Jubileumshilsen Av Jens Stoltenberg
Tale «Børs og katedral»
Av Erik Must
Profil Et slag for amatøren
Lars Saabye Christensen intervjuet av Kåre Bulie
Profil «Det er vi som er de siste anarkistene»
Horace Engdahl intervjuet av Christian Kjelstrup
Refusjonsbrev
Av redaktør Johan Borgen
Novelle Yama
Av debutant Axel Jensen
Bildeserie Utvalgte Vinduet-forsider fra 1947 til 2007
Gjendiktninger Wallace Stevens’ alderdomsdikt
Til norsk ved Jan Erik Vold
Reiseskildring Noe om Georg Johannesen og liv og død-situasjoner – eller: Jeg vet ikke hva
Av Nils-Øivind Haagensen
Reiseskildring Om fingeren som ikke viser vei Av Andreas Viestad
Debattessay Intimitetstyranni? Av Espen Haavardsholm
Debattessay Innholdisme Av Per Bjørnar Grande
Haiku Seks haiku
Av Inge Haugane
Spalte Ein ganske fotnoterik guide til: Litterære jubileum
Av Are Kalvø
Bokomtale Møllerens skrift
Herta Müller: Mennesket er en stor fasan i verden og Alltid den samme snøen og alltid den samme onkelen

Av Kaja Schjerven Mollerin
Bokomtale Syngende prosa fra sør
Edward P. Jones: The Known World og All Aunt Hagar’s Children

Av Erik Bjerck Hagen

Innhold Vinduets novellenummer:

Leder

1. premie
Reidun Elise Foldøy: «Den store dagen»

Delt 2. premie
Karine Nyborg: «Det må være en grunn»
Eva Sannum: «Love me tender»

4.-10. premie
André Aronsen: «Marsha»
Lena Niemi: «En grav og gå til»
Arild Rossebø: «Magda og Ludvig»
Stein Slettebak Wangen: «Kjære liv»
Eivind Riise Hauge: «Fars sigaretter»
Tommy Kvarsvik: «Bil A, bil B og Tore – en studie i det rekonstruerte liv»
Knut Rage: «Ein stad finst det nokon»

Anmeldelse

Springande punkt
Norsk samtidsorientering 1998
av Hans Marius Hansteen

I

Den mest brukbare definisjonen av "intellektuelle" er folk som ikkje driv med kroppsarbeid. Nyttar vi nemninga verdinøytralt, høyrer vel ingeniørar, byråkratar, lærarar og journalistar til dei viktigaste intellektuelle yrkesgruppene. Kva jobben går ut på, er skildra av Aristoteles i Retorikken: Det gjeld å finna og framstilla dei overtydande momenta i eit emne. Normal intellektuell verksemd – inkludert såkalla kritikk – utspelar seg innafor eit sett av etablerte måtar å sjå verda på. No finst det også ein sterkt verdiladd bruk av nemninga "intellektuell", som viser til den motsette haldninga, som også vert sagt å særprega essayet. Det handlar om å finna springande punkt: Dei konfliktfylte, fleirtydige og ambivalente stadene i etablerte tenke-, skrive- og snakkemåtar. Essayet leitar etter moglege vendepunkt, spørsmåla det står og fell med. Sjølv står og fell det med evna til å formulera dei.


Det stoffet eg skal gjera greie for her, er fire bøker som kom ut sist haust. For å unngå ei ørkeslaus drøfting av essayets vesen, vil eg halda meg til det som står på dei: Vinternotater av Henning Hagerup har nemninga "essays" på smussomslaget, Det romantiske opprør av Erik Bystad både utanpå og på tittelbladet, medan Det postmoderne og de intellektuelle av Eivind Røssaak ifølgje omslag og tittelblad inneheld "essays og samtaler". Såleis skil Dei ytterste ting av Kjartan Fløgstad seg ikkje berre ut ved å vera ei lita bok på knapt 60 sider, men òg ved genrenemninga "nødvendighetsartiklar". – Kva slag bøker er det så vi har å gjera med? Den til Hagerup er den største, nesten 350 sider, og den einaste som er innbunden, noko som tykkjest rimeleg, ettersom det er ei bok å koma attende til. Då er det bra at ho ikkje berre står støtt, men også står seg godt i hylla. Vakre sakprosabøker er sjeldan vare, men så er dét og ei sjeldan vakker sakprosa vi har å gjera med. Boka til Fløgstad las eg på ein kveld, utan dermed å bli ferdig med henne. Midt imellom kjem Røssaak og Bystad sine bøker, dei er mellomstore og ser ut slik bøker gjer for tida. Når dei er komne på plass, vert dei vanskeleg å finna att, men det spørst om det er verd å leita heller.

Det er forståleg om lesaren spør seg om desse bøkene har anna til felles enn at eg her omtaler dei samla. Eg har lurt på det sjølv. Det er ytre årsaker til at det skjer; bøkene kom ut på same tid. Å leita etter grunnar til å halda dei saman, har lite for seg. Men kanskje vi oftare skulle gjera ei dygd av det tilfeldige? Når bøkene først ligg ved sidan av kvarandre, viser det seg mogleg å finna møtepunkt, sambandsliner og skjæringsflater. Det vi har å gjera med er fire samtidige freistnader på samtidsorientering. Alle handlar om samtida som overgangstid. No er ei kvar tid ei overgangstid, noko dei fire forfattarene alle er klår over: Det dei spør om, er kva for overgang vi står i no.

II

Erik Bystad legg opp til ein nærast altomfattande problematikk: Motsetningsfulle trekk ved samtida vert lesne som uttrykk for ein universalhistorisk dualisme, ei splitting mellom natur og menneske som krev ein åndeleg revolusjon som romantikken førespeglar: "Det finnes i romantikken et løfte om forvandling og nyskapelse som nettopp den romantiske musikken har innfridd (og igjen og igjen kan innfri), men som ennå ikke er virkeliggjort i den synlige og ytre verden. Kanskje er det denne virkeliggjøringen vi venter på, nesten uten å vite det." (s. 189) – Bystad vil minna om at det verdslege berre finst som motsetnaden til det heilage; tilgang til denne åndelege dimensjonen av tilveret har vi gjennom poetisk og religiøs openberring, som djupast sett er eitt og det same. "Med den russiske filosofen Vladimir Solovjovs ord er menneskets oppgave å utvikle menneskeheten til en Gudemenneskehet. Praktisk og politisk innebærer det blant annet et nytt ansvar overfor natur og skaperverk. Religiøst sett innebærer det å ha forlatt de barnekår som engang opplevdes som absolutte – hvilket også vil si en ny frihet." (s. 131)

Boka til Eivind Røssaak presenterer seg som "det første systematiske forsøket på å lage et visst antall historier om det postmoderne som ikke bare dekker utlandet, men også Norgeshistorien" (s 9) Når Røssaak skriv om det postmoderne og dei intellektuelle er det av di han leiter etter orienteringspunkt for kritisk tenking etter katastrofene i det 20. hundreåret: "Jeg tror ikke vi helt enkelt befinner oss i en ny postmoderne epoke og at moderniteten og dens farer er over. Situasjonen er ambivalent." (s. 7) Farane er knytta til lengta etter det eintydige. Følgjeleg tek Røssaak avstand frå at "det moderne" og "det postmoderne" skulle vera å sjå som éintydige storleikar. "Jeg vil forsøke å nærme meg det i det postmoderne som kan være et fornyende element i en kritisk diskurs, og som ikke helt enkelt kan la seg redusere til en trend i tiden. Det handler om motstand og det handler om åpenhet, en spesiell type åpenhet til usikkerhet, tvetydighet og forandring både i kunsten, etikken og politikken. (s. 8)

Forandringar i kunsten, etikken og politikken er emne for Fløgstad sine "nødvendighetsartiklar". Han insisterer på å skjøna moderniteten som det kulturelle uttrykket for kapitalismen. Dei fenomena han skriv om (verdikommisjonen, mediekapitalen og Luciano Fabros skulptur "Il Nido" på Vedøya utanfor Røst) vert sett i samanheng med endringar så grunnleggjande at det einaste som ikkje endrar seg er det grunnleggjande: At kapitalismen er ein motsetningsfull heilskap. "Ein ting er at Muren i Berlin har falle, ja eg heldt på å gå så langt som å seia at ein ting er faen meg at Muren i Berlin har falle. Ein annan ting er at den same Muren ser ut til å ha falle rett i hovudet på ein halv generasjon gamle venstreintellektuelle, som framleis ravar rundt med prahadisiske førestillingar om det nye Europa, utan å ana at endeveggen for vår fridom ikkje er Die Mauer av Erich Honecker, men The Wall av Pink Floyd." (s. 8) Fløgstad er talsmann for noko så umoderne som eit modernistisk medvit om at ein ikkje kan unngå å forhalda seg til heilskapen, sjølv om det ligg i omgrepet om heilskapen at det ikkje kan setjast på omgrep.

Henning Hagerup si bok er ei samling utidsmessige betraktningar om kunsten og livet, med Gilgamesj og Golfkrigen som historiske ytterpunkt. Boka er samtidskritisk ved å minna om dét som går tapt; Hagerup orienterer seg mot den europeiske humanismen utan å sverma for det nye Europa. "’Det gamle Europa’ er, slik jeg forstår det, et ideal som er blitt fortid uten å ha blitt realisert. Middelalderens og renessansens humanister, opplysningstidens og romantikkens filosofer og diktere, tilhengere av diverse religiøse, politiske og ideologiske retninger i vårt eget århundre, har alle sammen, ut fra varierende optikk, vært representanter for dette idealet. Det som er i ferd med å forsvinne, er ikke bare en viss type skolering og et visst referansegrunnlag, men en basal forståelse av umoderne fenomener som menneskelighet, erkjennelse og rettferdighet. Når ordet ’fellesskap’ nesten er blitt et synonym for EU, sitter vi ikke igjen med noe annet enn en flau og forvrengt variant av den samhørighetsdrømmen som engang førte til Schillers jublende utrop ’Alle Menschen werden Brüder’." (s. 19f)

III

Det kan her vera på sin plass å skilja mellom informativ og eksemplarisk samtidsorientering. I boka til Røssaak vert lesaren orientert om intellektuelle straumdrag og posisjonar i ei samtid som finn stad utanfor landet vårt. I den grad forteljingane hans dekkjer norsk historie, er det ved å opplysa når, kor og av kven utanlandske teoriar vart importerte (spørsmål om kvifor, korleis og med kva for verknader vert lite drøfta). Ved å vera informativ på denne måten, skil Det postmoderne og de intellektuelle seg ut frå dei andre bøkene. Dei viser snarare fram (eksemplifiserer) ulike måtar å orientera seg i samtida på, og med dette tek forfattarane også på seg større risiko.

Alt tittelen "Det postmodere og de intellektuelle" markerer ei distansert forfattarhaldning som gjer Røssaak si bok irriterande: Lesaren vert invitert på sightseeing i det postmoderne. Men viss det "de intellektuelle" steller med faktisk er viktig, så er det vel også viktig å utfordra tilskodarrolla? – Rett skal vera rett: Dette er god forskingsjournalistiskk, og slikt noko treng vi meir av. Røssaak har greie på dét han skriv om, og innsikt i vilkåra for formidling av stoffområdet sitt: Filosofiske og hermeneutiske disiplinar handlar oftast om "ei forming av det forma", og då er "essay og samtalar" ein høveleg genre. Men i denne boka er det for mykje som vert nemnt og omtalt utan å bli framstilt og drøfta. Slikt noko kan ha ein orienterande funksjon, men det spørs om ikkje dét er meir på sin plass i aviser og tidsskrift enn i bøker.

Døme: På side 43 viser Røssaak til Bjørn Kvalsvik Nicolaysen si etterlysing av grundigare analyser av Lyotards teoriar om slutten på dei store forteljingane, med særleg omsyn til forståinga av vårt eige land. Og noko slikt er det jo Røssaak stilte oss i utsikt i forordet. Men boka gjev ikkje noko bidrag til analysen eller drøftinga av Lyotard sine teoriar. Det vi får er ei gjenforteljing av den store forteljinga om slutten på dei store forteljingane: "Dødsstøtet for den økonomiske liberalismens Utopi kom med børskrakkene på 70-tallet, dødsstøtet for fascismens Utopi kom da Holocaust ble kjent, dødsstøtet for kommunismens Utopi kom da Gulag ble kjent, ifølge Lyotard. Det finnes ingen Utopier eller store fortellinger den intellektuelle kan støtte seg til." (s. 33) Det er litt uklårt om dei intellektuelle er blitt forført av det trehoda trollet Utopi, eller om det er dei intellektuelle som er trollet, som forførte ein heil masse folk med "metafortellinger, autoriteter og autoritative tekster". Helten er sjølvsagt antihelten: "en slags ’intellektuell på lavbluss’, en ’mindre motstand’, men en pågående og på lang sikt mye viktigere motstand." (sst.) Det er eit vakkert eventyr, men det er og blir eit eventyr. Vi kan i alle fall slå fast at sidan slutten av 70-talet har ulike typer liberalisme dominert politisk og økonomisk teori, markante utopistar som Reagan og Thatcher har hatt politiske leiarstillingar, og marknadsliberalismen er institusjonalisert som globalt system.

Det mest interessante kapitlet i Det postmoderne og de intellektuelle er "Filosofiens tonebrist". Det handlar om korleis forsvar av opplysningstenkinga uvegerleg vert farga av dét ho vil forsvara seg mot: "Det kan virke som Derrida tar parti for et resonnement som verken er lik opplysningsfilosofiens apokalypse (total gjennomlysning og avsløring) eller mystagogens apokalypse (filosofiens død). Han plasserer seg i midten eller på kanten og stiller det spørsmålet som stemmemetafysikeren Kant aldri stiller: ’Hvordan kan man skille ut den andres stemmer i en selv?’" (Røssaak s 67)

Dette er eit avgjerande spørsmål, sjølv om eller nettopp av di det ikkje kan avgjerast ein gong for alle. Det er eit viktig spørsmål både i kunsten, etikken og politikken. Ein bodskap kjem aldri åleine. Kven snakkar når eg skriv? Kven skriv seg inn i min tale? – Røssaak unngår ikkje problemet sjølv. Den summariske dødserklæringa over utopiane gjer tre ting på ein gong: Kritikk av den reellt eksisterande kapitalismen (liberalisme) vert uråd, farene den fører med seg (fascisme) vert undervurdert, og vona om eit betre samfunn (kommunisme) vert diskreditert. At det neppe er tilsikta, gjer ikkje saka betre.

Som eit motstykke siterer eg frå Fløgstad sin artikkel om "Maskinen i ånda": "Gjennom den sosialistiske verdrørsla, både i kommunistisk og sosialistisk utgåve, blei dei fattige, eigedomslause og utstøytte i almugen og underklassen moderniserte til arbeidarklasse, til stolt og sjølvmedvite proletariat. Som opprørsk, revolusjonært subjekt blei arbeidarklassen del av, for ikkje å seia den sterkaste bæraren av det moderne prosjektet. Dette er utan samanlikning den viktigaste verdien ved moderniteten. Ei av følgjene av at klassekampen nå har implodert, både nasjonalt og internasjonalt, er at frå å vera eit moderne, politisk proletariat, prøvar makthavarane på ny å støyta underklassen ut av moderniteten og skapa den om til ein postmoderne, plebeisk, rå og forblinda almuge, som ravar rundt i eit massemedialt ideologisk mørkre, i den svartaste politiske Gronatta, med Hagen som mørkrets fyrste." (s. 21) – Det kan vera at nokon vil meine at dette er eit døme på "den totaliserende lengsel" (jf Røssaak og Neumann i Vinduets nettutgåve). I så fall vil eg tilrå å lesa Røssaak sitt intervju med G. C. Spivak som introduksjon til Dei ytterste ting.

IV

Tanken om at apokalypsen følgjer opplysninga som skugge eller dobbeltgjengar vert elles ein ironisk kommentar til Erik Bystad si bok om Det romantiske opprør. Bystad legg friskt opp eit universalhistorisk perspektiv og unnslår seg korkje apokalypse eller mystikk. Men motet sviktar når det kjem til stykket: Den grensesprengande bodskapen vert formidla i ein underleg snusfornuftig tone. Boka breier seg ut om dei største spørsmål, men utan å utdjupa eller skjerpa dei. Forfattaren maktar iallfall ikkje å overtyda meg om at meditasjonar over Olav Aukrusts visjonsdikting skulle få i stand noka tilnærming til ein åndeleg revolusjon. Det treng ikkje vera Aukrust sin feil. "Jeg har mine personlige grunner til å feste tiltro til sannheten i Olav Aukrusts visjonære budskap," skriv Bystad, men disse hører ikke hjemme i denne sammenhengen." (s 81) Det er mange respektable grunnar til å halda sine eigne tankar og opplevingar attende. Men tiltrua til at det særskilde er uttrykk for det allmenne og at det personlege kan gjevast allmengyldig uttrykk, er bærande element i romantikken, så nettopp i denne samanhengen ville det vore på sin plass om Bystad hadde vågd seg på å vera personleg. Kanskje kunne ein sterkare patos gjort framstillinga meir truverdig. For Bystad vel ikkje det motsette alternativet, nemleg å skjula seg bak filologisk pietet.

Vinternotater er ikkje ei bok om det romantiske, men romantikken er likevel ein viktig horisont for Henning Hagerup sitt utsyn. Boka minner meg om dei beste lærarane eg har hatt; dei som fekk meg interessert ved å visa fram sitt eige engasjement. Hagerup skriv med ein stille patos som først og fremst kjem til uttrykk gjennom ein grundigheit i omgangen med dei tekstane han skriv om, utan at han legg skjul på at han har sine eigne grunnar til å bry seg om dei. Eg er ikkje lærd nok til å drøfta dei lesingane han legg fram, men eg er ikkje i tvil om at dei held høgt fagleg nivå, litteraturhistorisk og -analytisk. For ein som ikkje er litteraturvitar, er det ein fryd å lesa litterære essay som nyttar litteraturvitskaplege innsiktar utan å vera overstyrte av eitt eller anna vitskapsideal. Dei er interessante også når dei handlar om verk og forfattarar som eg ikkje kjenner og veit med meg sjølv at eg ikkje kjem til å lesa.

Romantikken er ein horisont, men ikkje ei avgrensing hjå Hagerup. Det historiske spennet hans er som nemnt større. Men romantikken har prega sjølve det moderne kunstomgrepet på så avgjerande måter at det er uråd å tenkja klårt om (skjønn)litteratur utan å forhalda seg til det. Dét tyder også at det er naudsynt å overskrida førestellingane vi har om det romantiske, mellom anna ved å undersøkja verk og forfattarskap frå romantikken. Hagerup ser ut til å følgje Brechts råd: "Glozt nicht so romantisch". Det gjeld å ikkje glane romantisk, aller minst på romantikken. Slik kan Hagerup få syn for Goethe som "Den lystige fra Weimar", som har ei livskraft som den historiske resepsjonen har eliminert: "Han er blitt sanktifisert, forgudet, plassert på en pidestall hvor ordet VISDOM står skrevet med størst tenkelige bokstaver, mens begreper som ’seer’, ’uutgrunnelig’ og ’dyp’ blir anvendt til overmål i omtalene av ham." (s. 109) Ved å dra fram det komiske, platte og grove gjev Hagerup ikkje berre eit meir nyansert – og festlegare – bilete av Goethe. Han får fram eit viktig perspektiv på moderne og modernistisk kunst i det heile; det nære sambandet mellom det opphøyde og det latterlege.

Den som opphøyer kunsten, står alltid i fare for å gjera seg latterleg. Men den som ikkje våger å gjera seg til latter, er utlevert til det prosaiske. Hagerup sin gamaleuropeiske humanisme sameinar estetisk sensibilitet og kritisk tenkjing: "Den som både kan finlese et dikt og gjennomskue politiske strategier, er for meg en ekte representant for dette idealet." (s. 28) Boka hans er eit døme på dette.

V

Når Kjartan Fløgstad gjev den vesle boka si genrenemninga "nødvendighetsartiklar", er det nærliggjande å lesa dette som ein indirekte allusjon til Vinje. I alle høve skreiv Paul Botten-Hansen då Ferdaminne kom ut at det Vinje skreiv var blitt "nødvendighetsartiklar" for mange – då helst for dei som ikkje kjende seg att i det offisielle biletet av landet vårt, kan eg tenkja meg. Prosjektet og metoden til Fløgstad er som kjend i slekt med Vinje; begge forfattarskapa er sosiologiske og sosialøkonomiske i grunntendensen. Og som hjå Vinje – og Henning Hagerup – er medvitet om skyldskapen mellom det sublime og det latterlege bærande hjå Fløgstad. Slik ender til dømes den tungt subsidierte kunstopplevinga hans ved fuglefjellet på Vedøya utanfor Røst i Nordland: "Under det svevade fjellet som syng med tusen strupar og ved sidan av kunstverktet står eg og kjenner at det tar til å regna kvitt nedover meg. Eg ser opp og ser at det er det kvite, syngande, svevande fjellet som drit meg ut." (s. 39)

Kunsten er ideologien til det seinmoderne, skriv Fløgstad: "Det har lenge vore klårt at den moderne kunstmarknaden står modell for sjølvbiletet til den seinmoderne marknadsøkonomien. Handa til kunstnaren, som styrer pensel og palett, eller feisel, eller blyant og tastatur, er den eigentlege Usynlege Handa, som styrer sambandslinene mellom det verkelege og det verdifulle, fram mot eit innbringande og fullkomme resultat." (s. 46) Kapitalismen omskapar verda i sitt eige bilete. Verda framstår som ein tragisk parodi av Kants idé om det skjønne: Når alle mål er middel vert samfunnsheilskapen føremålstenleg utan føremål. – I denne situasjonen kan kunsten ikkje vera kritisk på annan måte enn ved sin blotte eksistens; som meinings- og føremålslaust protesterer verket mot den allmenne føremålsrasjonaliteten. Samstundes er denne eksistensen berre mogleg for verk som ikkje vil vera kunst; som nektar å innordna seg "eit sentralt media-industrielt kompleks som er i full gang med å fusjonera underhaldningsbransjen, protestbransjen, sportsbransjen, databransjen, kunstbransjen, reklamebransjen, sosialistbransjen, samfunnsforskingsbransjen, nyhetsbransjen og politikkbransjen til ein overnasjonal og overjordisk frittsvevande maktstruktur." (s. 45)

Essaybransjen er fanga i dei same paradoksa: Det finst ein kritikkindustri som gjer kritikk uråd og naudsynt på same tid. Fløgstad sin formel for utviklinga i kapitalismen er framleis – som i Tyrannosaurus text frå 1987 – overgongen frå arbeid til kommunikasjon som den sentrale samfunnsformande instansen. Sagt på ein anna måte: Arbeidarklassen i industrilanda består av færre industriarbeidarar og fleire intellektuelle, altså folk som har ikkje-manuelt arbeid. Mange artiklar er naudsynte for å formulera dei erfaringane dette fører med seg og for å skjøna kva det tyder for klassemedvit og politikk. – Eitt utgangspunkt kan vera å spørja om paradoksa i kunsten og kritikken også gjeld for dei kvardagsintellektuelle, som med Peter Sloterdijks ord ikkje opplever lukka ved å vera dum og ha fast arbeid, men ulukka ved ikkje å vera dum og gjera jobben sin likevel.

Publisert 14. april 1999 | Til toppen av siden