Jubileumshilsen Av Jens Stoltenberg
Tale «Børs og katedral»
Av Erik Must
Profil Et slag for amatøren
Lars Saabye Christensen intervjuet av Kåre Bulie
Profil «Det er vi som er de siste anarkistene»
Horace Engdahl intervjuet av Christian Kjelstrup
Refusjonsbrev
Av redaktør Johan Borgen
Novelle Yama
Av debutant Axel Jensen
Bildeserie Utvalgte Vinduet-forsider fra 1947 til 2007
Gjendiktninger Wallace Stevens’ alderdomsdikt
Til norsk ved Jan Erik Vold
Reiseskildring Noe om Georg Johannesen og liv og død-situasjoner – eller: Jeg vet ikke hva
Av Nils-Øivind Haagensen
Reiseskildring Om fingeren som ikke viser vei Av Andreas Viestad
Debattessay Intimitetstyranni? Av Espen Haavardsholm
Debattessay Innholdisme Av Per Bjørnar Grande
Haiku Seks haiku
Av Inge Haugane
Spalte Ein ganske fotnoterik guide til: Litterære jubileum
Av Are Kalvø
Bokomtale Møllerens skrift
Herta Müller: Mennesket er en stor fasan i verden og Alltid den samme snøen og alltid den samme onkelen

Av Kaja Schjerven Mollerin
Bokomtale Syngende prosa fra sør
Edward P. Jones: The Known World og All Aunt Hagar’s Children

Av Erik Bjerck Hagen

Innhold Vinduets novellenummer:

Leder

1. premie
Reidun Elise Foldøy: «Den store dagen»

Delt 2. premie
Karine Nyborg: «Det må være en grunn»
Eva Sannum: «Love me tender»

4.-10. premie
André Aronsen: «Marsha»
Lena Niemi: «En grav og gå til»
Arild Rossebø: «Magda og Ludvig»
Stein Slettebak Wangen: «Kjære liv»
Eivind Riise Hauge: «Fars sigaretter»
Tommy Kvarsvik: «Bil A, bil B og Tore – en studie i det rekonstruerte liv»
Knut Rage: «Ein stad finst det nokon»

Anmeldelse

Påminningar
av Maria Solheim

Kjetil Brottveit
Nattradioen
Roman
Forlaget Oktober, 2003


I romanen Nattradioen vert vi presenterte for Kari og Roar. Båe bur i Trondheim, men dei kjenner ikkje kvarandre. Ho har jobb i Nattradioen og må snu døgeret, noko som påverkar humøret hennar. Roar har gitt opp hovudfaget sitt, og trer i staden med stor innleving inn i rolla som lærarvikar.

Lesaren får innblikk i dei to hovudpersonane sine åtskilde liv. Etter kvart lærer ein imidlertid at desse liva ikkje er så ulike. Kari og Roar er båe opptekne av musikk, språk, kunst, byen og av stemningar og detaljar i verda dei lever i, hos seg sjølv og hos sine medmenneske. Men enno meir merkbart er kanskje at dei er opptekne av ting på liknande måte. Det kjem til syne gjennom framstillinga av forståinga dei har av sine respektive verder, og ikkje minst gjennom språklege samband innanfor og mellom desse verdene. Ho «tenkjer i ord» (s. 61), og han «tenner på språk» (s. 317).

Samme songar vert viktige for dei. Roar skreiv aldri hovudfagsoppgåva om Johan Borgen, Kari vel vekk to Borgen-bøker på biblioteket. Ho torer å gjere noko fårleg, han er redd for å vere for feig. Han finn det som tronar i Trondheim, ho er oppteken av undergrunnsbyen. Båe prøver å lage spor som ikkje ser fulle ut i snøen. Gjennom nært skildra tankar og hendingar vert ord og vendingar stadig ladde med meining og kan seinare dukke opp att, då kanskje med ei lita endring som igjen gjev ny meining, sidan lesaren allereie har felles med teksten det minnet påminninga byggar på. At slik dagleglivssymbolikk kan gje kvardagen litt høgtidskjensle, er noko dei fleste kjenner til.

Når Kari sorterer helsingane til Nattønsket, har ho fire mapper med kategoriar:

Den siste mappa er prega av oppsamling, men er samtidig kjernen i Nattønsket. Mappa heiter Vanleg. Ho er noko misnøgd med at klangen i Vanleg stikk seg ut frå dei tre andre boksane, som er meir prega av språk…glede, å nei, har ho det? – men logikken er at ho har brukt eit vanleg ord for å skildre det vanlege, at alt ikkje kan vere kunstferdig. (s. 17)

Dette er ein av fleire tekststader ein får inntrykk av kommenterer heilskapen. For Kari og Roar har vanlege liv, utan at det treng å verte kjedeleg av den grunn. Nattradioen kan sjåast som ei framstilling av å vere i verda på ein vanleg måte og gjere dét spesielt nok.

Det vert sagt at Kari har eit «tvangstankehovud», og det kan vere ein bra karakteristikk på båe hovudpersonane. Alt vert tenkt nøye gjennom og stilt strenge krav til. Andre menneske når ikkje alltid opp til dette, seier og gjer ikkje alltid dei rette tinga, og det handlar såleis også om mellommenneskelege tilhøve. Kor kritisk og kravstor kan ein vere overfor seg sjølv? Overfor andre? Kor mykje bør ein streve med å forhalde seg til folk, når ein merker motstand i seg sjølv? Kor streng kan ein vere i vurderinga av dei før ein øydelegg alt? Roar har ein del kjærleiksforhold bak seg, og tenker at grunnen til at han ikkje finn ordentleg saman med ei jente er at han er for sjølvsentrert, at han vil vise seg – med sin smak, sine minne og sine assosiasjonar – fram til jenta, heller enn å finne ut kva ho er oppteken av. Etter denne oppdaginga prøver han å vere meir merksam på og var for den andre si verd, og vert sett på prøve. Kari har i lengre tid viska ut at noko ikkje er som det skal i forholdet hennar til kjærasten, og merkar at det kanskje er urett mot både seg og han å ikkje tenke ferdig dei negative tankane. Sjølv om det lettaste ville vere å fortsette som før, orkar ho å ta eit oppgjer.

I lange strekker er boka fortalt i tredje person eintal, og vi får kjensla av å sjå gjennom dei vurderande auga til høvesvis Kari og Roar. Talrike detaljar vert organiserte, sett i system. Dei to søker overblikk, og lesaren finn eit: ei fortellarrøyst, eit skrivande eg, som brått dukkar lurt kommenterande opp. Det leikar i teksten, skjuler seg stort sett, for så å plutseleg stille seg heilt i forgrunnen. Fortellarrøysta kan vende seg til lesaren i ein solidarisk tone, vi er på lag, vi veit noko dei ikkje veit. Han kan gje til kjenne kva andre menneske kring hovudpersonane tenker, når han synst det høver seg slik, eller endåtil formulere det Kari og Roar sjølv ikkje klarar. Dette over-overblikket gjev ein ny farge til resten av teksten; ein kan aldri vere heilt sikker på kor mykje vi får vite, eller på kven som meiner kva. «Eg, som skriv dette, vel vinkel fritt.» (s. 16). Det er 'eg' som gjer daglegspråket litterært og tilsynelatande har full kontroll, men som også kan gjere seg audmjuk:

Ho går. Bortsett frå at ho er midt inne i ein mørk togtunnel, er det ikkje så mykje med det heile tida. Ho går, og eg veit ikkje alltid korleis ei jente som går har det. (s. 211)

Samstundes som det vert laga ein fellesskap mellom fortellaren, lesaren og hovudpersonane, i den grad at grensene mellom dei til tider vert utydelege, vert ein også stadig mint på at skilja finst, og at vi er fleire eg. Romanen reflekterer såleis over tilhøvet mellom enkeltmennesket og dei andre.

Kari har ein leik: når ho sit i stamrestauranten i Tyholttårnet, høgt oppe, plar ho velje seg ut eit menneske nede på gata – eit leikemenneske – og gjette kva veg det tek. Då ho skal vise fram dette får ho seg ikkje til å seie 'leikemenneske', kanskje fordi ho, eller den ho fortel det til, kunne vore eit sjølv. For det går an å komme nærmare leikemenneska; her om ein av fire som går av på samme busshaldeplass som ho:

Den eine går inn i eit hus. Ho stiller seg opp utanfor huset og klarar å ta med seg blikket frå toppen av Tyholttårnet som gjer han til eit leikemenneske, som gjer at ingenting er farleg. Ho ser korleis han opnar leikekjøleskåpet, lagar seg leikebrødskiver og set seg ned i ein leikelenestol med ei leikeavis. Han ser opp frå leikeavisa, rett mot henne. Han kan truleg ikkje sjå henne, ingen gateljos når henne der ho står, men då må ho gå vidare. (s. 69)

Leikemenneska finst på fleire nivå. Roar har frå leilegheita si utsikt til eit vindauge der ei jente plar sitte og arbeide, og han gjer henne til ein del av livet sitt, sjølv om ho ikkje veit om han. Han helsar nesten når ho dukkar opp ein annan stad nær han. Overalt – på toget, på ein utestad, ved ein radio – er det menneske hovudpersonane ikkje kjenner, men som likevel lever saman med dei. Kari og Roar kunne vore kven som helst, og alle eller ingen er tilfeldige. Men bestemmer ein seg for at leikemenneska finst, at dei er andre eg, vert leiken meir alvorleg.

Ved å skifte fokus mellom dei to grundig skildra hovudpersonane viser romanen kor åleine dei er i sine einskilde medvit, men at dei likevel er to som er åleine, saman. At mennesket er eg og vi samstundes er ei allmenn erfaring: vi er alle under samme måne. Radioen er eit, kanskje trivielt, bilete på det samme, men det er noko vanleg som skal skildrast, og det treng ikkje vere så kunstferdig. Så sjølv om alle radiolyttarar er åleine i kvar si natt, er dei saman i Nattradioen. Helsingane vert då eit forsøk på å nå fram til dei andre, på godt og vondt.

Kari svingar innom ein mjuk stad i hovudet, eller hjarta, der ho tøyer fellesnemnaren så langt ho kan: ein fellesskap med alle levande på jorda. (s. 221)

Truleg er det ei stemning frå jobben Kari hentar fram her. Ho er kvass, men har eit arbeid som gjer at ho må slakne på eigen smak, sidan ho skal spele musikk for å nå fram til alle slags menneske. For å klare det må ho finne det sympatiske med D.D.E., slik ho har prøvd å trekke fram dei gode sidene ved kjærasten. Roar, derimot, er ikkje like flink til å dempe sin eigen kritiske person. Innimellom ønskjer han å verte mjukare, men for han er det ei større utfordring.

Roar er den som latterleggjer og er mot. Han merkar at nokre kantar forsvinn med alderen, men han vil ikkje verte heilt mild. (…) Han er ein vanetenkjar, men vil meir enn gjerne justere seg. Tenk å gjere eit viktig sprang? (s. 73–74).

Ein vert godt kjend med Kari og Roar, og det er eit underhaldande kjennskap. Dei er samansette menneske med erfaringar som liknar slike ein sjølv kjenner til, og i den forstand kan dei kallast realistiske. Difor kan ein innimellom reagere på at dei og situasjonar dei er i verkar for konstruerte – som til dømes når nokon klarar å gjette stjerneteiknet til Kari på ein fest.

– Vent, seier ho og går ut. Ho er imponert og har lyst til å vise det på ein stilig måte. Ho pyntar seg ofte med vannmannsmykket, men i dag la ho det tilbake i veska, for ho fekk det ikkje heilt til å passe med kjolen. Ho tek på seg smykket ute på gangen og kjem inn att, nei, ho gjer entré, steg for steg. Ho held fram smykket og viser vannmannsymbolet.
– Du var flink, seier ho og set seg. (s. 64)

Eller når Roar og lærarkollegane er ute på lønningspils, og finn på eit spel der kvar fortel, unaturleg høgtideleg, kva namngitt elev dei ville vore, og kvifor.

– Ho sit stille når ho skal, snakkar klokt når ho skal, og er den mest vaksne i klassen. Vi er i 5B.
– Eg trur vi skal til rekkja ved veggen, seier Berit lågt, men Sonja fangar det opp.
– Kan hende det, men ikkje avbryt, seier ho, konsentrert, utan å møte blikk. – Ho er på veg til å verte vakker. […] Gutane har stort sett ikkje oppdaga henne enno, men ein dag såg eg at ho fekk eit interessert blikk av Thomas, som jo er den kjekkaste guten i klassen å sjå til. Ho kjem til å verte vakker, pikant vakker. Eg vil vere henne. Eg er henne no, seier Sonja og rettar ryggen som ei ungjente:
– Eg er Turid. (s. 165–166)

Det er vanskeleg å skjøne korleis Kari og Roar, som er så reflekterte og kritiske når det gjeld alt og alle, kan vere i slike og liknande situasjonar utan å verte meir merksam på det tilgjorte. Og når dei er åleine vert attgjevinga av det dei tenker og gjer stundom usannsynleg grundig, dét er også ei form for å gjere seg til. Stort sett er konstruksjonane av liva deira truverdige. Når då seremoniane dei lagar seg vert for omstendelege, skulle ein mest tru dei visste at dei vart sett – poserer dei?

Men dette høyrer til unntaka. Jamt over er romanen prega av gode skildringar av heilt daglegdagse ting. Referansane er mange og går vidt. Attkjenningspotensialet er stort – særleg dersom du har universitetsbakgrunn, kjem frå Trondheim eller distrikts-Noreg og skriv nynorsk. På den andre sida er dei detaljerte framstillingane også noko som kan slå negativt ut; oftast er observasjonane treffande og utgreiingane interessante, men i lengda kan ein verte lei av at alt vert sagt. Det er lite att å komme på sjølv.

Og det ein kjem på er vesentleg i Nattradioen, alle samanhengane ein lagar seg. Dette gjeld både «dei store trekka i livet» (s. 11), som Kari har utsikt til frå Tyholttårnet, og detaljane nede på bakken. Det siste er nemleg vel så viktig. For sjølv om det er kronologisk utvikling av ei eller fleire historier i romanen, er ikkje eigentleg handlinga det interessante, sjølv om den kan vere engasjerande nok. Det er språkprosessane, bileta og tankespranga som driv lesinga framover, samklangen mellom det humoristiske og det alvorlege. Og påminningane, som står tett. «Dette er ei slik historie som du skal gløyme og berre verte mint på», står det fremst i boka. Sidan fortellaren så tydeleg skriv og konstruerer liva til Kari og Roar, som konstruerer sine eigne verder – lett gjenkjennelege for oss – vert ein mint på korleis lesaren konstruerer si verd gjennom språket, og om korleis ein heile tida må balansere kor mykje eg ein skal vere i høve til vi, og omvendt. For språket kan brukast til å konstruere eit sjølv, men også til å nå andre menneske, trass i at ein ikkje alltid veit korleis dei har det. Roar merkar seg at minne er noko som gjerne er privat og berre for han sjølv. Men gjer ein minna felles, kan dei verte til påminningar. Å sende ei radiohelsing krev innsats, men Nattradioen minner oss på fellesskapet i åleineheita. Nattradioen minner oss på det samme, og på andre vanlege ting, på ein heilt vanleg måte.

Publisert 3. mars 2004 | Til toppen av siden