Jubileumshilsen Av Jens Stoltenberg
Tale «Børs og katedral»
Av Erik Must
Profil Et slag for amatøren
Lars Saabye Christensen intervjuet av Kεre Bulie
Profil «Det er vi som er de siste anarkistene»
Horace Engdahl intervjuet av Christian Kjelstrup
Refusjonsbrev
Av redaktør Johan Borgen
Novelle Yama
Av debutant Axel Jensen
Bildeserie Utvalgte Vinduet-forsider fra 1947 til 2007
Gjendiktninger Wallace Stevens’ alderdomsdikt
Til norsk ved Jan Erik Vold
Reiseskildring Noe om Georg Johannesen og liv og død-situasjoner – eller: Jeg vet ikke hva
Av Nils-Øivind Haagensen
Reiseskildring Om fingeren som ikke viser vei Av Andreas Viestad
Debattessay Intimitetstyranni? Av Espen Haavardsholm
Debattessay Innholdisme Av Per Bjørnar Grande
Haiku Seks haiku
Av Inge Haugane
Spalte Ein ganske fotnoterik guide til: Litterære jubileum
Av Are Kalvø
Bokomtale Møllerens skrift
Herta Müller: Mennesket er en stor fasan i verden og Alltid den samme snøen og alltid den samme onkelen

Av Kaja Schjerven Mollerin
Bokomtale Syngende prosa fra sør
Edward P. Jones: The Known World og All Aunt Hagar’s Children

Av Erik Bjerck Hagen

Innhold Vinduets novellenummer:

Leder

1. premie
Reidun Elise Foldøy: «Den store dagen»

Delt 2. premie
Karine Nyborg: «Det må være en grunn»
Eva Sannum: «Love me tender»

4.-10. premie
André Aronsen: «Marsha»
Lena Niemi: «En grav og gå til»
Arild Rossebø: «Magda og Ludvig»
Stein Slettebak Wangen: «Kjære liv»
Eivind Riise Hauge: «Fars sigaretter»
Tommy Kvarsvik: «Bil A, bil B og Tore – en studie i det rekonstruerte liv»
Knut Rage: «Ein stad finst det nokon»

Anmeldelse

Fortellingar som tek tak
av Maria Solheim

Kristine Næss
Stridig
Oktober 2004


Det er ikkje berre lett å skrive om ei bok ein har høge tankar om. Og når eg les Kristine Næss si siste bok Stridig vert eg full av høge tankar. Eg tenker mellom anna at her vert det formulert noko som eg sjølv finn viktig, men vagt og ugripeleg. Og korleis skal eg kunne seie noko om dette, når Næss allereie har sett ord på det eg ikkje kan?

Det er noe jeg vil ha hull på, en endeløs strøm av bleke dager, i ulike hus, der jeg har vært, jeg, og forsøkt å trenge gjennom, men til hva, til hva? (s. 12)

Så får ein prøve å vise det fram, det dei høge tankane dreier seg om.

Gjennomgangsfiguren i Stridig heiter Rita, som i Næss si førre bok, Rita blir forfatter. Men dette er ikkje riktig den same Rita. Vi skjøner at ho er blitt eldre, og tonen er også ein heilt annan. I eit intervju med Næss i Morgenbladet seier ho at målet hennar i Stridig har vore å «komme så tett innpå ubehaget som overhodet mulig».1 Og ja, det er vondt og trykkande, men samstundes også godt å lese fordi det er så uredd gjort.

Rita, som altså formidlar ubehaget, lagar bilete av seg sjølv og utforskar kva 'eg' er i høve til resten av verda. Ho skapar nye 'eg' gjennom å skrive orda som skal vere henne, men vert heile tida til og mister difor stadig taket på seg sjølv. Ho prøver å finne eit fast haldepunkt ved å sette seg sjølv (og boka der ho finst) inn i ein tradisjon; ho les bøker av Jean Rhys, «i hver bok er en kvinne alene» (s. 9), og ho uttrykker både fascinasjon og frykt over makta orda har:

Jeg ser ned i boken om Sasha. Sasha. Jeg tror jeg vet hva navnet rommer, hvem jeg kunne ha blitt, hvem jeg fremdeles kan etterligne, tre inn i, fremkalle i den gylne væsken, det fornedrende ølet: en alkoholisert kvinne, alene ved et kafebord. Sasha. Jeg skriver navnet om igjen, og igjen, tar en slurk og kjenner den prikkende smaken av øl på tungen, jo, erindringen glir nesten i ett med nåtiden, jeg kan kjenne desperasjonen: elsk meg, elsk meg, se bort fra at jeg ikke er mer enn et navn på et papir, et tomrom skapt av upålitelige ord, de sklir unna, jeg kan ikke si elsk meg for jeg kan ikke si jeg, bare Sasha, Sasha, rope på en som bar dette navnet, men i en annen kropp, et barn, selvfølgelig, ja, knappe ti år: Sasha før hun trådte feil. Jeg blir redd, jeg vil ikke være en sasha likevel, så jeg skriver: strand. (s. 12–13)

Samstundes med det udefinerbare 'eg' vert også minne, tid og noet sin uverkelege karakter problematisert. Rita har ønske om å verte «festet i eit øyeblikk (…) sterkere enn både fortid og fremtid: nå, den levende kroppen, munnen som former ord.» (s. 15) Rita set no i samanheng med kropp og sansing, kanskje for å kunne ta utgangspunkt i empiriske storleikar når ho skal finne 'eg'. Men heller ikkje kroppen er fristilt frå det språklege:

Det er hett. Jeg sitter i øverste etasje, nær vinduet, sola står i glasset og treffer venstre tinning, jeg svetter i håndflatene. Ingenting forsvinner. Det flyter opp. Er det sant? Hvor er det i så fall? I hvem hvis ikke i meg? Vel, jeg kan ikke svare. (s. 20)

Likevel verkar det som om Rita trur på kroppen når ho seier at «det finnes en måte å fatte mening på. Å huske. Gjennom sansene, for eksempel synet» (s. 71). Men korleis kan ein nå andre menneske gjennom språk med ei slik oppfatting av meining? Rita erkjenner det umoglege i å vite korleis no er innanfrå andre, «nei, jeg vet ingenting om fornemmelsenes opptreden i en fremmed kropp» (s. 21). Likevel (eller difor) går ho inn i andre sine no: Jean Rhys, Virginia Woolf, Antoinette Cosway, Charlotte Brontë, Jane Eyre. Desse har ho overblikk over, og i deira tid kan ho sjå innover, framover og bakover – i Rita vert deira no like klåre som eller klårare enn hennar eigne tidlegare no, og skildringane av dei friare og lettare.

Desse forfattarane og romanfigurane lenkar dessutan til den feministiske tematikken i romanen. For sidan 'eg' er ei kvinne handlar det også om at 'kvinne' er noko like ukjent som 'eg' – eller i alle fall noko ukjent eller vanskeleg å finne 'eg' i når ein kjenner seg framand i språket der 'kvinne' finst, og alternativet er like framandt og ukjent. Det er kanskje dette som til tider gjer tonen desperat famlande: Rita prøver å få det usikkert eksisterande 'eg' i tale, men det er umogleg å vite om orda kjem frå 'eg', eller 'eg' frå orda. Det kan imidlertid verke som om ho etter kvart innser at dei mektige orda likevel ikkje er allmektige, at det ikkje finst total meining til stades i dei, og at ho nettopp difor kan skrive noko sant – i alle fall noko som er like sant som noko som helst anna. Ho trur ikkje lenger på Orda, og difor torer ho å trampe ut i dei.

Ho går grundig til verks og dreg på ei slags tidsreise gjennom det å verte til – slik eg forstår det i håp om å utforske grensene og kanskje få glimt av noko anna enn det ho kjenner innanfor, det som altså ikkje er nok for henne. Teksten flaumer over av minner: eigne og andre sine, alt ein har tenkt, alt ein tenker ein kunne ha tenkt, alt ein sansar og alt ein tenker ein kunne sansa, eller alt ein ønsker ein kunne få tenke og sanse – «suget etter tid» (s. 47), og ikkje minst minnet om det ein kunne ha vore. Hennar medvit om å 'vere' kvinne kan stenge henne inne, fordi ho er del av historia til kategorien 'kvinne'. 'Eg' vert sett i kontrast til (den mannleg dominerte) historia: «Nei, hva er vel de siste fem tusen årene mot mine førti?» (s. 58), men ho nektar trassig for at det skal avgrense henne, gjer freidig bruk av orda og prøver å gjere historia til si. Samstundes har ho lengta etter eit språk som kan romme meir av alt:

1500-tallet kan gestaltes på 2000-tallet, likevel er hundre- og tusenårene stengt inne i dette ene øyeblikket som er nå, og det får hjertet til å fly: jeg vil ut av kroppen, sprenge tidsgrensene. Det finnes bare én måte å gjøre det på: Alle tidskategorier, kjønns- og klassekategorier, alle figurer som flyter opp samtidig i bevisstheten, i de underligste kostymer, de krever artikulasjon: Tungen må løsne med et smekk, selv om den gjør motstand, løse seg fra munnhulens bakterier og råttenskap, fiskesmak, og sette seg i bevegelse. Slik utvider tiden seg, slik forlenges livet: gjennom en utdypning av sekunder; hundredels, tusendels, milliontedels og så videre, i ethvert menneskes liv. Et hvilket som helst menneskes liv. (s. 59)

I andre halvdel av boka finst ein del oppattaking av tidlegare tematikk i nye ordelag, men den smertefulle kontrasten mellom det personlege og det sosiale vert tydelegare framheva i det Rita deltek på eit psykodramakurs og fleire «ordentlege» menneske kjem til: Karl, Martin og Ragnhild. Desse er til dels stereotype når det gjeld kjønnsroller. Karl dekker over såra sine med eit tøft ytre, Martin er ein 'naturleg' mannemann, og Ragnhild er skjør, følsam kvinne. Dei reproduserer kategoriar til det parodiske: kvinnene er introverte, mennene meir utovervende. Mennene er aggressive, kvinnene kjenslevare. Men det er meir å hente i historiene deira, og likskap i ulikskapen mellom deira skilde verder. Rita prøver samstundes å nå dei andre og å sleppe unna, vil unngå å verte avgrensa av orda, men vert stadig nettopp det i sine forsøk på å sette seg inn i røynda som noko anna, på leit etter noko alternativt verkeleg. Ho vert ikkje forstått, og dei andre kritiserer henne for å vere sjølvoppteken, – noko dei alle tydeleg er. Alle snakkar forbi kvarandre i gruppesamtaler der kvar får sin replikk, medan dei einskilde fortellingane viser at dei alle kjenner seg like framande i verda.

Tidlegare har samanhengane mellom Rita, forfattarane ho les, personane i bøkene til forfattarane og Rita, som sjølv er person i ei bok vi les, gjeve glidande overgangar som set grenser og tid i flyt, slik Rita lengtar etter. I teksten «Jeg introduserer Rita» vert den intense konflikten mellom indre og ytre røynd i same rørsle utvida og forsøkt ytterlegare oppheva, i det også ein forfattar av Stridig viser seg og inviterer lesaren til å sjå seg sjølv og henne, i ulike og same no. Med dette vert meiningsproduksjonen i og med leseakta tvingande tydeleggjort. På same tid skapar sambandet uttalt nærleik mellom forfattar og lesarar på tvers av tid og rom. Det er enkelt og modig. Vi får også fortalt at Rita er ei «tankeform» som «beveger seg over grensene» (s. 105), i fleire tydingar, og ho vert sett i samanheng med Woolfs Orlando, som jo bryt grensar både når det gjeld tid, kjønn og rom. Med det vert samstundes boka nok ein gang rotfesta i feministisk litteraturtradisjon. Det heile kan nesten lesast som ei prosjektskildring som viser fram det figurane i Stridig strir med, oppsummert på halvannan side.

Og det ovannemnde er ikkje alt. Stridig har fleire pilar som siktar andre vegar, og gjev aning om at teksten vil vere ein annan ved ny oppdagingsferd. Difor er ikkje denne vurderinga skråsikker når den framhevar dei første delane av boka framfor dei seinare, meir oppstykka, der stykka til tider vert så små at ein lett mister dei av syne. Endringane i form samsvarar med dei stadig meir utprøvande grenseflyttingseksperimenta, og dei fleire røystene som blandar seg inn gjer også stilen meir fragmentarisk. Denne lesaren føretrekk imidlertid tekstflyten i starten, men elskar gjennom heile Stridig å verte ille til mote av vage erfaringar skildra presist.

Note

1 Morgenbladet 14.–20. mai 2004, s. 28 [Tilbake]

Publisert 23. juni 2004 | Til toppen av siden