Den store dagen

av Reidun Elise Fold°y

Ho spring på do att. Løfter opp lag på lag med tyll og silke. Legg tepper av kjole varsamt frå seg på vasken og fiklar opp hempene på strømpehaldaren. Han skal få seg ei overrasking i kveld! Ho rullar den kroppsnære trusa nedover låra. Den er stram og sveitt og nokså utriveleg å ha på. Blonder og nylon, lag på lag med ikkjepustande kunstmateriale. Det stikk og klør. Men kva gjer ein ikkje? Ho ser nøye bak, at ikkje noko av krimskramset vert med, når ho set seg. Magen buktar og bær seg, som hadde ho hive nedpå ein heil boks pulverkaffi.

Eva gler seg til å sjå uttrykket i ansiktet hans. Når han får sjå kjolen, og håret og alt. Håret som ho har spara på i over eit år no, kor pistrete det vart, slik at friserdama kunne klyppa det i passande lengde etter at håret var farga og rullane teke ut, – før oppsettinga.

Monica er skikkeleg nervøs seier ho, når Eva kjem inn att i salongen. Ho sit i manilastolen ved vindauge og blar i eit gamalt Se og hør mens ho ser opp. Monica legg frå seg bladet og reiser seg hastig. Går rundt i rommet, og plukkar på nokre shampooflasker som står i ei korg attmed den kvite disken, der boka med rader av klokkeslett og datoar ligg oppslegen. Ho er nydeleg i den blå kjolen, som speglar augo. Men ikkje slik at ho tek glansen frå brura, tenkjer Eva letta. På langt nær! Det er noko med fuglebringa i utringinga og den kantete kroppsbygnaden. Det heile fell liksom. Eva og Monica vert ståande og sjå etter volvoen i vindauge, mens friserdama snakkar høgt til den eldre dama som får ny hårfarge.

Har du sett, seier Eva, og snur seg så brått og nært at hårnålene er ved å stikke Monica i nasa. Bøyer seg fram og opp med profilen vendt mot Monica, mens ho pustar raskt.

Ser du? seier ho att, stiv som ein skulptur fanga i spranget.

Å herregud kor nydelege, vrælar Monica. Gud, kva er det?

Safirar, svarar Eva. Visste ingenting eg, før eg skrella av papiret. 20 langstilka roser, champagne – ja og så øyredobbane, vekka han meg med i dag tidleg.

Monica er nesten frå seg.

Herre Gud, seier ho att. Kor romantisk, seier ho.

Steinane speglar seg i klinkekuleaugo hennar, mens knekkebrød med kvitost-ande strøymer ut gjennom den halvopne munnen. Og bitande Lipton.

Eg kjem til å sakne deg, seier Monica svakt mens augeloka glir halvt ned og kinna streifar kvarandre.

Eva gjer seg rak i ryggen att, og øyredobbane blir att bak sløret.

Du må jo komme på besøk. Alt er som før, Monica, seier ho mens ho stryk vekk rusk som ikkje er der, frampå kjolen. Me har gjesterom og ekstra bad, seier ho og ser faren komme i den nyvaska bilen. Du må sjølvsagt besøke oss.

Kyrkja er full av ventande. Fredrik og Jostein smiler til kvarandre, med rose i knappholet, og speilblanke haker. Smiler over at no er det faen meg alvor. Og jaja, kven skulle trudd, smiler dei.

Døra slår opp og tonane brusar gjennom kyrkjerommet. Silke og mjuk Sibelius flommar over golvet. Dei oppsette bølgjene i elfenbeinhår speglar seg i augeepla, og alle smiler i takt med orgelet, mens Eva ser og ser med innramma augo under tunge glitrande lok mot kjærasten som ventar der framme, krøller armen innunder farens, og kjenner at jau, ho er verdas vakraste kvinne.

Med undring og halvgøymde smil møter dei kvarandre ved altaret, som dei møttes første gongen. Augo er mørke og fulle av løyndom, og han håpar dei vil halde fram med det.

Presten har grått hår og ansikt med riper tett i tett. Ikkje særleg høg er han, og nokså rund. Han snakkar og smiler og syng og snakkar att, med malande stemme, mens han ser på dei. Snart Jostein, snart Eva. Han ser glad ut. Det boblar i henne. Ho skal danse på Scandic etterpå, som ho aldri før har dansa, tenkjer ho. Og ho skal slå på glaset under middagen og fortelje kva det er som gjer at ho vil dele livet sitt med Jostein. Jostein skal bli rørt, og gjestane skal le av kvardagshistoriene som dei kjenner seg att i, alle dei gifte. For no er dei ein av dei. Slitarane. Limen. Slik er det. Nøkkelen til hytta skal henge hjå Jostein og Eva no. Og dei skal nikke oppmuntrande når den andre snakkar, klokt og vakse. Gje kvarandre stryk over skuldra idet dei passerer kvarandre mot kjøkkenet for å hente meir å ete og drikke skal dei, før dei står saman i gangen og held omkring kvarandre mens venner tar jakka på og takkar så mykje for seg.

Ho snur seg smilande mot han. Overleppa hans er fuktig og augo stirande. Nesten lysegrøn er han i ansiktet. Han ser elendig ut! Eva blir uroleg. Ho prøver å nå inn til han, slik berre ho kan. Snur seg mot han og dultar i han, med leikande augo. Men det hjelper ikkje. Han ser inn i noko uendeleg langt borte frå henne, og let handa henge tungt når ho grip etter den.

Presten er komen til den siste delen av seremonien. Det er no dei skal svare ja, og Eva er glad dei snart skal ut og kysse i sollyset på trappa med dansande riskorn omkring seg, mens vinden leikar med sløret. Snart. Presten spør med milde augo. Dette er enkelt, seier augo, du skal berre seie ja slik vi øvde på. Det er ikkje farleg. Men Jostein svarar ikkje når spørsmålet er stilt. Han ser forskremd på presten. Nokon hostar. Eva kjenner eit trykk i brystet, og leitar etter Monica med blikket. Varmen i panna gjer henne svimmel. Monica ser henne ikkje, ho er oppteken med å følgje med Jostein, munnen opnar seg halvt og buketten med kvite orkidear som ligg i fanget hennar rører på seg.

Til døden skil oss – det er lenge, seier Jostein omsider. Det er faktisk ... alt eg har.

Han står der med altfor lange armar, og bøygd nakke. Det er så stille i kyrkjerommet at ein høyrer folk svelgje der bakover i radene.

Eg kan ikkje svare ja slik utan vidare, seier Jostein, med for mykje luft i stemma.

Han borar presten med blikket.

Kan hende lever eg i 70 år til. Eller 50. Eller 10. Det spelar inga rolle. Det er uansett heile livet mitt det handlar om.

Jostein betraktar skotuppane sine, og stilla ligg kvelande mellom benkeradene.

Du forstår vel alvoret i det du spør meg om? seier han med nakent ansikt og høge skuldrer. Presten står urørleg og formar tause ord med munnen over den svarte Bibelen, som ligg oppslegen mellom hendene.

Men eg vil det, seier Jostein endeleg.

Og letta slår som vengjeslag gjennom salmebøkene.

Om du lovar at eg kan få ha på meg det eg vil, seier han og snur seg mot henne. Det er ein liten ting dette synes du kanskje, men du må ikkje kaste t-skjortene mine dersom du meiner dei er utslitne utan å spørje først. Du må heller ikkje krevje på meg ei anna skjorte før vi skal ut. Fordi du meiner det ikkje heldt. Ikkje er bra nok. At eg ikkje er god nok. Han ser på presten att, som ser ned. Eg skal det, seier han og ser henne beint i augo, om eg framleis har råderett over pengane mine, som eg har tent på ærleg vis. Om eg får kjøpa så mykje sjokolade eller hotdog eg vil på Statoil, no når eg endeleg er vaksen og har pengar nok til dèt. Eg kan ikkje gifta meg med deg om du har tenkt å ta den fridomen frå meg. Og eg må få lov å kjøpa ny sykkel, sjølv om den er til ordinær pris, utan at du ramsar opp så mykje anna me heller burde kjøpe for pengane mine. Eg vil gjerne leva med deg til døden, seier han, om eg kan sjå fotball med kameratane mine laurdagsettermiddagane. For det betyr mykje for meg. Forstår du? Eg kan ikkje, seier han med kraft i stemma, pusse opp kvar laurdag, eller male hytta, eller fikse bilen, eller gjere unna helgevaskinga når du bestemmer at eg skal det. Eg må få møte kameratane mine og sjå fotball! Elles, seier han, er det nesten som livet ikkje er verdt å leve.

Orda slår mot glasmosaikken på veggen i koret.

Eg skal leva med deg herifrå og ut, seier Jostein tindrande klårt, om du aldri nokon gong ligg med meg fordi du synes at du bør. For det er gått fleire veker, så du meiner det er på høg tid.

Det kremtar og hostar mellom radene, og sko blir skrapa mot golvet.

Og for Guds skuld, seier han. Du må aldri gå i dagevis utan å seie noko, fordi du meiner at eg veit kvifor når eg ikkje gjer det!

Det boblar av sorg mellom orda i ganen, og augeloka er tunge når ho ser på presten som for lengst har slutta smile.

Nei, seier Eva stilt.

Dei ser spørjande på henne, presten og Jostein, Monica og Fredrik.

Eg går ikkje med på det, seier ho. Eg går ikkje med på det.

Publisert 24. september 2007

Reidun Elise Fold°y (f. 1971)
Oppvaksen på Osterøy. Ho er cand. polit. og spesialpedagog, og bur med to barn i Bergen. Foldøy har skreve sidan ho var lita, og sende inn eit manus til konsulentuttale i 17-årsalderen, men har ikkje sendt inn noko etter det. Ho underviser no på ein ungdomsskule i Bergen.

Normalvisning | Til toppen av siden