Jubileumshilsen Av Jens Stoltenberg
Tale «Børs og katedral»
Av Erik Must
Profil Et slag for amatøren
Lars Saabye Christensen intervjuet av Kre Bulie
Profil «Det er vi som er de siste anarkistene»
Horace Engdahl intervjuet av Christian Kjelstrup
Refusjonsbrev
Av redaktør Johan Borgen
Novelle Yama
Av debutant Axel Jensen
Bildeserie Utvalgte Vinduet-forsider fra 1947 til 2007
Gjendiktninger Wallace Stevens’ alderdomsdikt
Til norsk ved Jan Erik Vold
Reiseskildring Noe om Georg Johannesen og liv og død-situasjoner – eller: Jeg vet ikke hva
Av Nils-Øivind Haagensen
Reiseskildring Om fingeren som ikke viser vei Av Andreas Viestad
Debattessay Intimitetstyranni? Av Espen Haavardsholm
Debattessay Innholdisme Av Per Bjørnar Grande
Haiku Seks haiku
Av Inge Haugane
Spalte Ein ganske fotnoterik guide til: Litterære jubileum
Av Are Kalvø
Bokomtale Møllerens skrift
Herta Müller: Mennesket er en stor fasan i verden og Alltid den samme snøen og alltid den samme onkelen

Av Kaja Schjerven Mollerin
Bokomtale Syngende prosa fra sør
Edward P. Jones: The Known World og All Aunt Hagar’s Children

Av Erik Bjerck Hagen

Innhold Vinduets novellenummer:

Leder

1. premie
Reidun Elise Foldøy: «Den store dagen»

Delt 2. premie
Karine Nyborg: «Det må være en grunn»
Eva Sannum: «Love me tender»

4.-10. premie
André Aronsen: «Marsha»
Lena Niemi: «En grav og gå til»
Arild Rossebø: «Magda og Ludvig»
Stein Slettebak Wangen: «Kjære liv»
Eivind Riise Hauge: «Fars sigaretter»
Tommy Kvarsvik: «Bil A, bil B og Tore – en studie i det rekonstruerte liv»
Knut Rage: «Ein stad finst det nokon»

Anmeldelse

sj ein drage i augo
av Gina Marie Nordberg Moe

Marita Fossum
Å drepe en drage
Roman
Forlaget Oktober, 2004


Det er mykje snø i Marita Fossum sin nyaste roman Å drepe en drage. Snø som dempar byen, snø som glitrar i lyset frå gatelykta, snø som klistrar seg til kleda og blir tung, snø som gjer at ein glir og misser balansen, kald og bitande snø, snø som luner og dekkjer til som ei dyne. Det er også snøen og kulda som gjer at sonen til hovudpersonen og forteljaren i romanen døyr. Hadde det ikkje vore for den, så hadde han nok berre sove ut heroinrusen og vakna att. På den andre sida, hadde det ikkje vore for rusen, så hadde han nok merka at kulda tok han og reist seg opp og fått varmen.

Marita Fossum har skrive ein stillferdig, men svært gripande roman om det som må vera noko av det verste ein kan oppleva, å mista eit barn. Norsklærarinna Else Hammer får ein telefon på arbeidet frå politiet om at dei har funne ein ung mann som dei trur kan vera son hennar, Joachim. Han blei funnen død og full av heroin i ein nedlagt lagerbygning. Romanen gir oss mora sin reaksjon på dødsfallet, frå nærmast apatisk ro til fysisk og psykisk samanbrot. Historia blir presentert for oss gjennom Else sjølv som arbeidar med dei same hendingane medan ho er innlagt på psykiatrisk klinikk.

Kontrollert og smålåten

Else Hammer si lågmælte og udramatiske stemme pregar heile romanen. Stemma speglar måten Else har takla sonen sitt rusproblem på. Det har lege som ein lett hovudverk i kvardagen, som ei tynn, men ugjennomtrengeleg sperre for den djupe søvnen, men ho har halde det for seg sjølv som ein løyndom berre ho har visst om. Det virkar svært realistisk framstilt: Den latente uroen som pregar livet til eit menneske i ein slik situasjon, ein uro som er usynleg for andre, men som for den som ber på han klistrar seg til heile tilværet som våt, tung snø. Løyndomen er ei tynn hinne som til ei kvar tid omklamrar henne, men som også på eit vis har hjelpt henne med å kontrollera kvardagen:

() men gudene skal vite at jeg har tenkt på ham, savnet ham hver dag og hver time på døgnet, at det selvfølgelig har vært vondt å holde alt for seg selv, men at det på sett og vis har lindret også, hjulpet å ha en tilnærmet normal hverdag. (Fossum, s. 47)

Ein får inntrykk av at heile Else Hammer sitt vesen er prega av å vera underlagt denne løyndomen. At ho listar seg stille rundt i verda av redsle for at berre den minste brå rørsle, ein ukontrollert høg lyd eller nokon form for dramatikk, vil få henne til å mista taket, få den tynne hinna til å briste og utløyse den ulukka ho berre går og ventar på. Fossum har gitt henne den karakteristiske overlevelses-humoren, sarkasmen, og gir slik også romanen det humoristiske glimtet ei slik historie krev som motvekt til det sørgjelege. Else bur for seg sjølv i ei leilegheit saman med den like fåmælte gullfisken Gunnar. Same dagen ho har fått telefon frå politiet, står ho på kjøkenet meir einsam no enn nokon gong og konstaterer tørt: «Det lå ikke an til å bli flere enn meg til middag.» (Ibid., s. 55) Ein registrerer humoren samstundes med at det går opp for ein kor mykje meir ein slik enkel kommentar rommar. Ein ser for seg kor ofte ho må ha gått rundt for seg sjølv og tenkt at ho gjerne skulle ha laga middag til to, og at ho har funne ut at med den beiske humoren kan ho halda seg sjølv flytande sjølv med den gnissande tanken i bakhovudet. Denne nøkterne overlevingsstrategien ligg så djupt i henne at ho held fast ved han sjølv når alt eigentleg har rakna, og ho har innteke den nedsnødde benken i Slottsparken. Der ligg ho samankrølla med hovudet kvilande på veska og kjenner seg kraftlaus. Halvt i svime, halvt vaken opplever ho mor si stå og sjå på henne, ho som døydde då Else var fem. Ikkje lenge etter må ho forlata benken for ei stund, då ein mann vil ringa etter hjelp:

Nå fortsetter jeg turen, tenkte jeg. Følger stien bort til Slottsparkens nordøsthjørne og tar til høyre ned mot Kunstnernes Hus. Jeg trenger ikke å forandre turplanene mine radikalt bare fordi jeg møter min døde mor. Det beste er at livet fortsetter, selv om det ikke akkurat blir helt som før er det best at det fortsetter. (Ibid., s. 122–123)

Ein får inntrykk av at ho krampeheld på ein form for normalitet for å ikkje å mista taket. Ho orkar ikkje å sjå livskrisa i augene. Samstundes klarar Fossum på elegant vis å kasta lys over fleire dimensjonar ved hovudpersonen når Else Hammer sin diskré personlegdom blir nærmast overdriven smålåten når ho handlar fiskebollar i butikkken:

Den unge gutten som satt i kassen sa at hermetikkboksen med fiskeboller var ta to betal for en. Jeg svarte at det ikke var så farlig, at jeg ikke spiste fiskeboller så ofte, men han sprang av gårde og hentet en for meg, rett skal være rett, sa han. (Ibid., s. 52)

Her vert Else sin karakter utan ordrike forklaringar knyta an til tidlegare skildringar av foreldra og dermed til hennar eiga fortid: Det er Luciadagen, Else er liten og ho og mora leikar i snøen. Dei leikar Maria og Jesusbarnet. Det raude huset deira er stallen:

() er far Josef da? Faren din er en statist, sier mor. Jeg ser spørrende opp på henne, vet ikke om det er bra eller dårlig å være statist, vet ikke hva en statist er. Er han ikke Josef? Spør jeg igjen og mor sier at det er han saktens. Josef var bare en som sto ved siden av, han var jo ikke faren til Jesus engang, sier mor og så svinger hun seg, rundt og rundt i Ilaparken, roper at jeg skal gjøre det samme, roper at jeg ikke må bli som faren min, redd for å svinge meg. (Ibid., s. 30)

Dette er det einaste vi ser til mora, utanom Else sine drømmesyn i parken. Ho døyr når Else er berre fem år gamal, og etterlet «en beskjeden mann, et slikt menneske som man sier går rolig i dørene» (Ibid., s. 119) og ei lita dotter. Historiene frå fortida og hintet om ein fundamental ulikskap mellom mor og far, antyder at Else si fåmælte framferd og nærmast usynlege eksistens har djupare røter enn den løyndomen ho ber på. Utan forklaringar og unødvendige kommentarar gjer Fossum romanen til meir enn historia om Else Hammer sin lagnad som mor til ein rusmisbrukar. Det heile vert utvida til å handla om eit menneske som mistar grepet om tilværet og livet, og som blir nøydt til å definera seg sjølv på nytt.

Else tek ein avstikkar frå livet sitt når ho, etter å ha identifisert Joachim på Rikshospitalet, svingar innom Slottsparken og legg seg ned på benken. Den tynne hinna av uro som har vore sjølve kjenneteiknet på livet hennar, er borte og etterlet eit slags matt tomrom. Ironisk nok har situasjonen også vore med på å halde henne gåande og oppreist i ei tid ein lett kunne leggja seg ned i fortviling. Ho har vore på vakt no i fleire år og berre venta på denne ulukka, og ho kjenner seg fullstendig kraftlaus og utmatta der ho ligg på benken i parken. Tre gonger kjem det folk og seier at ho må gå heim, og kvar einaste gong reiser ho seg opp, luskar for syns skuld rundt i parken ei stund berre for etter kvart å leggja seg ned på den same benken att. Episoden skildrar ei utkjørt kvinne, men viser også at dei manglande kreftene ikkje utelukkar vilje, staskap og følgjeleg styrke til å koma seg vidare.

Småmorsom fyllmasse

Etter at ho sovnar på benken for tredje gong, blir ein psykiatrisk klinikk Else Hammer sin nye heim for ein periode. Sjølv har eg lite erfaring med slike klinikkar, men eg las i eit intervju med forfattaren at ho som sjukepleiar mellom anna har arbeidd innanfor psykiatrien. Ho nyttar derfor eigne erfaringar for å skapa det miljøet som Else Hammer er ein del av gjennom heile romanen. Utanom den konsentrerte utviklinga til eg-personen som utgjer hovuddelen, inneheld opphaldet på klinikken også observasjonar og hendingar frå det sosiale miljøet på avdelinga som tydeleg skal gi eit slags innsyn i korleis ting går føre seg ein slik behandlingsstad. Me får presentert ulike typar pleiarar og pasientar: den overkjørande pleiaren med det høge hårfestet, den frekke bergenseren, den halvgale direktøren, den snille dama med saftmugger og generelt store mugger, og ein haug med andre folk som kjem og går med piller og vatn og tepper og mat. Dessutan er me vitne til nokre artige diskusjonar mellom halvsprø pasientar i matsalen og eit par dramatiske opptrinn når dei mindre kontrollerte får raserianfall. Dersom ein ser bort frå at desse skildringane innimellom stadfestar forteljaren sin småtørre humor og slik har ein eller anna funksjon utover sjølve miljøskildringa, synest eg dei seier meg ganske lite. Det er ingen av typane som er artige nok til å festa seg, og for ein uinnvigd er det også vanskeleg å seia om Fossum på ein eller annan måte treff spikaren på hovudet. For meg vert det fyllmasse.

God dose menneskekunnskap

Men hovudfokuset er dei tankane Else gjer seg medan ho er innlagt og det dei fortel oss om henne og hennar situasjon. Det slår meg kor lite tankane hennar eigentleg kretsar rundt det som har skjedd, det som har utløyst denne krisa i livet hennar. Den tida ho er på det nakne rommet sitt på klinikken dreier tanken like mykje rundt det minimum av aktivitet og forandring som går føre seg der inne på det svært så avgrensa området. Ho ser det skiftande lyset frå vintersola, det skarpe elektriske lyset frå lampa utanfor vindauga, fluga som stongar i veggen, ho høyrer lydar frå gongen, kjenner på sine eigne kroppslege reaksjonar på kulde, varme og lys. Det er lett å forestilla seg at dei handfaste erfaringane fungerer som ein slags flukt frå dei vonde tankane som likevel alltid ligg like under overflata. Ho vernar seg sjølv mot dei altfor intense konfrontasjonane med det som opptek henne mest, av frykt for angsten det vil utløysa. Dette er ikkje ein ny angst i henne. Det som er nytt er at har ho mista den stabiliteten som kvardagen og normaliteten gav henne: No ligg alt ope og ubeskytta. Det må også vera redsla for direkte konfrontasjon som gjer at ho fokuserer så intenst på den unge, ustabile Otto i rommet ved sida av. Ho høyrer han gråta ein av dei første dagane og håpar den snakkande stemma er mor hans som trøystar. Ho lever seg intenst inn i den trøystande mora som lovar at ho skal passa på sonen sin. Når det viser seg at Otto har dei same, lyse krøllene som Joachim, vert medkjensla hennar enno sterkare. Ho utviklar ei sterk omsorgskjenlse for den unge mannen og overfører saknet og fortvilinga ho ber på til dette nye forholdet:

Jeg går inn på badet og pusser tennene. Når jeg kommer ut er Otto borte. En kald vind farer over anklene mine og jeg lukker døren som står på gløtt. Jeg blir stående ved døren. Jeg ser sengen min, den virker langt unna, jeg setter meg ned på gulvet, tenker at jeg kan ligge her, at det ikke er så kaldt og hardt, jeg kjenner at trykket i brystkassen min stiger, det gjør vondt, veldig vondt, jeg skriker. Han er borte, han er borte, roper jeg til nattevakten som kommer. (Ibid., s. 27)

Otto blir for ein periode eit slags substitutt for Joachim. Else sitt forhold til Otto blir som ein siste krampetrekning før ho kan nå den fulle erkjenninga av at ho har mista ein del av seg sjølv, som for å gjera overgangen mjukare. Dessutan treng ho han som ein siste mogelegheit til å gi av all den morskjærleiken og omsorga som sprenger i brystet.

Eg forstår med fornufta at Otto er ein sentral skikkelse i romanen, men eg let meg ikkje riva heilt med. Det synest for meg heilt utruverdig at Else skal få eit så intenst forhold til den unge mannen, i alle fall hvis det også skjer på grunnlag av hans karakter, ikkje berre utifrå den situasjonen Else sjølv er i. Otto får mykje plass i romanen, men blir for meg aldri anna enn ein flat og inkjeseiande karakter. Han blir framstilt som mystisk, innelukka og fåmælt, og han søker mot Else sitt fellesskap fleire gonger. Men det er Else som gjer desse situasjonane leseverdige, han er av papp. Skildringane kan virka som eit forsøk på å fanga eit slags intenst, meir eller mindre stilltiande fellesskap som overtyder med intense karakterskildringar i mangel på den forklårande samtalen. Men Otto sin karakter rører meg ikkje. Eg blir ikkje glad i han, slik eg mogelegvis burde. Han engasjerer meg for lite. På den andre sida kan dette som minnar om svak og uengasjert karakterskildring, vera eit viktig poeng i speglinga av Else sitt forhold til Joachim. Otto sin manglande respons og fjerne blikk er saman med dei lyse krøllene trekk som minnar Else om sonen. Otto er fråverande og utilnærmeleg slik Joachim også var dei siste åra, og Else får slik stadfesta Joachim si manglande evne til å ta imot, ikkje si eiga evne til å gi:

Jeg ser Joachim for meg, hvordan han hever hånden, som om han kaster meg fra seg, og spør om det ikke er på tide at jeg gir faen. Du kan ikke gi meg en dritt, sa han. Jeg tenker at man ikke har gitt noe før det er tatt imot. Det er så vondt å tenke på det, at jeg ikke klarte å gi Joachim noe han kunne ta imot. (Ibid., s. 158)

Ser ein det slik, er Otto viktig på grunnlag av det han representerer for Else. Då blir det eit poeng at eg som lesar ikkje ser det ho ser. Else vegrar seg for å sjå at forholdet ho har til Otto berre stadfestar det einvegsforholdet ho hadde til sin eigen son.

Å sjå og bli sett

Sentralt i Else Hammer si bearbeiding av sorg og tap ligg jakta på seg sjølv og eigen identitet. Ein mistar ein viktig del av sin eigen person når eit barn døyr, men Else har også medan Joachim levde meir eller mindre latt seg eta opp av det fortærande fråværet hans og den latente bekymringa og uroa for han. Når alt dette forsvinn, mistar ho grepet om tilværet og om seg sjølv. Det ho opplever som mest grunnleggande ved sin eigen person forsvinn saman med Joachim. Omsorga ho opparbeidar for Otto handlar slik like mykje om frykta for å mista seg sjølv som angsten for å sleppa taket i sonen. Samstundes har livet hennar vore prega av einsemd, i alle fall på det kjenslemessige planet fordi ho har vore aleine om denne store, vonde løyndomen. Som ein parallell til sin eigen situasjon reflekterer Else over ei historie ho huskar frå då ho var barn. Nabokona, Selma, fortalde henne om Rosa Brun «som nærmest ikke var til fordi ingen så henne. En dag reiste hun med en båt som sank, og da ble hun helt uvirkelig, for i avisene sto det at 813 omkom, og så var det egentlig 814. Fordi ingen savnet henne og hun var blindpassasjer på båten, eksisterte hun ikke, selv som død.» (Ibid., s. 61) Det gjensidige, gode forholdet Else opparbeidar til legen sin, vert ein veg ut av denne identitetslause einsemda.

Legen er ein svært merkeleg karakter plassert midt i det ellers så realistiske og lett fattbare miljøet på klinikken. Meldaren i Adresseavisa meinte at han kunne minna om ein slags fantasiven. Det er eg ikkje einig i. Han er tvert om svært menneskeleg, så menneskeleg og personleg at han i møtet med Else trer ut av si profesjonelle rolle som psykolog. Dette er ikkje ei realistisk skildring av den gjengse psykolog på eit eller anna norsk psykiatrisk sjukehus, men det er ei svært levande og truverdig menneskeleg skildring. Forholdet mellom Else og legen er eit godt møte mellom to menneske der begge har bruk for den andre og der status kjem i andre rekkje:

Du? Gjentok han. Du er; her stanset han, er hang i lufta. Jeg tenkte på hva jeg er. Du er, prøvde han igjen, men han kom ikke lenger enn at jeg er. Ja, hva er jeg, da? spurte jeg. Jeg hadde lyst til å vite det, jeg hadde lyst til å ha det å tenke på, men legen min fant ikke noe å hekte er på. Du er, sa han og nå virket setningen avsluttet, at det var akkurat det han vile si. Han ba meg gjenta det. Du er, sa jeg. Da fyltes øynene hans med tårer. De grå og gulspettete stripene ble tydeligere, to tårer trillet nedover kinnet, haken og skjorten. (Ibid., s. 150)

Latterleg enkelt

De to som er igjen legger treet på bakken. Han som får slippe middag fester foten på juletreet. Så vipper de det opp. Treet står helt rett. Det var flaks, tenker jeg. Flaks at det står rett med en gang. Mennene smiler. Vaktmesteren henter sandsekker som de legger delvis oppå juletrefoten. Jeg ser at han rister i treet for å finne ut om det tåler en støyt og det gjør det. (Ibid., s. 165–166)

Ein kan lett koma til den konklusjonen etter å ha lese Marita Fossum sin roman, at dette løyste seg jo nesten litt for greitt, det vart nesten litt for enkelt. Men det er ikkje det eg har lyst til å konkludera med. Romanen gir jo eigentleg ingen løysingar på den omfattande sorga, det tek tid å legga ein slik drage i bakken. Ein får likevel intrykk av at Else mot slutten tør å kjenna på fortvilinga, og at ho kjem seg over ein bøyg med hjelp frå eit anna menneske som treng henne tilbake. Vanskelegare treng det jo ikkje vera. Det er også det å skildra menneske som er Fossum sin mest markante styrke som forfattar. I eit enkelt språk, reinska for utanomsnakk får ho fram eit truverdig menneske i ein heilt spesiell situasjon. Eg synest ho viser svært overtydande menneskekunnskapar. Romanen etterlet eit enkelt bilete av eit menneske som blir slått i bakken og som reiser seg att, sterkare og meir heilt enn det var før det fall.

Publisert 21. april 2004 | Til toppen av siden