eller eit glimt av kol
av Nicholas H. Møllerhaug
Berre spiker og trevirke. Ei rekke plank
og meir spiker. Eit blikk innover.
Inn i materiala.
Krass lukt av beis. Annan måling. Glade strok trebitt.
Eller
ei rekke plank oppover eller bortetter.
Alt vigsla av pennar. Raud.
Svart.
Grøn.
Vigsla av auge. Vigsla
av meir enn notisane.
Du las meir enn
metrar. Meir
enn malingkodar.
Skamma du deg? Du sa: plank er jo brennbart.
Alle material kan sprengast, sa du. Og du skisserte
nye boligar. Streken redda deg.
Kanskje du spurde mor di: kvifor?
Kvifor streken verkar. På meir enn blokk.
Mor di sa kanskje: ikkje spør.
Gjer. Leif.
Pennane dine.
Meir enn strek.
Leiken mellom penn, papir og
plank.
Penn, papir og
betong. Alt saman var godt. Det såg du.
Det såg få blant framande.
Skam skaut og traff deg.
Ei adresse er meir enn eit namn og tal.
Det kan vere eit verk. Eit av dine.
Å sykla på haugane dine
er å sykle seg vill. Inn
i strekane dine.
Adressene dine
er også:
eit glimt av kol.
Eit epitafium over Leif Grung (18941945), Bergensarkitekt som skapte nytt.
Han las mykje og henta inspirasjon frå bauhausgjengen og frå Lloyd
Wright i USA. Alt kombinert med trudom mot det norske rommet. Han teikna mellom
anna Kalmarhuset som er rekna som det framste mellomkrigshuset i Noreg.
Trehusa hans er ein fryd og fortel om ein som våga meir enn naboane.
Etter 2. verdskrigen blei Grung alvorleg anklaga. Klandra som kollaboratør med tyskarane. Det endte med eksklusjon frå Bergen Arkitektforening. Ingen visste at han hadde vore mellommann for Englandsfarten. Ingen visste at han hadde sabotert tyske byggeplanar. Ikkje eit einaste vitne fanntes i Noreg etter krigen. Alle var framleis i tysk fangenskap. Fyrste vitne kom heim to dagar for seint. Leif Grung kasta seg utfor eit stup på Paradis, Bergen. Det var hausten 1945. Han er enno ikkje skikkeleg reinvaska.
Publisert 18. februar 2002 | Til toppen av siden