Jubileumshilsen Av Jens Stoltenberg
Tale «Børs og katedral»
Av Erik Must
Profil Et slag for amatøren
Lars Saabye Christensen intervjuet av Kåre Bulie
Profil «Det er vi som er de siste anarkistene»
Horace Engdahl intervjuet av Christian Kjelstrup
Refusjonsbrev
Av redaktør Johan Borgen
Novelle Yama
Av debutant Axel Jensen
Bildeserie Utvalgte Vinduet-forsider fra 1947 til 2007
Gjendiktninger Wallace Stevens’ alderdomsdikt
Til norsk ved Jan Erik Vold
Reiseskildring Noe om Georg Johannesen og liv og død-situasjoner – eller: Jeg vet ikke hva
Av Nils-Øivind Haagensen
Reiseskildring Om fingeren som ikke viser vei Av Andreas Viestad
Debattessay Intimitetstyranni? Av Espen Haavardsholm
Debattessay Innholdisme Av Per Bjørnar Grande
Haiku Seks haiku
Av Inge Haugane
Spalte Ein ganske fotnoterik guide til: Litterære jubileum
Av Are Kalvø
Bokomtale Møllerens skrift
Herta Müller: Mennesket er en stor fasan i verden og Alltid den samme snøen og alltid den samme onkelen

Av Kaja Schjerven Mollerin
Bokomtale Syngende prosa fra sør
Edward P. Jones: The Known World og All Aunt Hagar’s Children

Av Erik Bjerck Hagen

Innhold Vinduets novellenummer:

Leder

1. premie
Reidun Elise Foldøy: «Den store dagen»

Delt 2. premie
Karine Nyborg: «Det må være en grunn»
Eva Sannum: «Love me tender»

4.-10. premie
André Aronsen: «Marsha»
Lena Niemi: «En grav og gå til»
Arild Rossebø: «Magda og Ludvig»
Stein Slettebak Wangen: «Kjære liv»
Eivind Riise Hauge: «Fars sigaretter»
Tommy Kvarsvik: «Bil A, bil B og Tore – en studie i det rekonstruerte liv»
Knut Rage: «Ein stad finst det nokon»

Anmeldelse

Keisamt om kjendisliv i Oslo
av Olaug Nilssen

Mikael Godø
Galleri Oslo
Aschehoug 2002


Galleri Oslo handlar om eit partnerbytte. Maria og Mads er kjærastar. Kunstnaren Stine Jomfruland og trendanalytiker Kjell Dolfer er kjærastar. Når boka er omme, er det Maria og Kjell, Stine og Mads. Sjølv om Stine og Mads fann kvarandre først, er det Maria og Kjell som er gladast for det som har hendt. Ingen verkar imidlertid kjempeglade, men det var dei ikkje før heller. Kompisen til Mads heiter Gunnar, og han skiftar stadig både kjærast og utdanningsveg. Mads får eit anonymt trusselbrev, og han lurer på om det er frå stand-up-komikar Kyrre Utslåtten eller utelivskonge Cæsar, som begge har fått gjennomgå i DG-spalta. Eller kanskje det er frå Kjell. Mads er litt redd. Gunnar slåss og blir banka opp. Mads lurer på om han må eller kanskje ikkje må innordne seg salgstall og avisredaktør Toddy Kennethsen, om han må eller kanskje ikkje må ta omsyn til bestikkelsar, venn- og kjennskap. Han tar omsyn til venn- og kjennskap. Han skriv stygt om Stine i spalta si, og Stine slår han i fjeset. Gunnar fortel ein av kjærastane sine at ho er lesbisk. Alle går på festar der det er gratis oppvartning, tv-kamera og kjendisar.

Det er ikkje så lett å ta dette her på alvor. Med alle dei idiotiske navna og tåpelege intrigene, minner det meir om ein sesong i Hotel Cæsar enn om skjønnlitteratur eller alvorleg samfunnskritikk. Det blir ikkje lettare av at ein lot seg provosere over medieutspela til forfattaren før ein hadde lese boka1, og etter endt lesing forsåvidt er mildare stemt, men likevel synest hendingane er for uinteressante å høyre om og teksten for dårleg skriven til å ha lyst til å bruke tid på å fortelle kvifor. Ein synest kanskje forfattaren har fått meir enn nok merksemd som det er, og ein meiner gjerne at andre bokmeldingar ein har lese, har sagt det som er å seie. Rett nok lo ein godt over følgande replikkveksling:

«Jeg spurte deg et spørsmål.»
«Du spurte meg et spørsmål? Da forventer du kanskje at jeg skal svare deg et svar?» (52)

utan at det har så mykje med saka å gjere.

Såpeopera er fint dersom intrigene er av så stor betydning for dei involverte at ein ser på/les med sympati; ein kan bli glad i personane og meine det er interessant å sjå korleis dei forheld seg til dramatiske innslag i eit ellers vanleg liv. Dersom dei derimot er så blaserte at utruskap og trusselbrev ikkje går inn på dei i det heile tatt, kan det også vere interessant, særleg dersom vi får inntrykk av at gje faen-haldninga er kombinert med ei frustrert lengt etter at noko likevel skal bety noko. Mikael Godø prøver å fortelle om personar som forheld seg på begge måtar, han skildrar personar som gjerne vil vere livsglade i staden for livstrøytte, og som difor deltar aktivt i eigne, tåpelege liv medan dei uler under yta. Diverre klarer ikkje forfattaren å levandegjere verken overflate eller underliggande desperasjon, han kastar berre ut merkelappar; «uforpliktende sjablonger» av typen «dekadense»,«idealisme» og «indre demonar». Han klarer heller ikkje å skape tydelege personar, og når ein ikkje bryr seg om dei det blir fortalt om, mistar ein fort interessa for kva dei føler og foretar seg.

MARIA OG MADS ER KJÆRASTAR, MEN BÅDE KJÆRLEIKEN OG MOTSETNINGANE MELLOM DEI ER TOMME PÅSTANDAR. DETTE GJER DEI TIL UINTERESSANTE PERSONAR, OG EIN BRYR SEG IKKJE OM AT MADS ER UTRU. DET BLIR KEISAMT Å HØYRE OM UTRUSKAPEN OG FRYKTA FOR Å BLI OPPDAGA.

Mads er ein ung og vakker mann som skriv i landets største tabloidavis; ei spalte som skal vere «aktuell, ta for seg et fenomen, en trend eller en premiere, gjerne sentrert rundt en lettere ironisering på bekostning av kjendiser» (18). Difor vankar han på kjendisfestane, og han skiftar antrekk fleire gangar før han går, for påkledninga må stå i stil med både arrangementet og hans eige humør. Dette er eit tomt og overflatisk liv, seier Maria, som ikkje vil vere med; «jeg føler ikke for å tilbringe en hel kveld sammen med stupide mennesker jeg verken kjenner eller ønsker å bli kjent med» (9). Ho vil at han skal sei opp jobben sin og bli med henne utanlands, der ho, utanriksjournalist og «idealist», kan gjere noko «meningsfylt». Mads synest også at jobben hans er meiningslaus, men han synest ikkje Maria heller har noko å skryte av, for slik han ser det, består idealismen hennar i at ho berre «sympatiserer […] med de som er svake på alle felt, de gjennomførte heltidstaperne, de som setter synlig pris på hennes sympati» (19). Så Maria og Mads «kranglar». «Kranglinga» består i at dei slenger ut halvspydige, men velformulerte replikkar til kvarandre:

«Hvis vi er heldige,» sier jeg mens jeg leter etter en matchende genser, «kan det hende at interessante og moralsk oppegående mennesker forviller seg inn på festen.»
«Det er lite sannsynlig. I så fall får dere geleide dem ut på gaten igjen.»
«Da trenger vi noen i lokalet som vet hvordan folk skal ledes ut av fristelse.»
[…] Jeg finner en rød silkeskjorte. […] Svart og rødt, det blir bra. Blod og jord. Sex, død og latino-babes. (10)

Både i tankereferat og i replikkar gjer Mads narr av både seg sjølv og Maria som stereotypar, og ho er med på leiken. Ein trur dei har eit sjølvironisk og avslappa forhold til det som skil dei frå kvarandre, og at det ikkje er så viktig for nokon av dei. Likevel blir Mads så sint at han «knytter nevene» og «føler for å knuse noe» når Maria gjer narr av forfengeligheten hans og med dobbel botn spør kva som «blir kveldens vinkling?» Dette er rett og slett ikkje til å tru; den «lettare ironiseringa» – og dette gjeld heile romanen – gjennomsyrer framstillinga i så stor grad at ein ikkje tar det alvorleg når personane lar frustrasjonen sin komme til klisjéaktig uttrykk.

Viss vi likevel går med på at merkelappmotsetningane «idealisme eller overflate?», «utanlands eller heime?» – og det vi nesten, for «idealisme» synast å vere den einaste vegen Mads kan forestille seg ut av overflatehelvete – er av betydning for dei to kjærastane, er det vanskeleg å forstå kva dei vil med kvarandre. Dei skal ha vore kjærastar i nesten ti år, men når Mads skal fortelle om korleis han fann henne, er det lite som tyder på at kjærasteriet har noko med kjærleik å gjere. Det heiter om det første møtet at «hun var ikke min type». Deretter blir oppveksten, utdanninga og den første reportasjereisa hennar nevnt, kort og brutalt definerande, men likevel tenkt som tilstrekkeleg for å forstå kven Maria er, før det heiter at «da var vi allerede et par». Rett nok påstår Mads både før og seinare i romanen at han elskar henne, men når han ikkje utdjupar denne kjensla med anna enn at ho er deilig og pen og at han har lyst på henne, er det ikkje akkurat oppsiktsvekkande når han forelskar seg i ei anna. Det er meir oppsiktsvekkande – nei: Det er usannsynleg at Maria har lyst til å vere kjærasten hans, noko Mads er innforstått med når han seier at han kanskje «er en av de svake, siden Maria finner mening i å vere sammen med meg» (13). At han påstår at ho er «trygghetssøkende» er ikkje nok til å tru på at det forheld seg slik.

DESSUTAN FINST IKKJE DEN UNDERLIGGANDE DESPERASJONEN

Hovudsiktemålet med romanen synast likevel å vere å sette fingeren på det som ligg under. Kjell meiner at Mads, som jo er ein tabloidjournalist som stadig vurderer å slutte i den meiningslause jobben sin, heller bør skrive «en roman om intensiteten under overflaten»(209), og det er grunn til å tru at det er dette Mikael Godø har prøvd å gjere. Personane lever på overflata, men eigentleg lengtar dei etter intensitet og meining. Dei trur ikkje intensitet og meining er mogeleg, og lar seg difor sluke opp av overflata.

Mads: Jeg er lykkelig og bekymringsløs etter å ha elsket med Maria. Men bare i noen minutter. Hun gjør meg oppløftet på samme måte som en god film, og jeg tenker med lyst på alt jeg skal utrette. Jeg utsetter følelsen av svakhet som alltid kommer tilbake etter disse minuttene; de instinktive stikkene som forteller meg at livet er smerte og kjedsomhet. (18)

Stine: Jeg skulle ønske […] at jeg kunne gå inn og ut av min egne fantasier så ofte jeg ville. Du kommer ut av kinosalen, og tenker: Jeg vil ha denne intense stemningen tilbake! Hvor ble den av? (38)

Mads forkastar altså «idealisme» som overflate; det er ein gjennomskodeleg klisjé å reise utanlands på jakt etter meining hos fattige folk som treng hjelp, særleg er det gjennomskodeleg å «bry seg om de svake […] i en norsk, sosialdemokratisk sammenheng» (13). Vidare er det teit å høyre til

den halvunge raddiseliten som jeg iblant anser Maria for å være en del av. De som rakk å flytte hit [til Grünerløkka] før det ble hipt, og som bygger sitt selvbilde på at de er «noe mer». De bryr seg om menneskene og lokalmiljøet. De er ikke sykepleiere eller bryggeriarbeidere, men de sympatiserer (142)

Likevel lar Mads seg bevege av ein dokumentarfilm om gamle menneske. I staden for å gå på premierefest, går han på ein brun kafé for å vere ettertenksom, tenke at ingen bryr seg, og at «en krig ville gjort godt» (33). Vidare avgjer han å frå no av pleie omgang med den gamle fru Tangen i oppgangen. I den eine augneblinken gjer Mads altså kort, småspydig :sterke meninger-prosess med «idealistar», i neste augneblink kryp han sjølvhøgtideleg under overflata på verste forenkling- og klisjévis. Der møter han også Stine, og når han seier: «Jeg føler meg flyktig i slekt med denne kvinnen. Vi går på kafé i stedet for fest. Vi skygger unna glamour og tomprat» (37), blir det berre altfor dumt, for det er allereide vist, viser seg i sjølve ytringa, og skal til overmål visast endå meir, at dette ikkje er sant.

OG SAMFUNNSKRITIKKEN ER VERKEN BEISK ELLER VIKTIG NOK TIL Å ENGASJERE. DESSUTAN BLIR «FOLK FLEST» UNDERVURDERERT

Er det samfunnskritisk å sei ifrå om at kjendisar og vil-vere-kjendisar går på festar der det er gratis oppvartning å få? Er det samfunnskritisk å påstå at dei som skriv om desse festane til dels er styrt av personlege hevnmotiv eller redsle for å få bank? Er det samfunnskritisk å påstå at kjendisar og vil-vere-kjendisar er teite? Ja, det kan ein hevde. Lesaren kan få innsikta: Det er dumt å vere opptatt av kjendisar. Kjendisar er ikkje autoritetar. Kjendisar er meir opptatt av overflate enn innhald, og ein må ikkje tru på alt som står i avisene.

Vidare er det teit å vere trendanalytiker; trendanalytikaren er den som fortel deg korleis du skal vere, men ein må ikkje tru på han heller, for han er ein lurendreiar, han «kan image, han vet hvordan verden vil bedras, bare innpakningen er den rette. Han vet at den som kontrollerer folks forfengelighet, kan sette mektige forandringer i sving.» (95).

Vi får aldri sjå Kjell bedra nokon, vi får ikkje sjå anna enn at han er ein hyggelig og reflektert mann som Mads har nokonlunde interessante samtaler med, av typen: identitet – overflate eller fast kjerne? Kanskje er det ekstra skremmande at det er den hyggelige og intelligente mannen, han som påstår at det gjer vondt å vere ein som «går i gullknappet, blå blazer og halstrøkle den ene dagen og ser ut som Eminem den neste,» (205) som manipulerer «vanlege folk» til å vere opptatte av å ha den rette framtoninga. Men kva er desse «mektige» forandringane han set i sving? I Galleri Oslo får vi ikkje meir interessante døme enn ei viss fortviling over at mange lar seg lure til å kjøpe seg nye solbriller når dei like godt kunne brukt dei frå i fjor. Det blir også hevda at «vår selvrespekt er ikke fundert i prinsipper som troskap og ærlighet, men i en identitet som dreier seg om livsstil. Det er verre å gå med feil solbriller enn å lyve for kjæresten» (159) og ein kan jo halde med Mads i at spissformuleringa gjeld for omgangskrinsen hans, og at det er leit for dei, men eg meiner faktisk at det er direkte feil å hevde dette som gjeldande norm for «folk flest». Eg trur også at «folk flest» kjenner til at ein ikkje skal tru på alt som står skrive i avisene.

Men likevel, Galleri Oslo er både samfunns- og mediekritisk. Mads er sjølvkritisk, han innrømmer tap av integritet, men held likevel matt fram i jobben sin. Diverre tilbyr han ingen andre løysingar på uvesenet enn den alt forkasta «idealismen», som består i å reise utanlands. Maria fortel:

«Kjørte rundt i ørkenen. Traff noen folk. Skal lage en sak om Marrakesh. Og kanskje en om kvinner.»
«Imponerende!» sier jeg og tenker at ingen mann med sansene i behold kan vurdere å gå fra en kvinne som Maria. (115)

Anten har Mads latterleg låge krav til kva som krevst av ein utanriksreportasje, eller så er det forfattaren som klønar fram ei misforståing; ein «mann med sansene i behold» er kanskje berre opptatt av utsjånaden til Maria, han høyrer ikkje etter og sit berre og ser på kor fin ho er. Men i denne samanhengen er det ei lang samtale og «en følelse av at vi er to eks-kjærester» sidan utsjånaden hennar blei kommentert sist, og då kan ein snart bli forleda til å tru at Mads faktisk lar seg imponere over at nokon vil skrive ein artikkel om kvinner.

Same kva. Ingen av løysingane gjer Mads til ein samfunnsrefsar ein treng å bry seg om eller kan lite på, og dermed er det ikkje noko igjen å feste seg ved.

NOTE

04.09.2002

Hei, Mikael Godø, eg har gjort avtale om å melde debutromanen din Galleri Oslo for Vinduet. Eg har ikkje fått boka enno, men eg kan alt no røpe at eg ikkje er særleg venleg innstilt, og at eg har lyst til å seie noko stygt om både deg og dei arrogante skitstøvlane frå hovudstaden du heilt sikkert skriv om. Eg tenkjer at det skal bli ei SANN FRYD å hevde min rett til å sable deg ned, trass i min status som både forfattarkollega, vestlending og ikkje-lesar av britiske aviser. Eg GLER MEG til å slakte deg, Mikael Godø, og lat meg legge til at Scruella deVille sine petitartiklar i Morgonbladet alltid er mykje betre enn dine, samt minne deg om at du var den som slakta 99-debutanten Synne Sun Løes på ein nådelaus og sur måte.

Grunnen til at eg hissar meg opp, er sjølvsagt oppslaget i Dagbladet i går, der du går til åtak på forfattarbokmeldarar generelt, og Knut Faldbakken spesielt. Eg tillet meg å lese deg like urettvist og gjengi deg like upresist som du les og gjengir terningkast-to-meldinga til Faldbakken, og eg byrjar med å hevde at du ikkje akkurat framstår som ein premiekritikar sjølv når du må ty til flisespikking på omgrepet «ekte kalkun» for å vise kvifor VG-meldinga ikkje held mål. Vidare er det ikkje nok å seie at «andre» ser «alvorlig samfunnskritikk» der Faldbakken ser «overflate» for å bevise at dei har rett og han har feil, og det er aldeles ikkje nok å vise til kvar Faldbakken bur og kor gammal han er for å frata han retten til å bruke omgrepa «autentisk» og «truverdig» i lesinga av ein tekst!

Mikael Godø! Ein blir nøydd til å gje deg lov til å setje spørjeteikn ved integriteten til forfattarar som kritiserer kollegaer, men dei kriteria du listar opp i Dagbladet for kva som krevst av ein god bokmeldar, er upresise og inkjeseiande. Ifølge deg, skal meldaren
- vere frå kva som helst slags miljø (noko som inkluderer både forfattarar og folk over seksti frå Hamar)
- ta bøker på rette premiss
- ha noko fornuftig å seie
- fortelle deg noko nytt
- lese britiske aviser, der anmeldelsane har eit visst nivå
og – skrive redelig kritikk

Vidare skriv du først i innlegget ditt at du «fortjener slakt», for så sidan å meine at Knut Faldbakken er for hard mot deg. Du er jo, trass lang fartstid som skribent og anmeldar, ein debutant, og debutantar skal ein ikkje slakte, debutantar skal ein vere vegvisar for; ein skal framheve det som er positvt og forsiktig gje råd om kva som kan gjerast betre ved neste forsøk.

05.09.02

Eg tar det forøvrig for gitt at det ligg djupare tankar bak kriteria dine enn kva som kjem til uttrykk i Dagbladet, og at du, etter å ha latterleggjort Knut Faldbakken si nye bok, aldri kjem til å skrive bokmeldingar meir. [tilbake]

Publisert 30. september 2002 | Til toppen av siden