Jubileumshilsen Av Jens Stoltenberg
Tale «Børs og katedral»
Av Erik Must
Profil Et slag for amatøren
Lars Saabye Christensen intervjuet av Kåre Bulie
Profil «Det er vi som er de siste anarkistene»
Horace Engdahl intervjuet av Christian Kjelstrup
Refusjonsbrev
Av redaktør Johan Borgen
Novelle Yama
Av debutant Axel Jensen
Bildeserie Utvalgte Vinduet-forsider fra 1947 til 2007
Gjendiktninger Wallace Stevens’ alderdomsdikt
Til norsk ved Jan Erik Vold
Reiseskildring Noe om Georg Johannesen og liv og død-situasjoner – eller: Jeg vet ikke hva
Av Nils-Øivind Haagensen
Reiseskildring Om fingeren som ikke viser vei Av Andreas Viestad
Debattessay Intimitetstyranni? Av Espen Haavardsholm
Debattessay Innholdisme Av Per Bjørnar Grande
Haiku Seks haiku
Av Inge Haugane
Spalte Ein ganske fotnoterik guide til: Litterære jubileum
Av Are Kalvø
Bokomtale Møllerens skrift
Herta Müller: Mennesket er en stor fasan i verden og Alltid den samme snøen og alltid den samme onkelen

Av Kaja Schjerven Mollerin
Bokomtale Syngende prosa fra sør
Edward P. Jones: The Known World og All Aunt Hagar’s Children

Av Erik Bjerck Hagen

Innhold Vinduets novellenummer:

Leder

1. premie
Reidun Elise Foldøy: «Den store dagen»

Delt 2. premie
Karine Nyborg: «Det må være en grunn»
Eva Sannum: «Love me tender»

4.-10. premie
André Aronsen: «Marsha»
Lena Niemi: «En grav og gå til»
Arild Rossebø: «Magda og Ludvig»
Stein Slettebak Wangen: «Kjære liv»
Eivind Riise Hauge: «Fars sigaretter»
Tommy Kvarsvik: «Bil A, bil B og Tore – en studie i det rekonstruerte liv»
Knut Rage: «Ein stad finst det nokon»

Novelle

I morgonsol
av Kristian Lødemel Sandberg

Ho sette seg ved pianoet og breidde ut fingrane med ei langsam rørsle. Dei kvilte lett på kvitt og svart, før ho med låg stemme kviskra: Ein, to, tri, fir.

Så fortrengde pianoklangen alt, og tonane glei lystige ut av pianoet. Dei svevde gjennom det svakt opplyste rommet med småblomstra tapet, for så å nå øyra mine. Eg kunne høyre at det var Bach.

Eg brukte å lytte til klassisk når eg dusja. Det var så vidunderleg å høyre på symfoniar og sonatar medan det varme vatnet sildra nedover kroppen. Og om eg lukka auga, kunne eg føle ei ro. På ein måte lik ein draum, langt vekk frå røyndomen. For det var noko spesielt med svære symfoniorkester på knitrande vinylplater, anten eg dusja eller ikkje.

Det var då eg skulle kjøpe meg ei ny plate at eg trefte henne. Eg sat ved elva med ein kaffi og såg på byen. Smaken av den bitre kaffien blanda seg med dufta av nyslått gras. Postbudet sykla forbi på den andre sida av elva og bakaren sette ut stolane framfor bakeriet. Byen starta å leve, medan ho slo seg ned ved sida av meg. Heilt stille stira ho på elva som bukta seg i blågrøne svingar. Ho hadde på seg kvite sko med sommarfuglar på. Eg smilte då eg såg ein fargerik sommarfugl flyge bort for å helse på nykomlingane. Ho smilte òg. Eg heva blikket og såg på elva saman med henne. Det er noko evig over ho, sa ho med eitt. Der renn vatnet forbi slik det har gjort i alle år. Alltid nye dråpar på veg mot det store havet. Ho stoppa og let orda henge igjen i lufta. Eg lente meg framover og sa: Ja, vakker er ho òg.

Etter at ho var ferdig med songen, klappa eg for henne. Ho smilte og neia pent til tilskodaren som sat i sofaen. Det kunne like gjerne ha gått føre seg på ei scene framfor publikum i smokingar og finstas, men det gjorde det ikkje. Ho spelte berre for meg. Og no la ho seg ned med hovudet i fanget mitt. Føtene gøymde ho under puta som låg i den andre enden.

Etter at ein har høyrt musikk, vert alltid stilla så intens, og no stod pianoet der utan å lage ein lyd. I hovudet mitt prøvde eg ut fleire spørsmål, men eg slo dei frå meg. Då spurte ho: Kjente du igjen stykket? Eg let auga kvile på andletet hennar. Ja, det var veldig fint. Det blei ei lita pause før ho sa noko. Eg liker Bach. Når englane speler for Gud, speler dei Bach. Eg tygde litt på det, før eg sa: Det er godt mulig at du er ein engel, men eg er ikkje Gud. Ho svarte raskare denne gongen. Det er berre eit sitat. Det handlar ikkje om oss.

Utanfor hadde gatelyktene blitt tent. For kvar tiande meter stod dei og lyste veg for nattevandrarane. Sommarregnet hadde nett vaska vegen rein og gitt blomane noko å drikke.

Eg har ikkje spelt på lenge, sa ho. Ikkje sidan før eg trefte deg. Eg drog fingrane forsiktig gjennom det brune håret hennar. Kvifor ikkje? Ho venta litt med å svare. Eg veit ikkje. Kanskje fordi eg har tenkt så mykje.

Eg visste at no var tida inne for å dele tankane mine. Du burde ikkje tenkje, sa eg. Berre lat det flyte og gjer det som fell deg inn. Tankar veks seg lett for svære, og det blir endå fleire ting som kan gå gale. Om du tenkjer for mykje på kva du skal seie, kjem du berre til å snøvle. Alt som er gjort, er gjort, og å tenkje på det etterpå, gjer det sjeldan betre. For om eg tenkjer på at eg gruar meg, veit eg at eg kjem til å grue meg meir. Derfor skulle eg ønskje at eg ikkje tenkte så mykje.

Ho stira på meg med smale auge og ei rynke i panna, før ho plutselig begynte å kile meg. Eg starta å bakse og kave slik at vi datt ut av sofaen og blei liggjande som ein samanfiltra bunt på golvet medan vi lo og lo. Ikkje kil meg igjen, sa eg då eg var ferdig med å le. Ho lova, såframt ho ikkje kom på den tanken igjen.

Det var berre vi som var i platebutikken den dagen. Vi stod der og bladde gjennom bunke på bunke med slitte vinylcover. Det dystre rommet tok form blant støvete solstrålar som sneik seg inn gjennom persiennene. Innimellom titta eg bort på andletet hennar. Framoverlent med håret bak øyra. Ho hadde sagt ho godt kunne bli med meg og leite. Det sa eg var hyggeleg, for det var alltid vanskeleg å finne det ein leitte etter. Men vi fann plata til slutt, og kunne spasere ut i sommarbrisen som pusta over torget.

Vi la oss i sofaen igjen og ho fortalde om Paris. Alt er fint i Paris, sa ho. Der kan ein ta livet med ro og nyte det. Ein kan promenere langs dei ærverdige alléane og seie «Bonjour» og «Ça va?» til folk ein møter. Til lunsj kan ein ete bagettar og ost på ein grønmala benk i parken. Det er alltid ei fin stemning i lufta. Og ein er omgitt av folk som snakkar fransk, det vakraste språk på jord. Sjølv når franskmenn kranglar, læt det som musikk.

Eg såg bort på lampa, ei gamaldags bordlampe med rysjar, og la merke til korleis ho fekk alle landskapsmaleria og portretta til å sjå ut som dei bada i morgonsol. Slik såg òg ho ut, der ho låg ved sida av meg og såg utover i rommet. Akkurat slik eit landskap helser på morgonen.

Vil du bli med meg til Paris? spurte ho.

Eg kunne kjenne varmen hennar gjennom kleda. Når ho pusta inn, følte eg at ho kom nærare meg. Ho var så mjuk og levande. Eg let auga gli igjen og kjente parfymen hennar i nasen. Eg tenkte at det var lukta av Paris.

Ja takk, det vil eg gjerne.

Vi hadde sett mange franske filmar saman. Ho sa at det var dei beste filmane som fanst. Mange gonger handla det om kjærleik, og som oftast var personane i Paris, der dei sat på ein kafé eller sykla rundt på ein blå sykkel. Dei gjorde ikkje så mykje, men kunne liggje på hotellrommet heile dagen og sjå på korleis sola gjekk over byen. Dei levde livet i lange andedrag i Paris.

Blir det som i dei franske filmane?

Det blir betre.

Plutseleg merka eg at handa mi sov. Det var først etter å ha rista i ho at eg kjente prikking. Søv ho? spurte ho. Ja, svarte eg. Då tok ho handa mi og strauk ho forsiktig med si eiga hand. Det var så vidt eg følte fingrane over huda. Heilt roleg og like skjørt som eit blad. Etter nokre minutt var handa som før.

Eg let blikket kvile på vindauget. Den svarte nattehimmelen var dekka av lysande stjerner på reise over Mjølkevegen. Her ute der det var så lite lys frå livet til menneska, såg ein dei svært godt. Særleg i kveld.

No kunne eg høyre at ho sov. Ho pusta langsamt gjennom nasen. Inn og ut. Inn og ut. Rundt oss var det fire blomstra veggar, men ute hadde mørkret omfamna alt unntatt stjernene. Eg kjente meg borte og tilstades på ein gong. Og det var slik eg sovna. Med armane rundt livet hennar, og medan lampa framleis stod på.

Ho og eg var i Paris. Vi sat på balkongen utanfor hotellrommet og åt bagettar og ost og drakk kaffi. Det var morgon, og byen låg der med sine lyse fargar og kasta lange skuggar. I gatene sykla franskmenn på blå syklar med kjærasten bakpå medan dei helste på alle dei møtte. Ho lente seg tett inntil meg. Eg kjente leppene hennar mot øyret medan ho kviskra: Ein, to, tri, fir.

Publisert 13. mars 2007 | Til toppen av siden