av Olaug Nilssen
Då skal eg presentere min favoritt blant dei etablerte forfattarane. Det var uhyre kjekt å få eit slikt oppdrag, og eg kunne godt tenke meg å gjere det fleire gangar slik at eg fekk sagt tydelig fra om kven eg meiner er bra. Eg meiner eg har gjort det aller beste valget når eg har invitert Anne Oterholm, men når eg først står her, har eg lyst å lese opp eit dikt der eg oppmodar publikum om å lese bøkene til alle1 favorittforfattarane mine. Det er kanskje ikkje det beste diktet de har høyrt, men eg har lært sjangeren i ein femtiårsdag, og dette er mitt første forsøk, så eg håpar de ber over med meg.
På ein dag med is og snø
er det ikkje dumt å lese
bøkene til Tonje Røed
bøkene til Brit Bildø-
en og Tone Hødnebø.
Skal du gå på lesesal
ta med deg Sil-je Vethal
Vil du med lyrikken bale
må du lese G-ro Dahle.
Bøker som er kjempefine
er dei til ho Næss, Kristine.
Du gløymer alt og blir for sein
med bøker av Tru-de Mar-stein
Gi deg litt-er-atur i vold
med gode Solveig Aareskjold.
Viss du i sofa breier deg
så kan du heller sei
at du i sofaen er brei
med Ce-ci-li-e L-øv-eid
Og viss du velger Oterholm
så er det ein sikker vinner
Kan hende blir du noko olm
på hyper-reflek-terte kvinner
når dei dyrkar lidenskap
og lurer på om det finst grenser.
Dottera har kort-kort genser
men må konstatere tap
når mor får lyst på den bergenser-
en ho har fått på besøk.
Er det alvor, er det spøk?
Dette handla om den siste
boka til heltinna vår
og den må du ikkje miste
les den når du heimatt går!
Etterpå så må du finne
ikke noe annet enn
det du vil, fra n-itt-en
nittifem. Ei nedbrutt kvinne
har ein bror som passar på.
Avbrutt selskap les du så
Avslutningen etterpå
så tilfeldigvis begjær
som den aller beste er!
Etter mitt syn, men du bør
lese alle, viss du tør.
Diktet blei lese opp på Café SKA den 5. mars 2003, i bolken «Forfatter
velger forfatter».
Note
1 Eg har fleire favorittforfattarar enn dette! [Tilbake]
Publisert 10. mars 2003 | Til toppen av siden