Jubileumshilsen Av Jens Stoltenberg
Tale «Børs og katedral»
Av Erik Must
Profil Et slag for amatøren
Lars Saabye Christensen intervjuet av Kåre Bulie
Profil «Det er vi som er de siste anarkistene»
Horace Engdahl intervjuet av Christian Kjelstrup
Refusjonsbrev
Av redaktør Johan Borgen
Novelle Yama
Av debutant Axel Jensen
Bildeserie Utvalgte Vinduet-forsider fra 1947 til 2007
Gjendiktninger Wallace Stevens’ alderdomsdikt
Til norsk ved Jan Erik Vold
Reiseskildring Noe om Georg Johannesen og liv og død-situasjoner – eller: Jeg vet ikke hva
Av Nils-Øivind Haagensen
Reiseskildring Om fingeren som ikke viser vei Av Andreas Viestad
Debattessay Intimitetstyranni? Av Espen Haavardsholm
Debattessay Innholdisme Av Per Bjørnar Grande
Haiku Seks haiku
Av Inge Haugane
Spalte Ein ganske fotnoterik guide til: Litterære jubileum
Av Are Kalvø
Bokomtale Møllerens skrift
Herta Müller: Mennesket er en stor fasan i verden og Alltid den samme snøen og alltid den samme onkelen

Av Kaja Schjerven Mollerin
Bokomtale Syngende prosa fra sør
Edward P. Jones: The Known World og All Aunt Hagar’s Children

Av Erik Bjerck Hagen

Innhold Vinduets novellenummer:

Leder

1. premie
Reidun Elise Foldøy: «Den store dagen»

Delt 2. premie
Karine Nyborg: «Det må være en grunn»
Eva Sannum: «Love me tender»

4.-10. premie
André Aronsen: «Marsha»
Lena Niemi: «En grav og gå til»
Arild Rossebø: «Magda og Ludvig»
Stein Slettebak Wangen: «Kjære liv»
Eivind Riise Hauge: «Fars sigaretter»
Tommy Kvarsvik: «Bil A, bil B og Tore – en studie i det rekonstruerte liv»
Knut Rage: «Ein stad finst det nokon»

Klassiker

«En idé som ønsker å tre i kraft … en idé i oppløsning»
Om I det blodige blå av Torgeir Schjerven
av Lars Amund Vaage

Teksten er hentet fra Vinduet 2-1986.


Eg skuldar norske forfattarar lite. Dersom eg skal svara på kva for norsk bok, til dømes frå etterkrigstida, som har betydd mest for meg, veit eg ikkje kva eg skal seia. Eg har ei kjensle av at for meg har andre faktorar vore meir avgjerande enn den norske bokproduksjonen. Den gamle nynorsk-bibelen er ein slik avgjerande faktor. Musikken ein annan. Ml-rørsla skal også nemnast. Ikkje minst vil eg takka for det vestnorske talemålet. Mitt forhold til norske forfattarar er meir prega av glede fordi dei held på, i fullt alvor, med dette som ein kallar kunst, og såleis held eit rom ope for den slags verksemd i ei tid som stort sett vil bedragast.

Blant anna derfor blir uttrykk som «den beste norske etterkrigsboka», «den mest innflytelsesrike norske etterkrigsboka», osv., stikkord som berre fører inn til ytterkanten av noko som eg tykkjer er viktig nok til å bruka trykksverte på.

Derfor blir utgangspunktet mitt eit anna.

Bøker er kanskje ikkje så viktig som mange vil ha det til. Livet sjølv er nok mykje viktigare. Å skriva er ikkje stort viktigare enn å laga sursild til dømes. Likevel er det slik at for meg er skrift og liv det same. Frå denne schizofrenien kan det koma mykje artig.

Ein diskuterer ofte litterært slektskap og påverknad som om bokverda eksisterte for seg sjølv, skild frå alt det andre. Ein analyserer forfattarskap som om forfattarane hoppa frå bok til bok og aldri blei våte på føtene. Eigentleg er det sjølvsagt slik at forfattarar arbeider meir ut frå livsens gåter, livsens krav, enn ut frå dei litterære tradisjonane. Berre den som har dette klårt for seg, kan skriva gode bøker. Den som vender seg bort frå dette, vil enda opp i sjølvopptatt kynisme, og dermed tørka inn. Det blir kjedelege greier. Det er dette som er så vanskeleg å skjøna for akademistane. Forfattarar skriv på livet laust, medan akademistane kjem springande etter med merkelappane sine.

Eg oppfattar Torgeir Schjervens I det blodige blå som ei slik bok på livet laust. Boka kom ut i 1984, og då som no var det litterære etablissementet delt inn i leirar eller grupper, kvar gruppe med sin korresponderande konvensjon, som «modernismen», «realismen», og den slags tautologiar. Grensene mellom desse kan verka som Berlin-murar, og forklaringa ligg sikkert like mykje i gruppepsykologi som i litteratursyn. Det er lett å koma i klemme i dette miljøet.

Mot denne bakgrunnen er Schjervens bok ganske befriande. Schjerven freistar å styra unna konvensjonane. Så langt er dette gammalt nytt. Me er fleire som kjenner ubehaget, sviket, med å skriva som i gamle dagar, det er visse dramaturgiar, visse grep, som ikkje passar for oss og den tida me lever i. Schjerven er ikkje åleine når han demonstrerer denne viljen til oppbrot frå romantradisjonen.

Dei grepa som ein nyttar for å koma unna dette ubehaget vil sjølvsagt også kunna bli (om dei ikkje alt er) konvensjonar, trygge vriar som meir enn noko anna signaliserer gruppeidentiteten.

Det oppsiktsvekkande med Schjervens bok er at han tydelegvis er opptatt av den fåren, og at han set så mykje inn på å styra unna også dette. På denne måten unndrar han seg å hamna i kategoriar som «det gamle» eller «det nye», og endar meir opp i «det eigentlege». Ironien er ganske elegant når hovudpersonen, Linder Holm, repliserer til den unge poeten: «Outsiderne er de mest spennende, sier du. Og mon jeg ikke er enig?»

Denne viljen til å vera fri, til å kunna skapa eit uttrykk i forhold til stoffet og berre det er på ein måte det eigentlege motivet for boka. Det er ein sterk impuls i boka mot å festa meining, det er lag på lag med ironi, og om Linder Holm, forteljaren, må ein kunna seia at han er den mest notorisk upålitelege forteljar i norsk litteratur til no.

Denne motviljen mot å festa meining er, som Roland Barthes seier, å fornekta Gud og hans basis, fornuft, vitskap, lov.

Det er dette som gjer Torgeir Schjervens bok revolusjonær. Det betyr ikkje at boka hans ikkje har meining, men det betyr at det pedagogiske aspektet er borte frå denne boka, og takk for det.

Ikkje til å undrast over at høgresidas kritikarar hyler opp i angst og sinne. Decibel-nivået der i garden er nok det mest objektive målet på kor viktig ei bok er. Slik sett kan Schjerven vera godt fornøgd. Det er likevel deprimerande å sjå at kritikarkorpset med få unntak ikkje skjønar kva ei av dagens viktigaste prosabøker dreier seg om.

Men også Vinduet plumpar dessverre uti. I nr. 2/85 har dansken Erik Skyum-Nielsen ein artikkel der han går gjennom og kommenterer den mottakinga boka fekk då ho kom ut. Eg skal ikkje gje meg ut på å kommentera Skyum-Nielsens kontorarbeid, noko som kunne vore freistande. I staden vil eg minna om Vinduets illustrasjon til artikkelen, Torgeir Schjervens «sønderklipte andlet».

Noko av grunnen til at dette er så påfallande, er at svært mykje av kritikken av boka har gått på Schjervens person. Linder Holm og Torgeir Schjerven blir liksom same karen. Dessverre er den biografiske litteraturkritikken like seigliva som han er uinteressant. Det er litt synd at Vinduet med denne illustrasjonen signaliserer litt av den same overflateholdninga. Verda er «søndersprengt» og uforståeleg. Eit «søndersprengt» verdensbilde krev ei «søndersprengt» form. Den «søndersprengte» romanen vert skriven av ein «søndersprengt» forfattar, nasa delt i to, augene på veg til kvar si side, panna kløyvd i bitar. Det er ikkje noko anna gale med dette enn at det verkar til å halda oppe visse fordommar.

Ein roman som på mange måtar er bygd opp av kontrastar, ein roman utan handling, intrige i vanleg meining, men det er heilskap her, og det er vilje til form. Boka osar av ein desperat formvilje, og ikkje på trass av det, men på grunn av det, er ho blitt som ho er. Det er ikkje lenger slik at den sterkaste formviljen fører fram til dei enklaste, mest organiske og harmoniske bøkene. Til det er det blitt for seint. Dei to polane i motsetningen mellom kontrast og einskap utelukkar ikkje kvarandre, den stadige understrekinga av splittinga, kontrastane, det «søndersprengte» i omtalen av slike bøker er ikkje noko anna enn ein ny brille å lesa med, ein ny fordom som stengjer for djupare erkjenning.

Eg har, Herren tilgje meg, aldri heilt forsont meg med litterære analysar. Eg har på sett og vis aldri greidd å kvitta meg med min gymnasiale motvilje mot litterære stilar. Denne motviljen har berre fått ny næring når eg frå tid til anna har gitt meg ut på å analysera mine eigne bøker, då sit ein alltid etterpå med ein litt rar smak i munnen.

Men i boka opptrer altså denne Linder Holm, som fortel si eiga historie, skriv om sitt eige liv som arbeidslaus, som ubrukeleg i det moderne Noreg. Eller rettare, han har ikkje noko liv, har ikkje noko å fortelja, han er død, eit lik, som frå første til siste side strevar for å bli fødd (på ny). Han vil så gjerne bli eit menneske, det vil me alle. Boka kan lesast som ein studie i det å forlata ein hybel, gå ut i verda, for sidan å gå heim igjen til den same hybelen, og seinare prøva seg på nytt. At det aldri skjer noko, eller at det som skjer er meiningslaust og unyttig i vanleg dramaturgisk forstand, som når han held ein lang tale til folket frå Grefsenåsens topp, men det er ingen der til å høyra på, er sjølvsagt noko av kjernen i boka. Det er denne strukturen som (saman med andre verkemiddel) formidlar Linder Holms isnande einsemd, der han heroisk traskar gjennom gatene i Oslo, styrt av den same livsviljen som gjennomsyrer alt levande.

Like vesentleg er måten Linder Holm stig fram av språket på, måten han er skildra når han skal ut, spring ned trappa på, han held i gelendret «så smijernsblomstene på stengene som holdt gelenderet oppe spruta ut under armhula og opp bak han i eislags fontene som skrudde seg opp og opp mens han skrudde seg ned, etasje for etasje, oppover, nedover, raskt, rundt og rundt. Han var begeistra …». Men ute veit han ikkje kva veg han skal, han stoppar, snur og går tilbake. «Noen dager er man litt for opplagt.»

Schjerven har denne evnen til å gje Linders begeistring, hans vanvittige illusjon eit eige språkleg uttrykk, og desillusjonen blir like effektivt etablert i det reint språklege. Slik blir Linder martra i språkleg kvern, halden fast, slengd hit og dit i tallause språklege grep, i tallause språk.

Og effekten av denne hardhendte (men naudsynte) behandlinga av språket blir forsterka like mange gonger som rørsla ut av hybelen og inn igjen blir gjentatt. Og det er denne gjentakinga av ei slik enkel rørsle, denne begynninga på nytt og på nytt, som berre er mogleg dersom ein bryt med vedtatte sanningar om korleis romanar skal vera.

Kva har Torgeir Schjerven «meint»? Kva «bodskap» kan ein lesa ut av dette? Fleire kritikarar har stilt spørsmålet, og når dei ikkje kan finna enkle svar, blir frustrasjonen nesten ikkje til å bera. Her reiser det seg spørsmål både om kritikarens rolle og litteratursyn generelt. Faktisk ligg mykje av poenget med bøker som denne i mangelen av bodskap i vanleg meining. Mykje av verknaden ligg nett i den uro lesaren føler ved at her blir ingen enkle bodord presenterte, ingen snarvegar eksisterer til forståing.

I vår tid står dette likevel ikkje i motsetnad til at kunstens kanskje viktigaste drivkraft nettopp er trongen til erkjenning.

Boka til Schjerven har likevel ein bodskap, det dreier seg likevel om moral, og eg tykkjer det er viktig å understreka dette. Det dreier seg altså om politisk diktning, og me er no snart komne til det punktet at det å diskutera politikk i samband med kunstnarisk verksemd er som å banna i kyrkja. Derfor.

Me held no på å få politisk diktning av ein ny type, eit poeng som Schjervens bok også illustrerer, og dei beste diktarane no er like mykje styrte av moralske imperativ som før. Men det politiske i dag består ikkje utan vidare i å beskriva personar eller situasjonar der visse politiske poeng blir uttrykte direkte, eller demonstrerte. I dag har det politiske trengd seg djupare ned i diktinga, ned til sjølve det spesifikt litterære, ned til estetikken. Linder Holms visjon blir poesi, han blir til poesi.

Det viser seg at det er ikkje så enkelt her i verda at ein i utgangspunktet har eit bodskap, eit evangelium, om det er aldri så rett og godt meint, og at skrivinga deretter går ut på å ikle dette ei mest mogleg fengjande, effektiv og populær form. Tvert imot.

Den gamle, pedagogiske måten å laga bøker på har det store problemet at han rimer så dårleg med kunstens vesen, og då greier ein heller ikkje å ta ut det potensialet som kunsten har.

Noko anna er det at også politikk kan høyra heime på kunstens overflate, som alt menneskeleg, noko som også kjem tilsyne hos Schjerven, som let Linder Holm halda lange talar om emnet. Men det spørs korleis.

Avsverjinga av politikken, avsverjinga av moralen, som til ein viss grad pregar åttiåra, er ikkje noko anna enn eit idylliserande mellomklassestandpunkt i det relativt rike Noreg. Den som verkeleg blir utfordra, ser fort at slikt berre er tomt prat. Eg vil seia med Jung at «moralen ikke er kommet til oss på tavlene fra Sinai bjerg og så er blitt påtvunget folkene, men at moralen er en funksjon, men at moralen er en funksjon av det menneskelige sjeleliv, og er like gammel som menneskeheten selv».

Til og med Céline, som er så vidgjeten for kynismen sin, skreiv Reisen til nattens ende med ein djup smerte over kor ynkeleg menneska levde på jorda. Og når han ein hende gong gir glimt av noko menneskeleg, treff han lesaren med voldsom kraft.

Hos Schjerven er ikkje moralen borte, det er berre moralismen som er borte. Merkeleg nok er det slik at all stor kunst er skapt ut frå eit moralsk imperativ, men samstundes er kunsten i sitt vesen amoralsk, open for alt menneskeleg, på godt og vondt.

Publisert 26. november 2001 | Til toppen av siden