Jubileumshilsen Av Jens Stoltenberg
Tale «Børs og katedral»
Av Erik Must
Profil Et slag for amatøren
Lars Saabye Christensen intervjuet av Kåre Bulie
Profil «Det er vi som er de siste anarkistene»
Horace Engdahl intervjuet av Christian Kjelstrup
Refusjonsbrev
Av redaktør Johan Borgen
Novelle Yama
Av debutant Axel Jensen
Bildeserie Utvalgte Vinduet-forsider fra 1947 til 2007
Gjendiktninger Wallace Stevens’ alderdomsdikt
Til norsk ved Jan Erik Vold
Reiseskildring Noe om Georg Johannesen og liv og død-situasjoner – eller: Jeg vet ikke hva
Av Nils-Øivind Haagensen
Reiseskildring Om fingeren som ikke viser vei Av Andreas Viestad
Debattessay Intimitetstyranni? Av Espen Haavardsholm
Debattessay Innholdisme Av Per Bjørnar Grande
Haiku Seks haiku
Av Inge Haugane
Spalte Ein ganske fotnoterik guide til: Litterære jubileum
Av Are Kalvø
Bokomtale Møllerens skrift
Herta Müller: Mennesket er en stor fasan i verden og Alltid den samme snøen og alltid den samme onkelen

Av Kaja Schjerven Mollerin
Bokomtale Syngende prosa fra sør
Edward P. Jones: The Known World og All Aunt Hagar’s Children

Av Erik Bjerck Hagen

Innhold Vinduets novellenummer:

Leder

1. premie
Reidun Elise Foldøy: «Den store dagen»

Delt 2. premie
Karine Nyborg: «Det må være en grunn»
Eva Sannum: «Love me tender»

4.-10. premie
André Aronsen: «Marsha»
Lena Niemi: «En grav og gå til»
Arild Rossebø: «Magda og Ludvig»
Stein Slettebak Wangen: «Kjære liv»
Eivind Riise Hauge: «Fars sigaretter»
Tommy Kvarsvik: «Bil A, bil B og Tore – en studie i det rekonstruerte liv»
Knut Rage: «Ein stad finst det nokon»

Prosa

Over brua og heim
av Øyvind Vågnes

Så stod eg utanfor att, i frisk luft, endeleg, og han stod der saman med meg, med hendene i lomma, såg ned på joggeskoa sine, såg heilt forkomen ut.
     Det vert ikkje noko åtte-førelesing på meg i morgon, sa eg, hustra det fram, varm røyk frå munnen. Drosjer overalt, det rann menneske ut av døra, ut på gata, dei tok farvel, nokre fann saman i meir eller mindre tilfeldige konstellasjonar, fann vegen mot nattopne kebabsjapper.
     Du vert sikkert sjukepleiar likevel, sa han.
     Kva? spurde eg.
     Ja, eg meiner, du vert nok sjukepleiar likevel, sjølv om du går glipp av ei førelesing.
     Han smilte. Krøllene hans i vinden, tenkte eg, krøllene hans i vinden. Det var litt av eit syn. Krøller til alle kantar. Eg likte det ukjemde håret hans, og no var det vinden som tok kontrollen. Det var slikt hår ein får lyst til å fingre med.
     Bur du her? sa eg. Ja, her i området altså?
     Ja, sa han. Eg bur over optikaren du ser der borte, i etasjen over der.
     Han peikte bort over torgplassen, på eit gammalt trehus.
     Siste bussen har vel gått, sa han.
     Ja, sa eg.
     Eg såg på klokka.
     Aner ikkje kvifor eg vart sitjande så lenge, sa eg. No må eg gå over høgda og vidare over brua og heile vegen heim att. Ei kinareise.
     Eg kan gå saman med deg eit stykke, ja, om du vil ha selskap då, eit stykke på vegen. Eg vil gjerne ha frisk luft, sa han.
     Det får du nok av om du følgjer meg over brua i alle fall, sa eg.

Det byrja å regne så smått like før vi kom til brua, og vi stoppa under steinporten like nedom Universitetsbiblioteket, ingen av oss hadde paraply.
     No kan du angre, sa eg.
     Det er ikkje så verst her, sa han, og sette seg på huk, lente seg mot veggen.
     Eg sette meg på eit trappetrinn.
     Det er no vi pratar om kvifor, sa eg.
     Kvifor kva, sa han.
     Kvifor kvasomhelst, sa eg.
     Han løfta ein kvist frå bakken, tromma på eine kneet.
     Kvifor sjukepleiar? spurde han.
     Eg veit ikkje heilt, sa eg. Det vart vel berre slik. Eg var usikker på det meste til eg vart seksten, sytten, kva eg ville, kvar eg ville, kven eg ville vere med. Det var vanskeleg å skilje ut kva det var eg eigentleg ville, og kva eg berre gjorde, kva skal eg seie, på rutine, kva eg berre gjorde utan at eg hadde tenkt over om eg ville det først.
     Han såg ikkje på meg, sat berre og såg rett fram.
     Eg trur du ville verte sjukepleiar fordi du vil vere god mot andre, sa han.
     Eg visste ikkje heilt kva eg skulle seie til det. Det var ein underleg måte å snakke på.
     Du har jo ikkje kjent meg før i kveld, sa eg. Det er jo vanskeleg for deg å seie noko om motiva mine.
     Det har du rett i, sa han, og såg på meg, men eg kan jo spekulere på det. Og eg seier kva eg tenkjer. Eg seier ikkje at det er slik det er.
     Det er ein forskjell, sa eg og smilte, tenkte eg kanskje hadde vore litt skarp.
     Det er i alle fall lurt å tenkje på det som to ulike ting, sa han.
     Eg var med i Folkehjelpa då eg var femten, sa eg. Eg hugsar at vi hadde øvingar. Ute i skauen. Vi gjekk og gjekk, visste at vi skulle kome over ei slik scene du veit, ei simulert ulukke av eit eller anna slag. Eg syntest det var ekkelt, eg hugsar første gongen, vi gjekk ei stund, og så kom vi fram til ei simulert bilulukke, noko kunstig var det, ei bilulukke på ein skogsveg langt ute i gokk, men det tenkte eg ikkje på. Dei låg strødd rundt, menneska, eg hadde aldri sett dei før, og dei var bleike og blodige om kvarandre, ropte, hallusinerte. Eg vart så skremt at eg byrja å gråte. Leiaren kom bort til meg og heldt rundt meg og sa at det var naturleg at eg var redd. Gutane kniste.
     Og likevel vil du arbeide som sjukepleiar, sa han.
     Det er sjeldan så dramatisk, sa eg.
     Samtalen vår kom til eit slikt punkt då eg kjende at det var på tide at vi snakka om han. Det verste eg veit er folk som snakkar om seg sjølv, utan grenser.
     Kvifor fann du ut at du skulle arbeide i eit bakeri? spurde eg.
     Eg hadde lyst til å gjere noko, sa han, med hendene mine, lage noko, vere med på å produsere noko, eg ville tenkje, når dagen var over, at eg hadde gjort noko handfast, eg hadde bakt brød, og eg ville at dei som kom inn i butikken i løpet av dagen, skulle kjøpe brødet, og ete det, skjere det opp i skiver og ha syltetøy og salami på og skru på fjernsynet, eller setje seg i ein stol med ei avis og ete skivene, med eit glas mjølk eller ein kopp kaffi. Eg ville at dei stort sett skulle gjere dette, og ta det for gitt, ikkje reflektere vidare over det, men at av og til, ein gong frå tid til anna, skulle ein av kundane smatte og tenkje: smaken av nybakt brød! Og kanskje, neste dag, i bakeriet, skulle han seie til meg, eller til Randi, som er den einaste andre som arbeider i bakeriet mesteparten av året, at det var eit eksepsjonelt godt brød vi hadde bakt.
     Han smilte, og eg syntest det var så fint det han sa, det var enkelt og fint, og eg følte meg mjuk og dum og sentimental, og eg fekk lyst til å kysse han.
     Brød er ei vare som folk tek for gitt, sa han. Dei et det med ein viss grad av automatikk, ikkje sant? Dei sit ikkje og lovprisar bakarar. Eg er ein del av den gjengen du veit, den stille geriljaen som arbeider for den gode kvardagen. Rørleggjarar, søppeltømmarar, elektrikarar, vi sikrar husfreden. Eg er ikkje kokk eller noko. Eg garanterer berre for dei små stundene.
     Bror min hadde likt deg, sa eg.
     Ja vel, sa han. Kvifor det?
     Han hadde likt måten du snakkar på no, det er morosamt, du er flink til å fortelje om deg sjølv.
     Kor gammal er bror din? spurde han.
     Han er tjuetre, sa eg. Og eg er tjuefem. Han bur her i byen. Saman med kjærasten, Maria.
     Det hadde slutta å regne, og han reiste seg og gjekk ut og heldt handa ut, kjende liksom etter om det regna, slik folk gjer, som om dei ikkje merkar at det ikkje regnar, eller regnar.
     Skal vi gå? spurde han.
     Det skal vi, sa eg.

Det var først etter at vi hadde gått over brua, at eg skjønte at han ville følgje meg heile vegen, og eg byrja tenkje at eg ville at han skulle verte med meg inn. Eg hadde ikkje vore saman med ein gut på over eitt år, og dette var annleis, dette var ulikt alle gongene før. Han var annleis, denne fyren, han var verkeleg det.
     Vi gjekk forbi trehuset der det er ei stor lysekrone i andre etasjen, og eit innramma fotografi av Elvis på stoveveggen, eit enormt fotografi av Elvis på femtitalet ein gong, i ei gullramme som er heilt upassande, og det var lys på, klokka fire om natta. Eg peikte opp mot huset. Brått kom det ein mann i vindauget, og vi hasta vidare, og han tok armen min i sin, og eg lét han ta armen, han snudde seg mot meg, men eg berre gjekk på, var redd for at det skulle verte for mykje på ein gong. Eg håpte at det ikkje skulle verte for mykje på ein gong. Det hadde vorte det så mange gonger før.
     Vi gjekk fort, og brått stod vi utanfor inngangsdøra, og han sa, så her er det altså.
     Her er det, sa eg.
     Det vart stille, og vi stod begge og lurte litt på kva som skulle skje no.
     Saknar du nokon, sa han, ja, nokon å vere med?
     Ja, sa eg. Gjer du?
     Ja, sa han. Han såg oppetter husveggen, oppetter etasjane.
     Eg gjer det.
     Eg var hos optikaren nyleg – ja, det var faktisk i etasjen under der du bur, sa eg. Eg hadde vore plaga med eit sårt auge, det var raudt, posete, hove. Eg gjekk inn der og fekk dama til å sjå på auget. Eg er ikkje lege, sa ho, men eg kan jo sjå. Og eg la meg under lyset og ho stirte inn med eit slikt glas. Og så sa ho: Du kan skylje med dropar, men du må følgje med, skjøner du? Du må sjå kvar morgon, sjå på auget, om det vert betre, og om det ikkje vert det, må du gå til ein lege. Har du nokon som kan sjå på auget ditt om morgonen når du vaknar? spurde ho. Eg kunne ikkje tru det. Akkurat det sa ho, og ho tenkte nok ikkje på det, men eg vart sur. Eg har faktisk ikkje nokon, sa eg til henne. Eg meinte det ikkje slik, sa ho. Korleis, spurde eg. Då sukka ho. Så sa ho: Få i alle fall nokon til å sjå på auget. Eg skal sjå kva eg kan klare, sa eg, og eg sa ikkje meir, og ho syntest sikkert eg var humørlaus. Eg var humørlaus. Kanskje er eg humørlaus.
     Det er du ikkje, sa han.
     Det veit ikkje du noko om, sa eg.
     Ja vel, så er du humørlaus då, sa han. Korleis gjekk det?
     Med kva?
     Med auget, vel.
     Å, det gjekk fint, sa eg. Vil du vere med opp?

Vi vart sitjande ved kjøkenbordet og snakke, han hadde ei evne til å få meg til å prate på, det gjer eg nesten aldri, men eg la ut, om skulen, om dei andre eg gjekk saman med, om lærarane, om dagane som gjekk så fort, om kveldane då eg var sliten og kom heim og sovna på sofaen framføre fjernsynet, om kokte egg til frukost, om turar innover fjellet her, om somrar og vintrar. Om gode og vonde dagar. Han fortalde om seg sjølv, om at han hadde vakse opp utan mor si, ho hadde døydd av kreft då han var tre, og han hadde vakse opp med far sin og ei eldre syster, og dei snakka han ofte med i telefonen, ja, i alle fall ein gong i veka med far sin, og gjerne oftare med systera. Om alt mellom himmel og jord, med systera kunne han snakke om alt.
     Far min tok livet sitt, sa eg brått, og vart redd for at det skulle øydeleggje alt, vart redd for at det skulle kaste ein skugge over alt, over det som hadde gått seg så fint til slik, nesten av seg sjølv, men han tok det fint, sa han ville høyre om kva eg hugsa frå far min, kva det var som gjorde meg glad å tenkje på frå dei åra i livet mitt.
     Det er dei første åra i oppveksten eg liker å tenkje på, sa eg. Det var først seinare at det vart vanskeleg. Og eg flytta heimafrå før det vart riktig ille, då budde berre bror min og mor mi der. Mor mi hadde flytta ut, vore borte ein heil sommar, hadde nett kome tilbake, skulle gi det eit siste forsøk, då han tok livet sitt. Køyrde ut i sjøen og drukna seg.
     Han tok tak i handa mi.
     Eg kremta.
     Korleis veit de at det ikkje var ei ulukke, sa han.
     Det er berre slikt ein veit, sa eg, han visste kvar vegen gjekk, han visste kva han gjorde. Det har aldri vore tvil om det.
     Eg orka ikkje å snakke meir om akkurat det, for eg hadde vore gjennom det nok gonger, hadde late det ta nok tid, og no var eg her med ein gut eg likte, for første gong kanskje, ja, eg trur eg kan seie for første gong.
     Men eg hugsar mange gode ting, sa eg. Som søndagsføremiddagar der far min spelte plater, vi fór på sykkelturar alle fire, bror min bakpå far sin sykkel, og vi kom heim, og han spelte plater medan mor laga mat og ho smilte og nynna med, og han song, nokså stygt. Bror min og eg drakk saft og såg på Geir Børresen på barne-tv og merka lite til at han drakk, han gjorde det då også, men vi merka ikkje mykje til det. Kanskje på pusten av og til, men knapt ofte. Bestemor har sagt til meg at ho angrar på at ho gav far sherry og spelte operaplater for han, at ho gjorde det då han var berre femten–seksten år. Ho kjenner skuld, akkurat slik som vi andre gjer. Men det er vel ingen som har skulda. Men eg skulle snakke om det som var fint, skulle eg ikkje? Vil du ha meir te?
     Han rista på hovudet, geispa motvillig, prøvde å kvele geispen.
     Vil du sove, sa eg.
     Nei, det var ikkje slik meint, sa han. Eg vil høyre meir.
     Det er på grunn av far min at eg veit at Mahler vart fødd i 1860, og at han skreiv den femte symfonien for hundre år sidan, sa eg. Eg har fått mitt eige forhold til alt det der, og noko av det han spelte, høyrer eg ofte på, og eg vert glad av det, men noko av det, vel, noko av det klarer eg ikkje å høyre på. Som nokre av songane til Mahler, som far spelte ofte. Rückert-Lieder. Han var ein nokså pompøs person, far. Kjærleg, dramatisk. Omtenksam. Han song med, kneip att auga. Det endra seg umerkeleg, søndagsføremiddagane vart annleis, han var ikkje interessert i sykkelturane lenger, og når vi kom tilbake, hadde han drukke, etter kvart slutta han å tygge tyggegummi for å skjule det, han resiterte linjer frå dikt, og det vart ganske ekkelt. Det er difor eg ikkje kan høyre på Mahler sine songar, eg ser føre meg far min når han nynna på «Liebst du um Schönheit», Liebst du um Schönheit, O nicht mich liebe! Han var ikkje der, det var som om han hadde forlate oss og late ein annan person ta over. Han høyrde på opera, meir og meir, og drakk. Det som er rart, er at noko av den musikken gjer meg glad, noko gjer meg så trist, eg klarer mest ikkje å høyre på det, og alt avheng av han, ikkje sant? Han har klart å prege livet mitt på tusen små måtar eg aldri hadde venta. Eg tenkjer på far når eg ser dei første teikna til vår, for det var han som peikte og forklarte meg kva eg skulle sjå etter, eg tenkjer på han når eg brått høyrer eit musikkstykke på radioen som han brukte å spele, eg tenkjer på han når eg syklar til jobb, eg tenkjer på han når eg ser på teikninga du ser over kjøleskåpet der, ei teikning han gav meg.
     Har du snakka med mor di om alt dette? spurde han. Om far din. Kva du tenkjer om han.
     Berre litt, sa eg. Men eg har lyst til å snakke med henne om det. Ho fortalde mykje om då dei var unge, ja, ho fortalde mykje om det før, då eg budde heime, då han var i live, men etter at han døydde, har ho fortalt lite. Ho har vore tyst. Eg klandrar henne ikkje. Ho var borte ei stund, trong å vere for seg sjølv.
     Og bror din?
     Bror min og eg snakkar saman frå tid til anna, men vi veit ikkje så mykje om kvarandre, vi er oppdaterte på faktafronten, men veit lite når alt kjem til alt. Det er ikkje som du og systera di. Han vart saman med Maria for fleire år sidan, så var dei borte frå kvarandre ei stund, men dei vart saman igjen, og flytta saman, det er ikkje så lenge sidan. Men eg veit ikkje så mykje om det, han har fortalt meg så lite, om korleis dei fann saman att, om korleis han har det saman med henne, om kva han tenkjer om Maria eller om andre ting. Eg veit ikkje kva bror min lengtar etter, og han veit ikkje kva eg lengtar etter.
     Kva lengtar du etter? spurde han.
     Eg ruga hardt på tekoppen, såg at det lysna ute, og kjende at det var nok.
     Det er greitt, sa han, vi kan snakke om det ein annan gong, eg vil sove no, trur eg, kan eg leggje meg her, på sofaen din? Kan eg sove over hos deg?
     Eg vil gjerne at du skal det, sa eg, og du treng ikkje sove på sofaen, om du vil kan du sove hos meg i senga.
     Eg er stuptrøytt, sa han, og reiste seg, og drog genseren av seg, krøllene stod til alle kantar, han sette seg på stolen og drog av seg dongeribuksa og reiste seg og stod der i bokser og sokkar, og så tusla han bort og la seg i senga, og eg vart sitjande å sjå ut av vindauget litt, på sola, og eg såg på klokka at ho var nesten sju. Eg gjekk ut på badet og pussa tennene, og då eg kom tilbake låg han på ryggen, på tvers av senga, med armane utslegne, han sov tungt, det surkla i nasen hans, og munnen var på vidt gap. Eg skubba han forsiktig innover mot veggen og kraup oppi og sløkte lyset. Eg hadde ikkje drege for gardinene i rommet, og vart liggjande i lyset og sjå ut av vindauget ei stund før eg sovna, og eg tenkte på mykje forskjellig der eg låg, på han som låg ved sida av meg og snorka, på at eg gjerne ville verte sjukepleiar, ja, at det var det eg ville, eg tenkte på dette og på mange andre ting, men eg tenkte ikkje på far.


Teksten er hentet fra boken Ingen skal sove i natt (Tiden 2003).

Publisert 10. mars 2003 | Til toppen av siden