Jubileumshilsen Av Jens Stoltenberg
Tale «Børs og katedral»
Av Erik Must
Profil Et slag for amatøren
Lars Saabye Christensen intervjuet av Kåre Bulie
Profil «Det er vi som er de siste anarkistene»
Horace Engdahl intervjuet av Christian Kjelstrup
Refusjonsbrev
Av redaktør Johan Borgen
Novelle Yama
Av debutant Axel Jensen
Bildeserie Utvalgte Vinduet-forsider fra 1947 til 2007
Gjendiktninger Wallace Stevens’ alderdomsdikt
Til norsk ved Jan Erik Vold
Reiseskildring Noe om Georg Johannesen og liv og død-situasjoner – eller: Jeg vet ikke hva
Av Nils-Øivind Haagensen
Reiseskildring Om fingeren som ikke viser vei Av Andreas Viestad
Debattessay Intimitetstyranni? Av Espen Haavardsholm
Debattessay Innholdisme Av Per Bjørnar Grande
Haiku Seks haiku
Av Inge Haugane
Spalte Ein ganske fotnoterik guide til: Litterære jubileum
Av Are Kalvø
Bokomtale Møllerens skrift
Herta Müller: Mennesket er en stor fasan i verden og Alltid den samme snøen og alltid den samme onkelen

Av Kaja Schjerven Mollerin
Bokomtale Syngende prosa fra sør
Edward P. Jones: The Known World og All Aunt Hagar’s Children

Av Erik Bjerck Hagen

Innhold Vinduets novellenummer:

Leder

1. premie
Reidun Elise Foldøy: «Den store dagen»

Delt 2. premie
Karine Nyborg: «Det må være en grunn»
Eva Sannum: «Love me tender»

4.-10. premie
André Aronsen: «Marsha»
Lena Niemi: «En grav og gå til»
Arild Rossebø: «Magda og Ludvig»
Stein Slettebak Wangen: «Kjære liv»
Eivind Riise Hauge: «Fars sigaretter»
Tommy Kvarsvik: «Bil A, bil B og Tore – en studie i det rekonstruerte liv»
Knut Rage: «Ein stad finst det nokon»

Anmeldelse

Alt var betre før
av Simon Malkenes

Ragnar Hovland
Norske gleder
Det Norske Samlaget 2002


Norske gleder er ei koseleg bok. Den er lita av format og på omslaget er det eit bilete av gamalt og til dels slitne leikety. Bileta er starten på ei nostalgisk reise bakover i tid. Norske gleder handlar om gleder og gleda ved å minnes desse. Boka er ei samling historier som omhandlar nostalgiske reiser til eit Noreg som ikkje lenger eksisterer. Historiene i Norske gleder sluttar seg saman kring ei rekkje minner om lukkelege tider. Dei er skrivne frå ei notid der forteljaren minnes fortida, då spesielt 1960-talet. Dei omhandlar mellom anna fisketurar, draumen om å bli rockestjerne, bygdekino, detektimen, pannekaker og sjølvsagt den første forelskinga. Tematikken i desse historiene skiftar frå å vere ei rein nostalgisk reise tilbake til ein rosenraud barndom, til meir kvardagsfilosofiske tankar kring kva som gjev livet meining. Dei fleste av dei er knapt meir enn tilstandsrapportar som skildrar innkjøpet av ei Hawaiiskjorte eller det å køyre skikkeleg fort på Autobahn.

Opningshistoria «Første sommarjobben» fortel om glede ved å få sin første sommarjobb, å bygge skip på hjørnesteinsbedrifta. Men det viser seg at ting ikkje er slik dei ser ut. Draumen om å bygge skip fell snart i grus og hovudpersonen blir i staden ført inn i skipets indre for å tørke opp uoverkommelege mengder vatn. Arbeidskameratane går heller for å sove, snart gjer hovudpersonen det òg.

Kva bilete er det Hovland teiknar av fortida? Ønskjer Hovland å avteikne fortida som ein pastisj? Og på den måten å teikne eit bilete av fortida som rein overflate der ein berre minnes det gode, hyggelege og uendeleg koselege? I opningshistoria legg Hovland føringar for eit av gjennomgangstemaa i Norske gleder. Minna avdekkjer ikkje dei djupe rørslene i tida, dei som skakar menneske og avdekkjer ufridom og vald. Sjølv når Hovland i «Første sommarjobben» tek seg inn under overflata på det idylliske biletet av fortida, blir det aldri farleg. Han sender den unge mannen inn i dei inste romma og tankane på båten der dei skitne og udugelege arbeidarane ligg og søv. Sjølv dette er skildra i eit mjukt og ufarleg språk som gjer dei udugelege arbeidskameratane om til gode minner. Gjennomgåande for Norske gleder er ei total mangel på skaking av lesaren. I den nostalgiske mimringa blir aldri ubehag avdekka. Det er ein lettliva og velfødd tone i heile samlinga. Den påfallande mangelen på skaking av lesaren har noko dobbelt ved seg. Ei marxistisk lesing av nostalgiomgrepet hevdar at nostalgi framstiller fortida som rein overflate. Den blir presentert som ein reindyrka idyll, noko Hovland også gjer. Ei djupare historieforståing, derimot, krev kjennskap til djupare historiske prosessar. Eit slikt blikk fråristar nostalgien idyllen og viser lesaren verden slik den eigentleg var. I Norske gleder er der ingen spor etter atomvinter, undertrykking, vald og naud. Biletet som blir teikna av fortida har ingen kontakt med fortida slik ho ein gong var. Historia pressar seg aldri gjennom den biletlege overflata.

I historia «Er det underleg at ein lengter bort iblant?» prøver Hovland å sette fingeren på kva det er som skapar dei nostalgiske rørslene: «dei tidene vi no har gått inn i, dei lysare tidene, kastar eit nådelaust lys over dei små sakene, dei små tinga.» Forteljarens alder inneberer eit nytt syn på «dei viktige tinga». Etter Hovland sitt syn er det «fotografia, myntane, oskebegera, eingongslighterane, dei små suvenirane frå inn- og utland, brukte batteri, for ikkje og snakke om bøkene» (s. 30) som gjer ein til den ein er. For med alderen kjem lyset og avslørar tinga. Ein ser dei slik dei verkeleg er, dei blir framvist på ny. Det er likevel ei bakside ved dette. Hovland skildrar ein person som har kome så langt i livet at han ikkje kan velje om att. «Og ein innser at ein truleg er fortapt, at alt dette små har tatt over livet.» (s. 30) I den påfølgjande passasjen prøver Hovland å ta lesaren med inn i ei filosofisk tankerekkje som søker å forklare samanhengane mellom nostalgien, «dei små tinga» og meininga med livet.

«Så tenkjer ein at ein at ein må bort frå dette, iallfall for ei stund, til ein stad der det er nakent og reint og oversiktleg» (s. 30) «Men når ein så sit der, på den staden ein drøymde seg bort til omgitt av nakne veggar og berre det aller nødvendigaste, så merkar ein fort at ein inst inne saknar det som ein i sitt stille sinn kallar eit lite helvete.» (s. 30)

Dei små tinga fyller derfor ei viktig rolle i livet, dei har etter Hovland si meining ein verdi: «Ein kan ikkje gjere anna enn å vedgå at alt dette har bidratt til å gjere ein til det mennesket ein er blitt.» No kan ein saktens seie seg einig i at dei små tinga fyller ei viktig rolle i livet. Men kvardagsfilosoferinga til Hovland går aldri opp i ei høgre eining. Han kjem aldri fram til noko forståeleg og det heile renn til slutt ut i sanden.

I Norske gleder er der litterære avtrykk som set samlinga i eit forhold til skakande, eksistensielle verk. I historia «Jul» parafraserer Hovland Tomas Wolfe sin roman You can't go home. «You can’t go home» er òg valspråket til Agnar Mykles Lasso rundt fru Luna. «Jul» er ei «heilt stille juleforteljing» (s. 119), der ein familie ønskjer å følgje julas bud og servere julemiddag til ein kar frå samfunnets skuggeside. Det går ikkje så bra og alle blir einige om å avslutte eksperimentet tidleg og den framande går ut i julenatta att. Lasso rundt fru Luna kan lesast som forteljinga om Ask Burlefots eksistensielle smerte. Tida tvinger Ask til å stille spørsmål kring sin eigen identitet, kven han er og kva har gjort han til det han er? «You can’t og home» spelar på Asks kamp med seg sjølv og hans ønske om å vende tilbake til den tida han minnes, der alt var godt. Hos Hovland er denne innsikta openbar: «Ein kan sjølvsagt ikkje kome heim att, ein kan ikkje finne att det som ein gong var …» (s. 122) Skilnaden er at i Jul er der ikkje spor etter Asks eksistensielle krise. Der er berre ein lettliva nostalgi som blir avslutta med at «no kunne vi ha rusla ut i skogen, heile familien, for å hogge juletre».

Norske gleder viser seg aldri å knuse den pastisjen den konstruerer. Teksten gir få mogelegheiter til anna enn kos. Ei søkt lesing kan tvinge ei viss grad av alvor inn i det gledelege norske. Tek ein utgangspunkt i minna og deira innhald, er forteljaren i samlinga på same alder som forfattaren, rundt 50 år. Samanhengar mellom det koselege og overflatiske, dagens femtiåringar og det norske ved gledene, er det einaste alvoret eg klarar å skvise ut av teksten. For kva er det norske ved gledene? Er det norsk å ikkje ha innsikt i historia? For Autobahn som det er fint å køyre fort på vart bygd av Hitler. Sirkus, som det er fint å vere på, held dyr i bur. Og Hawaiiskjorter, som gir godt vaksne menn kjensla av å vere modige når dei kjøper dei, er kanskje laga av barnehender i Indonesia. Kva seier Norske gleder om aldersgruppa til forteljaren? Etterkrigsgenerasjonens liv ved middagshøgda har blitt eit framandgjort og meiningstomt liv. Dei som ein gong smykka seg med opprør og stadige frigjeringsprosjekt har ikkje lenger mengda av kunnskap som skal til for å avkode ein kaotisk røyndom. Desillusjonen kjem til uttrykk til dømes ved ein stadig meir surmulande og konservativ Dag Solstad eller her som ein Hovland fanga i sitt eige nostalgiske vakuum, utan innsikt i verda. Lesinga er søkt, men likevel et forsøk på å knuse glasskula som Hovland let omslutte det norske hus. Problemet er berre at eg ikkje trur ei slik lesing er Hovlands intensjon.

Så, Hovland har skreve ei lett og koseleg bok. Ho er veldig intim, noko som kan gje ein kjensla av å vere langt oppi fanget på forfattaren. I staden for å invitere til kos på fanget burde Hovland ha tatt meg med på ei reise tilbake i tid der han viste meg noko som faktisk var viktig. Slik at eg kunne lære noko.

Publisert 25. november 2002 | Til toppen av siden