Jubileumshilsen Av Jens Stoltenberg
Tale «Børs og katedral»
Av Erik Must
Profil Et slag for amatøren
Lars Saabye Christensen intervjuet av Kåre Bulie
Profil «Det er vi som er de siste anarkistene»
Horace Engdahl intervjuet av Christian Kjelstrup
Refusjonsbrev
Av redaktør Johan Borgen
Novelle Yama
Av debutant Axel Jensen
Bildeserie Utvalgte Vinduet-forsider fra 1947 til 2007
Gjendiktninger Wallace Stevens’ alderdomsdikt
Til norsk ved Jan Erik Vold
Reiseskildring Noe om Georg Johannesen og liv og død-situasjoner – eller: Jeg vet ikke hva
Av Nils-Øivind Haagensen
Reiseskildring Om fingeren som ikke viser vei Av Andreas Viestad
Debattessay Intimitetstyranni? Av Espen Haavardsholm
Debattessay Innholdisme Av Per Bjørnar Grande
Haiku Seks haiku
Av Inge Haugane
Spalte Ein ganske fotnoterik guide til: Litterære jubileum
Av Are Kalvø
Bokomtale Møllerens skrift
Herta Müller: Mennesket er en stor fasan i verden og Alltid den samme snøen og alltid den samme onkelen

Av Kaja Schjerven Mollerin
Bokomtale Syngende prosa fra sør
Edward P. Jones: The Known World og All Aunt Hagar’s Children

Av Erik Bjerck Hagen

Innhold Vinduets novellenummer:

Leder

1. premie
Reidun Elise Foldøy: «Den store dagen»

Delt 2. premie
Karine Nyborg: «Det må være en grunn»
Eva Sannum: «Love me tender»

4.-10. premie
André Aronsen: «Marsha»
Lena Niemi: «En grav og gå til»
Arild Rossebø: «Magda og Ludvig»
Stein Slettebak Wangen: «Kjære liv»
Eivind Riise Hauge: «Fars sigaretter»
Tommy Kvarsvik: «Bil A, bil B og Tore – en studie i det rekonstruerte liv»
Knut Rage: «Ein stad finst det nokon»

Essay

Frå Kar via Snow til Snø
Om feilkontekstualiserte bokomtalar av Orhan Pamuks siste roman
av Gunvald Ims

Etter å ha følgt romanen Kar av den tyrkiske forfattarane Orhan Pamuk frå originalspråket tyrkisk i 2002, via den engelske omsetjinga Snow i 2004, til Snø til slutt lava ned i norske heimar ved førjulstider i 2005, har eg blitt stadig meir overtydd om at det ikkje handlar om ein, men tre ulike romanar. Det kan verke overraskande på dei som har lese omsetjinga og trur dei har lese same romanen som originalen.

Den siste romanen av Orhan Pamuk som er omsett til norsk, blir overalt, og uavhengig av tidsforskjellane, lese som ein samtidsroman. Mens Snø var på veg frå Gyldendal og ut til norske redaksjonar i midten av desember 2005, førebudde forfattaren seg i Tyrkia på å bli dratt inn for ein domstol i heimlandet. Det var få eller ingen som lét vere å nemne det i bokomtalane sine. Til dømes skreiv Kjetil Fosshagen i På høyden, nettavisa til Universitetet i Bergen, at ein kan sjå Snø som ei absurd spegling av spelet rundt rettssaka mot forfattaren sjølv.1 Cathrine Krøger skreiv i Dagbladet: «Konflikten mellom tyrkiske myndigheter og forfatteren når høydepunktet idet hans nyeste roman ’Snø’ slippes på norsk.» 2 Tom Egil Hverven valde annleis enn dei andre. I P2-kommentaren den tredje desember snakka han mest om korleis Orhan Pamuk omtalar det moderne samfunnet, som mange av oss hører til, i staden for det tyrkiske, som færre av oss er ein del av. Men NRK har passa på å gi også denne kommentaren ein meir medstraums tittel og ingress, der det sentrale er at forfattaren skal for retten innan to veker.3

Det ikkje så mange tenkjer på, er at tiltalen som er reist mot Orhan Pamuk no, byggjer på utsegner han gav under eit avisintervju i Sveits i februar 2005, mens originalromanen Kar kom ut i Tyrkia tre år føre. Det har ikkje vore vanskeleg for bokmeldarane å knyte dei ytre hendingane i dag til forteljinga i romanen Snø. Det gjeld òg dei som tar historisk-filosofiske atterhald, slik Kjetil Fosshagen gjer når han kallar romanen ei spegling av aktuelle hendingar, nett som historia alltid er ei spegling av vår tid.

På engelsk språkmark blei ytre hendingar på liknande vis lesne inn i romanen då omsetjinga Snow kom ut sommaren 2004. Men den boka handla om andre aktuelle saker. The New York Times Book Review slo til med å lese romanen profetisk i forhold til terrorangrepa i USA i 2001. «Sjølv om forteljinga er sett til 1990-talet, altså før 11. september, er Snow skummelt framsynt, både i analysane av fundamentalistiske haldningar og i skildringane av korleis undertrykkinga, raseriet, samansverjingane og valden fungerer,» skreiv forfattaren Margaret Atwood seinsommars 2004.4 Då hadde den amerikanske presidenten, George W. Bush, alt vore i Istanbul og sagt at Orhan Pamuk er ein stor forfattar som har hjelpt til å byggje bru mellom Austen og Vesten.5 Går vi attende til 2002, då Snø kom ut i Tyrkia, var landet særleg prega av at AKP, eit parti med islamistiske røter, nyss hadde kome til makta. «Det kvite partiet», eller «Partiet for rettferd og oppreising», har sidan valsigeren i november 2001 sete med reint fleirtal i parlamentet, trass i at bare ein tredjedel av veljarane røysta kvitt. Partileiaren, no statsministeren, som ved dom var utestengd frå det politiske livet, var raskt ute med å formane parlamentsmedlemane om at dei måtte hugse på å at dei no skulle styre på vegner av heile det tyrkiske folket. Denne viktige politiske omveltinga fann dei tyrkiske lesarane parallellar til i romanen Snø. I boka blir for eksempel skautet til dels rive laus frå det politiske som türban, på norsk «hijab», og knytt meir laust til ulike straumdrag i folket, der religionen, mellom andre ting, spelar ei viktig rolle.6 Det lokale statskuppet som sekularistane set i verk av frykt for islamistane, blir ein parodi fordi det blir utført på ei teaterscene. Samtidig verkar teaterbildet treffande også på dei verkelege statskuppa i Tyrkias historie, det siste var generalskuppet 12. september 1980.

I det innfløkte systemet der sjølve romanteksten bare er ein av fleire viktige komponentar, held bokomtalane Snø i hevd som ein notidig roman, same kor han blir utgjeven og uavhengig av tidsforskjellen. Det skjer ved at kritikarane først og fremst tolkar romanen ut ifrå konteksten som omsetjinga skal seljast inn i, utan tanke på kva kontekst originalromanen er oppstått i.

Valsigeren til AKP, terroråtaka i USA med følgjande amerikansk frigjering i Midtausten og rettssaka mot Orhan Pamuk i heimlandet er alle eksterne hendingar som ikkje finst i romanen. I romanen kan vi rett nok lese om skaut i ulike, av og til uvande samanhengar, om religion i høve til politikk, om krigerske haldningar mellom Vesten og islamistar og om vanskelege kår for forfattarar. Bokmeldarane av Snø har i stor grad nytta seg av moglegheitene til å lese eksternt. Når kritikarane riv hendingane laus ifrå den fiktive handlinga, som i romanen går føre seg i ein bestemt by til ei bestemt tid, og vektlegg desse som uttrykk for hendingar i nyhendesendingane i deira eigne media same dagen, byggjer det sjølvsagt på at hendingane liknar. Men dei ulike kontekstualiseringane i bokomtalane gjer i stor grad Kar, Snow og Snø til ulike romanar. Og i den grad dei ikkje handlar om det same, må ein spørje seg kva for ein som er rettare enn dei andre.

Det kan vere interessant å låne øyre til Orhan Pamuk når han vurderer dei ulike aktuelle lesemåtane av romanen Snø. Det første eg vil understreke, er at forfattaren ikkje vart spesielt glad for å bli dratt inn til inntekt for frigjeringspolitikken til George W. Bush. For han meiner at krigføringa skaper avstand mellom aust og vest og gjer det muslimske samfunnet unødvendig rasande mot Vesten.7 For det andre har Orhan Pamuk i det seinare fleire gonger åtvara mot at støyen rundt han som person tar merksemda bort ifrå bøkene. Då han i haust hadde fått ein fredspris av tyske bokhandlarar, både for litteraturen og det politiske engasjementet hans, spurde vekebladet Der Spiegel om kva for ei av grunngjevingane han sjølv syntest mest om. Prisvinnaren svara at han synest det er ironisk at både tyrkarane og tyskarane legg så sterkt vekt på den politiske sida av prisen: «Det er nesten som dei meiner at verdsetjinga av den litterære kvaliteten på romanane mine ikkje er noe å vere stolt av.» Så la han til: «Så flaks då, at den nyaste romanen min er tilsikta politisk.»8 I ein annan samanheng har Orhan Pamuk lova at Snø er den første og siste politiske romanen han skriv.

Når forfattaren slår fast at den nyaste romanen hans er politisk, kan det tolkast som ei utsegn for at Snø er meint å knyte seg til aktuelle samfunnsspørsmål, slik vi har sett at han gjer. «Politisk» kan rett nok tyde så mangt. Orhan Pamuk er oppvaksen i eit politisk land, skriv for eit politisk publikum og under vekslande politiske forhold. Dette er sjølvsagt ikkje bunde av at han kjem frå metropolen Istanbul, men gjeld alle som skriv til alle tider overalt. «Politisk» blir såleis eit adjektiv som er umogleg å bruke til å skilje Snø frå andre bøker i det heile. Snø er verken den første, den siste eller den einaste politiske romanen verken av Orhan Pamuk eller av andre forfattarar i heile verda. Bokomtalane av Kar, Snow og Snø har tvert om vist at romanen som sjanger evnar å verke politisk, og det uavhengig av teksten i seg sjølv.

Når det er sagt, skal det likevel understrekast at Snø skil seg frå andre Pamuk-romanar ved at han er ein utprega samtidsroman. Ikkje bare går rammeforteljinga, den som handlar om at den fiktive forfattaren Orhan skriv ein roman i romanen, føre seg parallelt med den tida då lesarane fiktivt kan tenkje seg at romanforfattaren Orhan Pamuk skreiv Snø. Denne teknikken, å setje ei notidig ramme rundt forteljinga, har forfattaren nytta før, både i Det hvite slottet (orig. 1985) og Mitt navn er Karmosin (orig. 1998). Forskjellen i Snø er at forteljinga inni ramma også går føre seg nært vår tid. Det er framleis ikkje meir enn ti år sidan vi ut ifrå viktige referansar, som politiske hendingar knytte til staden omtala i romanen, kan tenkje oss at handlinga i Snø gjekk føre seg. Ut ifrå hendingane i romanen hadde det vore naturleg om Snø blei tolka som mindre og mindre samtidig etter kvart som omsetjingane dukkar opp to og tre år etter originalen. Det er ikkje tilfellet. Forfattarens svar på dette når han møter europeiske journalistar, er å understreke at Snø er ein historisk roman, sidan avtalane som følgjer EU-forhandlingane har endra Tyrkia så mykje sidan nittitalet. 9

Orhan Pamuk er frå Tyrkia. Men han har ikkje vore ein typisk politisk forfattar. Det har i lang tid uroa norske kritikarar, for forfattarar frå Midtausten, Sør-Amerika og der omkring skal helst vere politiske og forfølgde, slik at vi, når vi les, kan bli fylde av ei djup kjensle av medynk og ei overtyding om at vi er med på noe viktig, nemleg å gjere verda til ein betre stad. Orhan Pamuks bøker brukar ikkje gi den kjensla. Dei lesarane som ønskjer å verdsetje romanane til Orhan Pamuk, bør derfor snarast skru av støyen frå kritikarkorpset. Dersom bokmeldingane av Snø er representative for korleis kritikarane handsamar omsett litteratur, bør ein i det heile tatt slutte å lese medieomtalar på det språket ei bok er omsett til. No er det vanskeleg å tenkje seg ein moderne roman isolert frå salskampanjar, bokmeldingar og forfattarintervju. Lesarane forventar faktisk at kritikarane skal gi ein korrekt førsteomtale av romanane, òg dei som er omsett frå andre språk. Då blir det feil at det som i omtalane løftast fram som det heilt sentrale, er hendingar som skjer opp mot ti år etter handlinga i romanen, og hendingar i andre verdsdelar enn der romanen er oppstått.

Noter:

1 Fosshagen, Kjetil: «Orhan Pamuk og den tyrkiske ære» i På Høyden, http://meldinger.uib.no/nettavis/?modus=vis_kronikk&id=30223, 19.12.2005.[Tilbake]

2 Krøger, Cathrine: «Mesterlig om støy» på Dagbladet.no, http://www.dagbladet.no/kultur/2005/12/19/452600.html, 19.12.2005[Tilbake]

3 Hverven, Tom Egil: «Forfatter for retten» på NRK.no, http://www.nrk.no/nyheter/kommentar/5289980.html, 03.12.2005[Tilbake]

4 mi omsetjing frå Atwood, Margaret: «Headscarves To Die For» i The New York Times Book Review, 15. august 2004, s. 1.[Tilbake]

5 Star, Alexander: «Orhan Pamuk: 'I was Not A Political Person'» i The New York Times Book Review 15. august 2004, s. 9.[Tilbake]

6 Sjå artiklane av Alpay, Necmiye: «KAR kiskirtici» i Milliyet.Kitap, utgitt 8. mars 2002, eller på Milliyet Internet, http://www.milliyet.com.tr/ozel/kitap/020308/kimne.html, 23.12.2005 for fleire eksempel på kreative ordval i Snø, og   Çelikkan, Murat: «Islam ve Kar» same plassen. Denne siste er ein artikkel basert på intervju med to teologistudentar i Istanbul om kva dei tykkjer om skildringane av «islamistar» i Kar.[Tilbake]

7 Star, Alexander: «Orhan Pamuk: ‘I was Not A Political Person’» i The New York Times Book Review 15. august 2004, s. 9.[Tilbake]

8 «Orhan Pamuk and the Turkish Paradox» i Der Spiegels FRANKFURT BOOK FAIR SPECIAL, http://service.spiegel.de/cache/international/spiegel/0,1518,380858,00.html, 22.12.2005.[Tilbake]

9 Ukjent forfatter: «Orhan Pamuk and the Turkish Paradox» i Der Spiegels Frankfurt Book Fair Special, http://service.spiegel.de/cache/international/spiegel/0,1518,380858,00.html, Hamburg 22.12.2005.[Tilbake]

Publisert 23. juni 2006 | Til toppen av siden