta er i seg sjølv ei distansering. Skrivingas objekt, diktinga sin gjenstand (stamfaren og Solveig Fjellberg) er begge vortne borte.

Skrivinga blir såleis ein forsøksvis kritisk erkjenningsprosess, men i denne ligg det ikkje ei avstandstaking frå den tidlegare tilstanden. I staden skriv antikvaren både den fjerne og den nære historia fram på ein forklarande, men samstundes søkjande presis måte. Han gjer greie for sitt eige liv, samstundes som han prøvar å sette dei private erfaringane inn i ein meir generell og allmenn samanheng. Genealogien, som skrivinga sitt objekt, fører fram til ei drøfting av kunsten og livets vesen. I forhold til dette spørsmålet er forteljaren ambivalent: "livet er forferdelig" - "jeg er et lykkelig menneske". Polariteten fører tilbake til skrifta sitt utgangspunkt på det vesle hotellrommet i London. Romanen får såleis ein svært open slutt. "Jeg så meg omkring. Nattbordslampen til Solveig Fjellberg var tent og slukket: Jeg tenkte: "Verden og du er like: det er snart ingenting igjen av noen av dere". Så reiste jeg meg og spaserte tilbake til Niki Hotel for å skrive hjem til frøken Omsted om at hun ikke måtte vente meg før - nei, jeg viste ikke". Det ukjende kjem med dette inn som ei mogleg redning for antikvaren sitt egsvinn. Dette ukjende noko er annleis og udefinert. Det uvisse blir såleis ei skurrande utforsking av historisitet, og forholdet mellom det som har skjedd og det som kanskje kunne hende. Hutchinsons Eftf. blir såleis ein spennande kunstnarroman, ein metaroman om kunsten sitt opphav og mogelheitsvilkår. Det er gjennom dette Geir Pollen sin roman er overlegen, trass det før nemde fiksjonalitetsproblemet. Men, kva er litteratur, om ikkje eit uutgrunneleg møte mellom språk og verd? "Eg verken kan eller vil gå nærmare inn på slike filosofiske spørsmål", seier åleforskaren i Ål. Eg gjer orda hans til mine, medan eg ser over fiskegreiene i lengt etter neste romans fisk.

Publisert 21. oktober 1998 | Til toppen av siden