Jubileumshilsen Av Jens Stoltenberg
Tale «Børs og katedral»
Av Erik Must
Profil Et slag for amatøren
Lars Saabye Christensen intervjuet av Kåre Bulie
Profil «Det er vi som er de siste anarkistene»
Horace Engdahl intervjuet av Christian Kjelstrup
Refusjonsbrev
Av redaktør Johan Borgen
Novelle Yama
Av debutant Axel Jensen
Bildeserie Utvalgte Vinduet-forsider fra 1947 til 2007
Gjendiktninger Wallace Stevens’ alderdomsdikt
Til norsk ved Jan Erik Vold
Reiseskildring Noe om Georg Johannesen og liv og død-situasjoner – eller: Jeg vet ikke hva
Av Nils-Øivind Haagensen
Reiseskildring Om fingeren som ikke viser vei Av Andreas Viestad
Debattessay Intimitetstyranni? Av Espen Haavardsholm
Debattessay Innholdisme Av Per Bjørnar Grande
Haiku Seks haiku
Av Inge Haugane
Spalte Ein ganske fotnoterik guide til: Litterære jubileum
Av Are Kalvø
Bokomtale Møllerens skrift
Herta Müller: Mennesket er en stor fasan i verden og Alltid den samme snøen og alltid den samme onkelen

Av Kaja Schjerven Mollerin
Bokomtale Syngende prosa fra sør
Edward P. Jones: The Known World og All Aunt Hagar’s Children

Av Erik Bjerck Hagen

Innhold Vinduets novellenummer:

Leder

1. premie
Reidun Elise Foldøy: «Den store dagen»

Delt 2. premie
Karine Nyborg: «Det må være en grunn»
Eva Sannum: «Love me tender»

4.-10. premie
André Aronsen: «Marsha»
Lena Niemi: «En grav og gå til»
Arild Rossebø: «Magda og Ludvig»
Stein Slettebak Wangen: «Kjære liv»
Eivind Riise Hauge: «Fars sigaretter»
Tommy Kvarsvik: «Bil A, bil B og Tore – en studie i det rekonstruerte liv»
Knut Rage: «Ein stad finst det nokon»

Anmeldelse

Vår mann i Korsvik
av Maria Solheim

Gro Jørstad Nilsen
Nattelangs
Roman
Kolon 2003


I finnmarksbygda Korsvik er det mørkt. Difor kan alle sjå inn i husa til kvarandre, og det gjer dei. Ein ung mann som heiter John reiser dit med hurtigruta for å jobbe som ingeniør. Vi får vite lite om John, han kunne godt ha heitt John Doe, men det gjer han ikkje. Derimot heiter han John Alstad, og det kan vi til dømes tyde slik at han er rotlaus, sidan det er slutt med kjærasten som han ifølgje henne var «så avhengig av», og sidan han reiser til Korsvik berre for å få jobberfaring, ikkje for å slå seg til ro. Eller vi kan tyde det slik at vi ikkje heilt veit kor vi har John, for det viser seg etter kvart at han er ein ganske upåliteleg forteljar, eller er han det? Det kan faktisk også hende han er ein etter måten normal fyr. Det er ikkje så godt for lesaren å vite, for sjølv om denne historia er fortalt frå synsvinkelen til John, slepp han oss aldri heilt innpå, men held seg kjølig observerande. Han er vår observatør i Korsvik. Og lenge, kanskje til og med gjennom heile boka, synest det som om han er tru i si attgjeving.

Ein av dei John fortel om er Bjarne Hansen, som er den nye sjefen hans og den første som møter han i Korsvik. Han er framstilt som ein stereotyp finnmarking, bramfri og med mykje brask. I følgje John snakkar ikkje Bjarne Hansen, han ropar, og han ropar på finnmarksdialekt. Replikkane til alle karakterane utanom John sjølv er skrivne på dialekt, og dei nokre gonger pinlege og rare, andre gonger forferdelege samanstøytane mellom vår mann og deira til tider karikerte finnmarksframferd er det beste med romanen. Måten John fortel på, heile tida stilt skildrande, står i komisk kontrast til meir bråkete dialogar og hendingar. Vi ler, av og til veit vi ikkje riktig kvifor vi ler, og vi tek til å lure på om John eigentleg er litt nedlatande og fordomsfull, eller om det berre er vi sjølve som er det, eller om John lurar oss til å vere det. Men før vi får bestemt oss for at det neppe er nokon av delane oppdagar vi at dei lett komiske situasjonane også kan vere djupt ubehagelege, og at det kanskje delvis er difor dei er morosame, eller at dei kanskje eigentleg ikkje er det, sjølv om vi framleis ler.

At det er noko i Korsvik som ikkje stemmer, det anar vi allereie straks John har kome i hus der. Eller kanskje alt er i orden.

– Nu fær æ hjem, seier Hansen da han står på trappa. – Du kommer til å sove som en unge, du John. Ingen av ingeniøran har nån gang klaga på det hær huset.
Det er kaldt å stå på trappa i bare skjorta. Jeg er trøtt og vil inn. Men da Hansen gjentar:
– Tænk det, ikke en av dæm har klaga, blir jeg nysgjerrig.
– Hvor mange ingeniører har egentlig bodd her?
Han blir stille, lenge. Til slutt rister han på hodet.
– Du spør nu frøktelig vanskelig. Æ veit faktisk ikke. Æ klare ikke tælle alle sammen.
Han ser taust ut i mørket. Kulden er i kroppen min, men da jeg skal til å si god natt, kremter Hansen og sier:
– Det som e litt spesielt, e at vi ikke har hadd nån hær i huset på to år.
Jeg hakker tenner, så jeg bare nikker til svar.
– Du frys fordi du e trøtt. Det ekke så kaldt. Det er meldt mye kaldere i morra.
Han går noen skritt bakover. – Og nu fær æ hjem. God natt.
– God natt.
Hansen stanser plutselig.
– Det va nokka æ sku si, sier han og ser blankt på meg. – Ka det va?
Jeg rister på hodet.
– Det va nokka æ sku si, men ka det va? ka det va?
Så nikker han mot meg.
– Det e fordi du e trøtt at du frys. Du måkke stå hær å skjelve. Æ huske ka det va når æ sett i bilen. (s. 17–18)

Ein slik mystisk halvveges lovnad om spenning gjev vonbrot, når det like etter viser seg at det Hansen hadde gløymt var at han skulle invitere John på søndagsmiddag hos seg og kona. Samstundes stolar vi ikkje heilt på at det var så enkelt som det, sidan det fordekte varar ved i utsegner og stemningar sjølv etter «avsløringa». Dette mønsteret gjentek seg gjennom heile romanen: vi vert presentert for kanskje-frampeik som gjer oss mistenksame, men som viser seg å ha si løysing i noko ganske daglegdags, samstundes som vi likevel sit igjen med ei uvisse. Noko er rotent i Korsvik kommune, og vi ventar spente på at vår mann skal finne ut av det.

Men John har nok med å prøve å finne seg til rette i lokalsamfunnet. Om han prøvar like hardt heile tida, kan dragast i tvil. Nokre av tinga han gjer er påfallande uvanlege, som å stille seg i vegen for ei kvinne som køyrer spark og kritisere henne fordi han synst ho er forutinntatt ovanfor søringar, eller gå på korøving sjølv om han ikkje kan synge, framføre «Klabb og Babb» og dermed fornærme presten Gunnar. Slik oppførsel er uventa, den stemmer dårleg overeins med Johns rolege røyst («Å krangle med mennesker jeg møter første gang, ligner ikke meg»). Imidlertid er han allereie dobbelt stempla, både som søring og som ingeniør. Desse utanfrå er nemleg alle som ein for korsvikingane: dei «forsvinn og så kommer det nye tel. Hele tida.» Det vert forventa at John oppfører seg framandt, men på same måte som alle dei andre utanfrå, og med eit slikt utgangspunkt vert det sjølvsagt vanskeleg å tilpasse seg. Dette er moglegvis litt spit til lesaren, som har vorte invitert til å le av Den Typiske Finnmarkingen og gladeleg gjer det, samstundes som vår mann får problem av å verte sett i ein tilsvarande bås. Særleg i møte med arbeidsgjengen han skal prøve å styre er John håplaust annleis. På ingeniørvis nærmar han seg metodisk, registrerer kva dei gjer og prøvar ut ulike måtar han kan oppføre seg på i deira verd. Ikkje alt går like bra. Imidlertid kjem det aldri til ei open konflikt eller oppgjer, sidan John bokstavleg tala er i den stillinga at han må vere sjef, men i praksis likevel ikkje har noko han skulle ha sagt. Nokre av desse ikkje-konfrontasjonane er av dei mest uhyggeleg morosamt skildra.

Gjennom likegyldige ymt frå lokalbefolkninga får John heile tida glimt av den førre ingeniøren sitt opphald i Korsvik. Då ser vi at vår mann går i spora til sin forgjengar, som det – kanskje – hende noko tvilsamt med. John klarar ikkje å sleppe unna oppattakinga av rørslene til den førre. Eller så klarar han det likevel. Kva dette inneber er uansett vagt for lesaren. Teksten går stadig tilbake på sine hint om eit mogleg mysterium, og vi vert usikre på om noko eigentleg vert skjult, og kven som eventuelt skjuler noko. Tilsynelatande er nemleg alt synleg, både i lokalsamfunnet og i fortellinga til John, eller kanskje er alt han ser berre tilsynelatande, eller alt han lar bli sett er det. Eller kanskje ikkje.

Blikket mitt vandrer ut vinduet, deretter på båtbildet. Ut vinduet, på teven, på maleriet. Vindu, teve, vegg. Gardinene. Jeg stirrer på de brune foldene. Så ser jeg ut vinduene, som avslører alt jeg gjør. Jeg trekker for gardinene og setter meg igjen, jeg forsøker å konsentrere meg om teve. Om noen går forbi vil de tro jeg skjuler noe. En bil passerer. Jeg skynder meg til gardinene, åpner dem slik at jeg blir sett, i sofaen, alene, med teve. (s. 91)

På mange vis er dette eit nordnorsk noir-univers, dunkelt framstilt. John passar inn som ein litt anonym hovudperson, åleine i verda og tydeleg framandgjort. Etter kvart vert han også besett av ei for oss løynd sak, ligg eit stykke føre når det gjeld å finne løysinga, men misser likevel grepet og endar opp med forvirring. Problemet er at han i utgangspunktet er ein ingeniør, det han kan er praktisk problemløysing. Han må endre seg for å fungere i denne verda. Det gjer han då også, endå berre små detaljopplysningar i den framleis nøkternt fortalde fortellinga avslører denne endringa for lesaren. Spørsmålet om vi kan stole på John si rapportering melder seg sjølvsagt. «En løgn er alltid tom for detaljer,» seier John, som sjølv fortel detaljrikt, så kanskje vi skal tru han på det, eller kanskje ikkje. For fleire gangar innrømmer han lyging, han er rett og slett ein løgnar. Til dømes pyntar han på ein brannrapport for å hindre at mistanke vert retta mot han sjølv: den originale brannrapporten har forsvunne, nett slik den førre ingeniøren gjorde. John er lur og kopierer ein stempla kopi for så å fjerne stempelet med korrekturlakk, slik han sjølv kanskje prøvar å verte kvitt førehandsstempelet sitt gjennom å endre seg frå ingeniørkopien, og framstå som originalen av seg sjølv. Men sjølv om han har ein lettvint omgang med sanninga treng han ikkje vere opphavet til den rotenskapen vi anar, sjølv om han etter kvart tek til å oppføre seg på ein måte som får oss til å sette både spørsmåls- og utropsteikn når det gjeld den mentale helsa hans. Kanskje er det med god grunn han ber seg slik åt med dei opplevingane han har i Korsvik, ein stad der ei incestsak alle veit om nærmast vert godtatt, og eit homorykte får sjølv dei minste borna til å angripe John med snøballar og grovskap. I det heile teke oppfører alle som ein seg stadig merkelegare, og fleire og fleire forvirrande ting skjer. Ingenting er sikkert, og mistankane endrar seg for kvar side. Lågmælt framstilling av den kaotiske utviklinga gjer at det vert noko draumeaktig over det heile. Og når det endeleg dukkar opp ei slags forklaring på kva som ikkje stemmer har allereie alt for mykje forskyve seg, og alle er vortne del av det uhyggelege.

Trass dette er ikkje Nattelangs eigentleg ei uhyggeleg bok, det er absolutt fleire høve til humring enn til hutring. Det er positivt at den klarar å vere morosam og lettlest, og likevel unngå overforklaring. Å ikkje finne heilt ut av teksten er ei kosteleg kjensle. Eg trur kanskje eg forsto kva som føregjekk i Korsvik, men eg er slett ikkje sikker, og eg har ikkje lyst til å bli det heller. Mitt inntrykk er at teksten motset seg opprulling av hendingsgang, eller at den i alle fall er like god eller betre utan. Men viss nokon les eit mysterium med ei løysing i romanen trur eg ikkje det er bortkasta å lese den boka, heller. Dette er nok underhaldande uansett.

Publisert 2. april 2004 | Til toppen av siden