Jubileumshilsen Av Jens Stoltenberg
Tale «Børs og katedral»
Av Erik Must
Profil Et slag for amatøren
Lars Saabye Christensen intervjuet av Kåre Bulie
Profil «Det er vi som er de siste anarkistene»
Horace Engdahl intervjuet av Christian Kjelstrup
Refusjonsbrev
Av redaktør Johan Borgen
Novelle Yama
Av debutant Axel Jensen
Bildeserie Utvalgte Vinduet-forsider fra 1947 til 2007
Gjendiktninger Wallace Stevens’ alderdomsdikt
Til norsk ved Jan Erik Vold
Reiseskildring Noe om Georg Johannesen og liv og død-situasjoner – eller: Jeg vet ikke hva
Av Nils-Øivind Haagensen
Reiseskildring Om fingeren som ikke viser vei Av Andreas Viestad
Debattessay Intimitetstyranni? Av Espen Haavardsholm
Debattessay Innholdisme Av Per Bjørnar Grande
Haiku Seks haiku
Av Inge Haugane
Spalte Ein ganske fotnoterik guide til: Litterære jubileum
Av Are Kalvø
Bokomtale Møllerens skrift
Herta Müller: Mennesket er en stor fasan i verden og Alltid den samme snøen og alltid den samme onkelen

Av Kaja Schjerven Mollerin
Bokomtale Syngende prosa fra sør
Edward P. Jones: The Known World og All Aunt Hagar’s Children

Av Erik Bjerck Hagen

Innhold Vinduets novellenummer:

Leder

1. premie
Reidun Elise Foldøy: «Den store dagen»

Delt 2. premie
Karine Nyborg: «Det må være en grunn»
Eva Sannum: «Love me tender»

4.-10. premie
André Aronsen: «Marsha»
Lena Niemi: «En grav og gå til»
Arild Rossebø: «Magda og Ludvig»
Stein Slettebak Wangen: «Kjære liv»
Eivind Riise Hauge: «Fars sigaretter»
Tommy Kvarsvik: «Bil A, bil B og Tore – en studie i det rekonstruerte liv»
Knut Rage: «Ein stad finst det nokon»

Debattinnlegg

Wassmos univers, Sindre Mekjans univers og mitt
OG: Kvifor likar ikkje menn Wassmos univers?
av Marit Wadsten

I Vinduet nr 3. 2000 tar Sindre Mekjan på oppfordring for seg Wassmos verden, og prøvar å nærme seg denne på ein noko uortodoks måte. Han skriv: «Jeg har valgt å fokusere på hvordan bøkene griper meg og hvilke innsikter jeg får av å gå i klinsj med dem. Leserapell og etisk oppbyggelighet er bare to av mange kriterier på god litteratur. De har ikke stått spesielt sterkt i vårt århundre. Men fra Horats til romantikken var litteraturens mål og mening å underholde for å oppbygge». Eit bra utgangspunkt for å nærme seg eit forfattarskap, tenkjer eg. Deretter tar SM for seg Tora-triologien, Dina-triologien, og tilslutt den sist utkomne Det sjuende møte, om Rut. Til slutt konkluderer han med; «jeg vet ikke helt hva jeg ventet å finne i Wassmos romaner, men jeg håpet å finne gode og spennende, fantasifulle historier. Det kan jo være så mangt, men det er i hvertfall to måter en bok kan borre seg inn under leserens hud på. Den ene er å skrive så tett og nært og påtrengende at leseren ikke slipper unna. Den andre er å skrive på en overraskende, rar eller fremmedartet måte, slik at leseren ikke helt kan glemme boken, fordi han eller hun ikke helt forstår den og ender med å sitte i klistret. I Torabøkene lykkes Wassmo med den første strategien. Bøkene om Dina og Rut blir imidlertid verken nære nok eller fremmede nok til at de betyr noe for meg». Og SM går verkeleg i nærkamp med bøkene, ære være han for det! Det eg les ut av omtalen av bøkene er at der Torabøkene grip han, kan han lodde dei i djubda. Når bøkene om Dina og Rut som han sjølv seier, ikkje grip han, går han ikkje lenger i djubda, da er det på språk og sjanger han går laus.

Og eg undrar meg til stadigheit under lesninga av hans artikkel over kvifor vi tolkar så ulikt og trekkjer så ulike konklusjonar, han og eg? Det er nettopp dette, lesarens oppleving av det lesne, som er interessant å sjå på, og dette blir her min innfallsvinkel.

Eg tek for meg den siste av Wassmos romanar. Det første som slår meg når eg les Det sjuende møte er alle assosiasjonane lesinga skaper i meg. Og ut av dette universet av assosiasjonar er det teksten oppstår, for meg. Mellom meg som lesar og den konkrete romanen slik den er skriven, så og seie.

Tidleg i romanen, i det første dramatiske møtet mellom Rut og Gorm, kjem fortellaren opp med eit viktig symbol, sjølve nøkkelen til heile romanen for meg; Merket i panna.

Gorm kastar ein stein som treffer ein stolpe, og som ein rikosjett treffer steinen Rut i panna. Slik blir ho merkt for livet, og han veit ikkje om ho lever eller er død før langt seinare.

Litt lengre ute i historia er Rut blitt ung jente og den engelske målaren Michael kjem til øya der Rut bor. Genialt Wassmo!, tenkjer eg da.

Kvifor? Allerede her har eg fått tre viktige symbol som leier meg vidare.

1. Tittelen Det sjuende møte, 2. Merket i panna. Og 3. Michael.

Alle desse, som symbol, gir meg assosiasjonar til Bibelen og Joh. Åpenbaring. Wassmo seier jo også sjølv i eit intervju med Aftenposten at Bibelen har betydd mykje for henne. No er eg i ferd med å sirkle inn grunnstrukturen i fortellinga, renninga i veven, så og seie. Og assosierer vidare; Eventyret Østenfor sol og Vestenfor Måne (eller Hvitebjørn Kong Valemon), som igjen får meg til å tenke på myten frå Gresk Mytologi, Amor og Psyke. Dette blir for meg understrukturar i den vidare lesninga av teksten.

Det som gjer Wassmos litterære prosjekt unikt og verdt å lese for meg,- og sikkert for mange andre kvinner- er at ho, etter triologien om Tora, prøvar å skape kvinneskikkelsar som betakkar seg for offer-rolla, og som prøvar å finne andre vegar for sine liv enn den totale undergang. Det stiller seg for denne lesaren unekteleg i eit underleg lys at det nettopp er desse bøkene SM likar best. Ja vel, men det får klare seg med Tora, SM! Samme kor under huda styggvakre skildringane om Tora er; Det å gå til grunne kan ikkje vere det einaste alternativet litteraturen skal ha å by kvinner?

Eg kan heller ikkje tenkje meg at Wassmo kunne eller ville slå seg til ro med å skrive om att og om att om kvinner som går til grunne? Det handlar om å komme vidare. Bøkene om Dina og Rut handlar om dette, på ulike vis. Kanskje byggjer dei på kvarandre, alle tre? Er det ikkje ein progresjon å merke her?

Vi har nokre fakta å forhalde oss til også. For eksempel er det slik at vi lever i ein patriarkalsk kultur, der eventyr, mytar, segner OG verkelegheit og levd liv dagleg sannar kor vanskeleg det er for fleirtalet av kvinner å leve eit fullverdig, sjølvgåande og heilt liv. (Eg seier ikkje at det er lett for menn heller, men kanskje lettare?) Vi har ikkje berre mange, men utallige historier, myter, segner og eventyr om mannlege heltar og Askeladdar, frå Homer og Iliaden til Ibsen og Peer Gynt. Desse har nedfelt seg i vår grunnstruktur, både som enkeltmenneske og som samfunn. Desse historiene er viktige, eksistensielt, som identifikasjon og for utvikling av sjølvbevisstheit. Kor mange slike historier har vi om kvinnelege heltar? Der Ho er den aktive, utøvande og kjempande? Jau da, vi har nokre få. F.eks i Østenfor sol og Vestenfor Måne. Men her er Han passiv. Dette blir den omvendte historia.

Har vi så nokre der både Ho og Han er aktive? Askepott?

Det er det Wassmo, etter mitt syn, prøvar på med Det sjuende møte. Å skape ei NY fortelling ved hjelp av gamle strukturar! Her tek både Ho og Han liva sine i eigne hender, og gjer aktive valg for å komme seg ut av offerrolla og arvestrømmen. Kanskje er det berre slik dei tilslutt kan møte kvarandre?

Rut får uvurderleg hjelp av Michael. Det er han som gir henne den første opplæringa som målar og som bekreftar henne som kunstnar. Slik gir han henne drahjelp og eit våpen å kjempe med.

Michael som oversanseleg fenomen, kan vere verdt å sjå på i denne sammenhengen. Mikaels kamp med draken er kjent ikkje berre frå mytologien, men også frå Bibelen. Eg siterer frå K. Omholts artikkel i Herba nr 3, 2000 «Mikaels kamp med dragen»: «I tolkning av myter hvor draker forekommer er det vanlig å betrakte draken som en kraft som trekker til seg og legger beslag på verdifulle potensialer i personligheten. Potensialene kan være symbolisert f.eks. ved unge jomfruer som draken sluker eller som gull som draken samler opp. Draken blir betraktet som et symbol på alt det som er av latskap, sløvhet og stagnasjon i den menneskelige natur og som holder oss fra å anstrenge oss til det ytterste for å søke i vårt indre etter det genuine vi kan medvirke med.»

Eit anna viktig punkt i romanen blir ut frå dette faktisk det som ikkje skjer mellom Rut og Michael. Rut er ei ungjente, Michael ein aldrande mann. Rut kler seg naken for han og lar han måle seg. Her kunne dei ha innleda eit seksuelt forhold. Kvifor gjer dei ikkje det? Min påstand er at da ville historia måtte skifte heilt karakter, Rut ville i såfall måtte havne i haugen av offer, sammen med Tora. Den haugen er stor nok allerede. Da ville vi vere over i myten om Ridder Blåskjegg og den deflorerte Jomfrua. Rut ville fått sin individuasjonsprosess totalt forstyrra. Men Rut skulle vidare. Og både kvinner og menn treng fortellingar om kvinner som ikkje blir forført, voldtatt, drept, av menn, men som faktisk kan vere ei positiv kraft og læremeistrar. Og sjølv om fristelsen er stor også her, viser Wassmo til ei anna mulegheit.

I teksten er Ruts bilder inngåande skildra. I meg skaper skildringane assosiasjonar til M. Chagall. Det er noko i desse skildringane som får meg til å tenke; møte mellom himmel og jord. Og at det er vel egentleg det Kjærleiken også handlar om..?

Ein annan særdeles mystisk skikkelse i historia er gallerieigaren i Berlin. Mannen er tilsynelatande galant og gjennomført sofistikert i sinn og skinn. Men når Rut pakkar sakene sine og drar tilbake til Oslo, vrir seg ut av hans glatte grep om henne, da viser han ei anna side. Her har Rut på nytt valget mellom offer eller heltinne. Ho velgjer friheita, og får betale for det. Da glefser han etter henne. Her har vi den einaste skikkelsen i romanen som faktisk er skildra som ondsinna, ulven i fåreklær, som alle jenter må lære å passe seg for. (Gutar og.)

Men kanskje har SM likevel rett i at både Tora, Dina og Rut djupast sett likevel er offer.

Iallefall syns eg Wassmo lykkast i å vise at det kostar, uansett kva valg hovedpersonen gjer. Og slik mulegheita for å bli eit offer ligg latent i heltinne-rolla, slik ligg også mulegheita til å bli heltinne latent i offerrolla. Det gjeld å vakte på visdommen i dette, og for all del; Gi oss fleire forteljingar om kvinnelege heltar og menn som ikkje bemektigar seg kvinners kraft og energi, men lar dei få utvikle sitt eige liv i fred! Det treng vi.

Tilbake til Rut og Gorm og møta mellom dei. SM skriv at «De er som skapt for hverandre, men skjebnen forhindrer gang på gang at det blir dem.» Her er SM og eg fundamentalt uenige. Skjebnen forhindrar dei ikkje, det gjer dei sjølv! Skjebnen fører dei tvert i mot sammen gong etter gong, heilt til Mannen Gorm endeleg har tatt eit valg, og ikkje gir seg før han finn Kvinna Rut og når inn til henne ved å bryte seg inn. Han tar ein enorm sjanse der, og han kunne jo berre latt det vere denne gongen også,- dratt nordover att med uforetta sak og slikka sine sår, foruretta over ikkje å bli sett... Men no har han bestemt seg og han handlar aktivt ut i frå dette valget. Det at han finn Rut sanselaust rusa av for mykje vin, er i dette bildet verdt ei avhandling i seg sjølv. Eg nøyer meg her med å seie at eg syns det er fantastisk morsomt dikta!

Eg får ein assosiasjon til Ronja Røverdatter og Birk Borkasønn (A. Lindgren) «Hvor mange ganger har du tenkt å berge livet mitt, søster mi?» «Like mange ganger som du berger mitt» sa Ronja. «Det er bare slik at vi ikke kan greie oss uten hverandre. Nå har jeg skjønt det».

Tilslutt: Etter kvart som eg arbeider meg inn i strukturen/tekstveven i Det sjuende møte assosierer eg vidare på dette med namnsetting. Michael – erkeengelen – har eg gjort rede for mi tolking av tidlegare. Kva så med Rut og Gorm? Rut frå Bibelen, det blir det jo henvist til i teksten også. Men Gorm? Konge frå norrøn tid? Gorm frå norrøn mytologi?

Bibelen og norrøn mytolog, som symbol på maskulin og feminin ånd, ført sammen, ved hjelp av Mikaelskrafta inn i vår tid, satt opp mot gallerieigaren som symbol på kommersiell utnytting og utbytting. Den gamle kampen. Ånd og materie.

Slik fortsett eg å leike meg vidare med assosiasjonar og tankerekker som denne teksten skaper i meg. Eg kunne også ha irritert meg over dårleg språk eller døde metaforar, men eg velgjer å la det vere, for å komme under huda på teksten, leite meg fram, kanskje i blinde, men med håp om glimt av gjenkjenning og forståelse som mi viktigaste ledestjerne.

Publisert 19. mars 2001 | Til toppen av siden