Jubileumshilsen Av Jens Stoltenberg
Tale «Børs og katedral»
Av Erik Must
Profil Et slag for amatøren
Lars Saabye Christensen intervjuet av Kåre Bulie
Profil «Det er vi som er de siste anarkistene»
Horace Engdahl intervjuet av Christian Kjelstrup
Refusjonsbrev
Av redaktør Johan Borgen
Novelle Yama
Av debutant Axel Jensen
Bildeserie Utvalgte Vinduet-forsider fra 1947 til 2007
Gjendiktninger Wallace Stevens’ alderdomsdikt
Til norsk ved Jan Erik Vold
Reiseskildring Noe om Georg Johannesen og liv og død-situasjoner – eller: Jeg vet ikke hva
Av Nils-Øivind Haagensen
Reiseskildring Om fingeren som ikke viser vei Av Andreas Viestad
Debattessay Intimitetstyranni? Av Espen Haavardsholm
Debattessay Innholdisme Av Per Bjørnar Grande
Haiku Seks haiku
Av Inge Haugane
Spalte Ein ganske fotnoterik guide til: Litterære jubileum
Av Are Kalvø
Bokomtale Møllerens skrift
Herta Müller: Mennesket er en stor fasan i verden og Alltid den samme snøen og alltid den samme onkelen

Av Kaja Schjerven Mollerin
Bokomtale Syngende prosa fra sør
Edward P. Jones: The Known World og All Aunt Hagar’s Children

Av Erik Bjerck Hagen

Innhold Vinduets novellenummer:

Leder

1. premie
Reidun Elise Foldøy: «Den store dagen»

Delt 2. premie
Karine Nyborg: «Det må være en grunn»
Eva Sannum: «Love me tender»

4.-10. premie
André Aronsen: «Marsha»
Lena Niemi: «En grav og gå til»
Arild Rossebø: «Magda og Ludvig»
Stein Slettebak Wangen: «Kjære liv»
Eivind Riise Hauge: «Fars sigaretter»
Tommy Kvarsvik: «Bil A, bil B og Tore – en studie i det rekonstruerte liv»
Knut Rage: «Ein stad finst det nokon»

Anmeldelse

Hurra med atterhald
av Olaug Nilssen

Simon Stranger
Den veven av hendelser vi kaller verden
Tiden Norsk Forlag 2003


For å vise korleis eg forheld meg til romanen Den veven av hendelser som vi kaller verden av debutanten Simon Stranger, har eg lyst å bruke ein tv-reklame for Tine melk. Eit barnebarn kjem til ei bestemor for å ete bollar. Han får melk, og medan han sit og drikk, fortel han at han har scora to mål på fotballkampen han nettopp har spelt. Det siste han seier før han glupsk drikk opp all melka, er «Det var så herlig mål». Bestemor får ikkje melk, og blir sur. Ho tar alle bollane sjølv og brukar eit iskaldt tonefall når ho seier: «Ja, det var nok morsomt».

Det som er relevant i forhold til Den veven av hendelser som vi kaller verden, er at eg gjerne vil seie om den at den er ei så herlig bok! på akkurat samme måte som guttungen seier det om målet sitt, for det er den, og når eg har sagt det skal eg uskyldsblått drikke opp all melka, og fordi eg er så naiv skjønar eg ikkje at bestemor er sarkastisk når ho svarer. Eller kanskje eg heller skal påstå at det er boka som seier «det er ei så herleg verd!» men at lesaren, med mindre ho er ekstra kjenslevar den dagen, blir nøydd til å vere sarkastisk når ho peikar på at dette er ein direkte feil påstand. Boka er herleg, men ein føler seg naiv dersom ein gir seg hen.

I Den veven av hendelser som vi kaller verden, følger vi eit hydrogenatom frå Grønland i år 736 via Huang Chuan i Kina i år 1602 til Bagni di Lucca i Italia, 1821 og vidare til Caracas i Venezuela i 1823, til Bergen i 1955 før det ender opp i (på?) Moana, Cookøyene, Stillehavet i 1998. Kvar stad har sine eigne hovudpersonar og si eiga historie. Kvar historie har fleire trådar i ulike retningar, og trådane blir som regel fletta saman slik at alle tilfeldige hendingar har noko med kvarandre å gjere på samme måte som hydrogenatomet har noko med det heile å gjere. Mottoet til romanen er lånt av Tao Te Ching: «Alt er i forandring. Ingenting er i forandring,» og vi får vite at cellene i kroppen blir bytt ut «relativt ofte», at

hele kroppen, inkludert indre organer og ryggmargen, er totalt fornyet omtrent hvert tiende år. Vi er med andre ord ikke mer konstante enn en hvilken som helst elv, et elveleie der vannet som renner selvfølgelig er nytt hele tiden, mens elven likevel ser lik ut, inntil elvebredden gradvis eroderer og opphører å være elv, slik kroppen vår en dag vil opphøre å være oss. (s. 157)

Eg synest det er fascinerande å tenke på dette, og det er kjekt å følge ferda til hydrogenatomet; korleis det liksom tilfeldig stoppar opp og er der på ulike stader gjennom verda og historia før det nådelaust fer vidare og lar personane vi har møtt vere igjen åleine. Alle stoppestadene blir historier som er prega av korleis tilfeldigheiter og slumpetreff set i gang hendingar som er av all verdas betydning for personane som blir råka av dei. Dette er særleg påfallande i historia om den venezuelanske Alberto Alovar som har tenkt å hevne mordet på mor si med eit mordar-mord. I byrjinga av fortellinga er han på leiting etter tilfeldige gjenstandar han kan skrive historier om opphavet til; om korleis slumpen ville at nettopp den gjenstanden; den raude ballen, den påfuglfjæra, den danseskoen havna akkurat der, framfor føttene til akkurat han. Når han så får tilsendt ein ring mora har eigd, og av den grunn skjønar at ho ikkje tilfeldigvis døydde, men derimot blei overfalle og drepen, vil han heller finne opphavet til gjenstanden, mordaren, i røynda enn å dikte han fram. Mordaren for sin del har som barn sett eit dukketeaterstykke (gjengitt i teksten; det er eit så herleg stykke om Fru Høystemt og Skurken!) som er ei spegling av hans eige overfall. Akkurat desse hendingane er av betydning for akkurat han, og hans liv og gjeremål kan bli forklarte med hans fortellingar samtidig som det kan bli forklart som ein liten dråpe i eit svært hav av tider og stader.

Ein må forestille seg at det er slik Simon Stranger har jobba med novellene sine. (Om eg kan vere så frekk å kalle dei det; den raude tråden består ikkje av anna enn hydrogenatomet.). Han har funne eit hydrogenatom, og så vil han dikte historier om kvar akkurat det atomet tilfeldigvis har vore. At han diktar og at utvelginga er tilfeldig, blir stadig understreka med at vi får vite at dersom vi hadde sett i den retninga, hadde vi sett det som der hende, og viss vi hadde villa eller kunna vore til stades eller dersom vi hadde spurt nokon, så hadde vi fått vite følgande: det Simon Stranger fortel. Det er noko tåpeleg med denne insisteringa på at det ikkje er nokon som ser. Første gangen vi møter hydrogenatomet, får vi ei grundig skildring frå alle perspektiv av ein isbre som kalvar, og det er ikkje sant når det pompøst heiter at

det er ingen der til å se det. Ingen som ser isblokken flyte utover mot havet, ingen som ser at vannet langsomt renner av den, lag etter lag, at de skarpe kantene forsvinner, at smelteprosessen glatter ut alle ujevnhetene, gjør dem myke, at hele dette enorme krystallet av hydrogen og oksygenatomer snart vil ha endret form fullstendig. (10)

Eg forstår jo at dette skal minne meg om at det sanneleg er ufatteleg mykje som skjer utan at eit lite krapyl som meg ser det, og i ein roman som fortel og fortel alt den klarer å få med seg, er det ikkje så rart at romanen vil minne om at han ikkje får med alt, samme kor gjerne han ville. Men sarkastisk innstilt som eg er, klarer eg ikkje å la vere å fnise over eit utdrag som det over. Gjentakingane av at ingen, absolutt ingen får med seg dette, og den nøye skildringa av kor vakkert og saktmodig det er det som skjer, gjer at eg får inntrykk av at fortellaren verkeleg har vondt av denne kalvande isbreen. Men det nyfødde isfjellet har fått merksemd frå både fortellar og lesar, så det er ikkje så fryktelig synd i det. Ei heller er dette ei stor innvending mot romanen, og det pompøse språket er verre enn den løgnaktige påstanden om mangel på sjåarar/lesarar.

Alberto Alovar dikta altså historier heilt til hans eige liv trengde seg på slik at han heller ville finne ut av dèt. Det er liten vits i å spekulere i om Simon Stranger har gjort det samme, men han har i alle fall tatt utgangspunkt i verkelege historiske hendingar og omgjevnader. Merkeleg nok gjer dette at fantaseringa hans blir ekstra openberr. I historia frå den kinesiske forbudte by, er store delar oppramsing av levevilkår for Kinas fattige, og i historia frå Bergen får vi vite kva ein striping er og at fiskebutikken til søstrene Hagelin selde fisk til tyskarane under krigen. Eg har ingen grunn til å tru at Simon Stranger lyg; han har heilt sikkert sett seg inn i emnene han skriv om, men ettersom han er ein ung, norsk fyr, kan eg likevel ikkje fri meg frå tanken om skulestil. Når det gjeld hydrogenatomet, er det ei avansert utgåve av oppgåva «hundrelappen fortel». Og så har vi nettopp hatt om Kina på skulen, så då får vi «skriv om ein ung mann som lever i den forbudte by. Korleis trur du det er å bli gjelda?»

No blir det mykje atterhald og lite hurra. Det er urettvist å tenke skulestil berre fordi eg veit at forfattaren er ung og norsk. Det er imidlertid ikkje så farleg at eg gjer det, for dei (heilt sikkert) historisk korrekte omgjevnadene er ikkje anna enn kulissar for det viktigaste, nemleg hendingane. Hendingane i Den veven av hendelser vi kaller verden, er av kjenslemessig oppøsande art, og det er dette som er det herlege med romanen. Ein ung mann svik kjærasten sin så ho døyr, men får oppreising for begge når han mot alle odds sørgar for å gravlegge asken hennar der ho som sjuåring sa ho ville kvile. Ein liten gut blir mobba fordi mora hans jobbar hos stripingar, men ei eldre veninne reddar han frå dei vonde plageåndene. Ein mann forlet si utru kone, men etter å ha prøvd seg mot sterke naturkrefter og overlevd, tilgjev han henne og vel kjærleiken. Det er herleg! Verda er god! Det er det! Verda er det! Diverre veit ein at det er ho faen ikkje, så etter endt lesing blir ein skeptisk og noko lattermild.

Men eg begynte å grine: Det var i Italia i 1821 at hydrogenatomet «ender som en del av ansiktet til en ufødt pike, som del av en epitel-celle i pannen hennes.» (39–40) Denne jenta heiter Isabella og er dotter av Maria og Mario. Ho er «ingenting»; ho snakkar ikkje og reagerer ikkje adekvat på tilnærmingar frå andre. Dette er til stor fortviling for foreldra, og dei tilkallar legar frå fjern og nær. Ein av legane har vore på kurbadet deira, og står difor i ei slags takknemligheitsgjeld til Mario. Han har ei kone som spelte piano før, men ikkje no lenger, for då ho kom frå bygda til storbyen, forsto ho at ho ikkje var god nok. Alt dette har noko med saka å gjere, men Å! Det går ikkje an å gjenfortelle det, for det ser berre dumt ut, og det synest eg jo ikkje det var ettersom eg faktisk GREIN av korleis alt ordna seg til det beste då alle var på rette stader til rette tider; eg GREIN då Isabella til slutt sa «Kom hjem, pappa» på side 73. Sjølv om EG ikkje klarer å gjengje dette utan å få det til å sjå ut som ei slags tåpeleg vekebladhistorie frå røynda, kan eg ikkje anna enn å lovprise Simon Stranger for å ha klart å overtyde meg om at det er noko å bry seg om likevel. Blikket til Stranger er innom overalt, alle personane får forklart både (kva som kunne ha vore) eige opphav og kva som (kunne ha vore/) er bakgrunnen for at akkurat dei er med i akkurat denne historia. Det er veldig medrivande. Og tilbake til atterhald: til tider er det så pompøst at det er flaut å lese.

[Hun] sier at det er her hun vil gravlegges hvis hun dør, uten noen overgang eller noen forklaring, bare disse ordene. (14)

eller

Sang, sollys inn vinduet. Hun svinges rundt, holdes hardt av de våte hendene hans, og motvillig begynner hun å le, av lykke, av rommet som snurrer, av frykten for at de begge skal deise i gulvet, av glede over at de er ferdige, endelig ferdige, ler, bare ler; et øyeblikk gjør hun bare dèt, glemmer alt annet, bare snurrer rundt, og ler. (43)

eller i Sliding Doors-historia: Mannen som blir ferdig på jobb tidlegare enn han hadde trudd, og som køyrer heimover medan han tenkjer glad på at han og kona skal ha seg ein god middag. Fleire teikn i teksten får oss til å skjøne at forventningane hans skal bli til skamme (det er forresten omvendt «E6» av DDE, han tenkjer ikkje «kanskje ligg det nån i arman dine no?», men det gjer det), men i staden for å la han køyre heim og finne kona si i seng med ein annan, tar han seg ein ekstra tur innom byen og DER ser han henne, leande saman med ein annan. Åh! Ulykksalige tilfeldig-tilfeldighet!

Det er ikkje særleg populært å vere sarkastisk mot dei inderlege, og eg vil virkelig ikkje gjere narr av ein roman som viser gode handlingar. Skildringar av gode handlingar er oppløftande lesing som oppmodar lesaren om å gå ut å gjere likeså. Når eg gret av at romanpersonar utøver inderlig godheit, viser det meg at eg når det kjem til stykket heller vil vel enn å vere likegyldig og kynisk. Det er bra! Eg håpar og trur at mange vil lese og like denne romanen, men i alt sitt pompøseri, er han ikkje noko meisterverk.

Publisert 14. april 2003 | Til toppen av siden