Jubileumshilsen Av Jens Stoltenberg
Tale «Børs og katedral»
Av Erik Must
Profil Et slag for amatøren
Lars Saabye Christensen intervjuet av Kεre Bulie
Profil «Det er vi som er de siste anarkistene»
Horace Engdahl intervjuet av Christian Kjelstrup
Refusjonsbrev
Av redaktør Johan Borgen
Novelle Yama
Av debutant Axel Jensen
Bildeserie Utvalgte Vinduet-forsider fra 1947 til 2007
Gjendiktninger Wallace Stevens’ alderdomsdikt
Til norsk ved Jan Erik Vold
Reiseskildring Noe om Georg Johannesen og liv og død-situasjoner – eller: Jeg vet ikke hva
Av Nils-Øivind Haagensen
Reiseskildring Om fingeren som ikke viser vei Av Andreas Viestad
Debattessay Intimitetstyranni? Av Espen Haavardsholm
Debattessay Innholdisme Av Per Bjørnar Grande
Haiku Seks haiku
Av Inge Haugane
Spalte Ein ganske fotnoterik guide til: Litterære jubileum
Av Are Kalvø
Bokomtale Møllerens skrift
Herta Müller: Mennesket er en stor fasan i verden og Alltid den samme snøen og alltid den samme onkelen

Av Kaja Schjerven Mollerin
Bokomtale Syngende prosa fra sør
Edward P. Jones: The Known World og All Aunt Hagar’s Children

Av Erik Bjerck Hagen

Innhold Vinduets novellenummer:

Leder

1. premie
Reidun Elise Foldøy: «Den store dagen»

Delt 2. premie
Karine Nyborg: «Det må være en grunn»
Eva Sannum: «Love me tender»

4.-10. premie
André Aronsen: «Marsha»
Lena Niemi: «En grav og gå til»
Arild Rossebø: «Magda og Ludvig»
Stein Slettebak Wangen: «Kjære liv»
Eivind Riise Hauge: «Fars sigaretter»
Tommy Kvarsvik: «Bil A, bil B og Tore – en studie i det rekonstruerte liv»
Knut Rage: «Ein stad finst det nokon»

Anmeldelse

Om Engel av nylon, ein pageturner
av Olaug Nilssen

Helene Uri
Engel av nylon
Gyldendal 2003


Eg klarte ikkje å legge fra meg Engel av nylon. Det er nemleg noko hovudpersonen Beate ikkje vil fortelle. Ho mistar både barnet sitt og mora si, men særleg det første dødsfallet kom i bakgrunnen då eg las; eg var så spent på å få vite kva det var Beate nekta å snakke om at eg bladde utolmodig heilt til det kom og eg kunne nikke aha og jaså. Eg er imponert over Helene Uri si evne til å skape spenning og til å sette fullt ut forståelege ord på vanskelege kjensler. Innvendingsvis kan eg nemne at delar av romanen er ført i eit overkant tåredryppande språk, at språket ellers er litt flatt og at nokon hendingar forstyrrar det eg meiner er den interessante historia. Likevel er eg svært nøgd, eg synest Engel av nylon er ein spennande roman.

1

I eit intervju med nrk radio, seier Helene Uri at ho har skrive ein studie i skuldkjensle, og det synest eg er ei presis skildring av romanen. Eg synest også det er ei god studie i skuldkjensle, for kvifor hovudpersonen Beate skulle kjenne seg skuldig i brotsverket «å vere ei dårleg mor», ville eg aldri hatt noko forståing for dersom eg ikkje hadde fått studert tankane hennar og tankane til personane rundt henne. I følge handlingane til Beate er det nemleg rimeleg openbart at ho er ei god mor, men sjølv meiner ho at ho manglar eit «morsgen»; eit «morsgen» som får mødre til å bli glad for dorullnissar, gråte over Lucia-tog, kunne skille ut sitt barns gråt frå andre barns gråt og som ei snipemor alltid meine at sitt eige barn er det vakraste. Beate synest ikkje dottera Fie er den vakraste av ungane på barselgruppa, og ho synest heller ikkje det er noko moro når Fie vil spele eit sjølvlaga skodespel for henne når ho hadde mest lyst til å ha tid for seg sjølv med ei bok. Likevel lir ho seg blidt igjennom skodespelet, ho syr Luciadrakt til Fie, ho brukar tjue minutt på lesing og synging på sengekanten kvar kveld og mykje meir til. Men ho er overtydd om at ho ikkje elskar Fie, noko som gjev henne dårleg samvit, og det dårlege samvitet er vedvarande og til dels handlingslammande. Beate si dveling ved mangelen på ekte kjærleiksevne, overtyder imidlertid lesaren om at det er den grundige analysen av eigne kjensler, blanda med medviten fortrenging av fortida, som er problemet til Beate; at det er dette som provoserer fram skuldkjensla, for Beate er ikkje noko monster.

Engel av nylon er delt opp i elleve kapittel der Beate og søstera Janna byter på å føre ordet. I romanens største del, «fortellingen om Fie», er det Beate som fortel, og vi kan mellom anna skulde skuldkjensla på hennar tilslutning til stereotype og lett forkastelege førestellingar om kor sterke banda mellom mor og barn bør vere. Når vi får vere med på barselgruppe, møter vi fem kvinner som oppfører seg som om dei er med i ein konkurranse i ekte morskap:

– Ja, jeg hadde epidural, sier dagens vertinne. – Og du?
– Nei, jeg hadde ikke bedøvelse. Jeg ville ha en naturlig fødselsopplevelse. Jeg ville
ikke …
– Nettopp. Kaffe?
– Ja, jeg mener ikke … det er selvsagt opp til hver enkelt å …
– … ikke la medikamenter sløve instinktene mine.
– Det er selvsagt opp til den enkelte kvinne å avgjøre om hun vil ha bedøvelse.
– Jeg fikk petidin, sier en lyshåret. – Hei, lille snupp, smiler du til mammaen din, du?
– Ja, jeg holder fremdeles en knapp på epidural. Så fin genser du har.
– Jeg sier det før du spør, jeg. Ingen kake til meg! Jeg prøver å slanke bort et par–tre
kilo.
– Jeg lå i over en time med pressrier. Da trenger man noe mer enn lystgass.
– Ja, det er klart det.
– Skulle bare mangle.
– Takk, jeg kjøpte den på salg forrige uke.
– Du fullammer vel ennå?
– Kan noen sende kaffen?
– Da jeg fikk Amalie opp på brystet etter fødselen, hadde jeg det mest vidunderlige
øyeblikket i mitt liv, sa en av mammaene, trolig Amalies.
– Å ja, sukkes det rundt stuebordet.
– Jeg tror jeg vil ha et ørlite kakestykke likevel, eg. Det er jo viktig å få i seg nok
kalorier når man ammer, ikke sant da, dere?
[…]
– Ja, selvsagt kjenner en mor igjen gråten til sitt eget barn. Ikke sant, dere?
– Jo, det er klart.
– Mm. Lekkert tapet forresten.
(s. 70–71)

Desse kvinnene har nettopp har møtt kvarandre, og nokre av dei deler ein lett nedlatande skepsis til smertestillande medisinar. Dei deler også opplevinga av å ha fått eit nyfødt barn på brystet, og er samde om at dette er ei uslåeleg kjensle. Men dei krydrar samtala med kommentarar om kva dei har på seg, om dei bør ete kake og om tapeten til vertinna, og seinare skal vi få sjå at dei konkurrerer om å ha den raskast utvikla ungen; at dei med utspekulerte kommentarar får kvarandre til å kjenne seg ufullkomne fordi eitt barn til dømes ikkje har fått fleire enn ei tann, mot seks tenner hos eit anna barn. Dermed ser lesaren på «morsgenet» som ei evne til å framstå mest mogeleg skrytete, eller mest mogeleg stereotypisk snipemoderleg, på lik linje med evna til å framstå som stereotypisk dustete; opptatt av tapet, genserar og kaloriar. «Morsgenet» er altså ikkje noko å trakte etter, og det er overraskande at den i denne samanhengen tause Beate trur det er ho som er mangelfullt utstyrt.

Det Beate påstår i sitt store kapittel, er at den mora som ikkje elskar ungen sin, blir nøydd til å gjere ein enorm innsats for å oppføre seg som om ho gjer det. Ho trur at dei som verkeleg elskar, har lov til å kjefte på ungane og lov til å bli lei av dei, medan ho som ikkje gjer det, til eikvar tid må følge boklærdomen om korleis ei perfekt omsorgsfull mor oppfører seg og reagerer. Likevel er ho overtydd om at ho ikkje ville ha hoppa uti for å redde Fie viss ho hadde falle i sjøen, og denne sjølvinnsikta er så oppskakande for henne at ho nemner det for mannen Bernt, som ho ellers har begynt å lyge for, til dømes et ho p-piller utan å fortelje det til han, fordi ho ikkje vil ha fleire ungar å ikkje elske. Men når ho seier at ho ikkje ville redda Fie dersom ho fall i sjøen, er han åndsfraverande og svarer at jo det ville du, det ville du gjort instinktivt. Og det samme tenkjer lesaren. For seinare spring Beate hysterisk ut av huset etter å ha mista Fie i hagen av syne ein augneblink, ho spring rett ned til elva for å leite. Men også dette får ho til å bli eit bevis på manglande kjærleik, for det er ikkje godt nok å bli så glad når ho finn Fie at ho kastar seg over henne og trykker henne inntil seg:

Jeg visste det jo. Jeg har sett det på film, lest om det i bøker: Jeg vet at når foreldre finner igjen barna sine, når foreldre har vært fra seg av redsel over å ha mistet barna, blir de først sinte. Først skjenner de på barna sine, skjeller dem ut. […] Og først deretter blir de glade, klemmer dem inntil seg, og gråter av lettelse og kjærlighet. (s. 125)

Beate er ein upåliteleg forteljar, ho er overdrivent misnøgd med seg sjølv; til dømes har ho detaljkunnskap om kva som er gale med utsjånaden sin. Og ho leitar etter høve til å sjå at ho ikkje elskar Fie. Ho hadde forventa at kjærleiken skulle vere overstrøymande, at han skulle likne på andre mødre sin kjærleik, og når han ikkje gjer det, leitar ho i bøker for å finne ut kva ho skal kalle kjenslene ho faktisk har: Er dei fødselsdepresjon? Er ho avstumpa? Er ho rett og slett eit monster? Vi får stadige hint om kva ho bør gjere, nemleg å setje ord på kvifor ho ikkje vil ha noko med si eiga mor å gjere; Bernt får ikkje møte henne, og når Janna vil snakke om henne, vrir Beate seg unna. Ho kan ikkje gå til psykolog for å snakke om kjenslene overfor Fie, fordi ho har ein mistanke om at ho då vil måtte komme inn på forholdet til mora, og det vil ho jo ikkje. Og når ho fortel om ein uvanleg sterk kvalmereaksjon på lukta av brent kakao, heiter det følgande:

Jeg aner ikke hvorfor eg forteller dette nå. Med hånden på hjertet kan jeg si at det ikke har noe med historien om Fie og meg å gjøre. […] Det ligner ikke meg å miste beherskelsen sånn. Jeg har alltid vært så rolig og fattet. Det er jeg som skaper ro, ikke jeg som lager uro. Jeg aner ikke hva som gikk av meg. Og det interesserer meg heller ikke. Det vedkommer iallfall ikke denne historien. Det vedkommer ingen. (s. 91)

Det er ikkje så vanskeleg å forstå at det er akkurat det det gjer; det Beate ikkje vil snakke om, kjem historia ved, det er det som er historia. Vi blir spente på opprullinga av barndommen, vi vil vite kva som er forklaringa på sjølvbildet til Beate, vi vil vite når ho kjem til å slutte og lyge for Bernt, og vi vil vite når ho kjem til å skjøne at det ikkje var sant at ho ikkje elskar Fie. Og Helene Uri held oss på pinebenken; ho smett stadig inn med små drypp; større og større antydningar om kva det var som gjekk gale i oppveksten. Men Beate nektar jo å snakke om dette, så det må Janna gjere.

2

Eg likar måten Beate blir avslørt som upåliteteleg forteljar på; når Janna fortel, kjem det tydeleg fram at både ho og Bernt opplever henne på andre måtar enn ho sjølv gjer – dei synest ho er ei god mor, dei synest ho er vakker, men dei er leie for at ho ikkje opnar seg for dei, og føler seg som uverdige for hennar venskap. Kjenslene til søstera og mannen gir ein ekstra dimensjon til romanen, og det blir skapt eit ekstra spenningsmoment når dei to er på nippet til å finne saman til kvarandre – skjønt, dette burde ha vore betre utnytta, for det kjem svært overraskande på den Beate-orienterte lesaren og er over før det for vel har begynt. I intervjuet med nrk radio framheva Helene Uri Bernt si skuldkjensle som eit viktig aspekt ved romanen, men det synest ikkje eg det er – han seier at han innerst inne skuldar Beate for at Fie døydde, men at han har dårleg samvit for å gjere det, og ferdig med det. Det blir berre ein påstand mot Beate sitt grundig utdjupa kjensleliv.

Men Beate-orientert som eg er – eg har likevel ikkje særleg lyst til å gjenfortelle det Janna fortel om barndommen, for noko av det som gjorde Engel av nylon til ei så god lesaroppleving, var å få vite kva det var , etter å ha lurt på det så lenge. Eg hadde mine mistankar, men fekk ikkje heilt rett, og ettersom fleire og fleire opplysningar kom fram, hanka dei seg elegant på spor som var lagte ut tidlegare i forteljinga, og eg nikka aha, aha, slik måtte det vere, ja. Og no får eg det til å høyre ut som ei kriminalforteljing. Det er ikkje ei kriminalforteljing, og løysingane er ikkje uhyre oppsiktsvekkande, men samanhengen mellom Beate som dotter og Beate som mor, er formidla med detaljfokus og forståing.

Det at mor døyr, blir Beate sin inngangsport til sjølvinnsikt. Då klarer Beate å opne seg for Janna, og sjølv om det er med «karikert belærende lærerstemme» Janna seier at «det hjelper å snakke om ting, vet du, Beate» (s. 216), er det klart at det var det Beate hadde bruk for. For å seie det litt brutalt, synest eg kanskje at Helene Uri ikkje hadde behøvd å drepe Fie. Det som er interessant med romanen, er nemleg korleis Beate kjem fram til sjølvforståing, ikkje korleis ho reagerer på dødsfallet – sjølv om ho får ekstra store kvaler når ho ser på seg sjølv som ei ikkje-elskande mor og står i kyrkja med skammeleg tørre auge. Når Fie døyr, har lesaren slutta å bry seg om ikkje-elskinga, då bryr ho seg berre om grunnen til ikkje-elskinga, for ho har altså skjønt at det er ein grunn.

Publisert 20. oktober 2003 | Til toppen av siden