Jubileumshilsen Av Jens Stoltenberg
Tale «Børs og katedral»
Av Erik Must
Profil Et slag for amatøren
Lars Saabye Christensen intervjuet av Kåre Bulie
Profil «Det er vi som er de siste anarkistene»
Horace Engdahl intervjuet av Christian Kjelstrup
Refusjonsbrev
Av redaktør Johan Borgen
Novelle Yama
Av debutant Axel Jensen
Bildeserie Utvalgte Vinduet-forsider fra 1947 til 2007
Gjendiktninger Wallace Stevens’ alderdomsdikt
Til norsk ved Jan Erik Vold
Reiseskildring Noe om Georg Johannesen og liv og død-situasjoner – eller: Jeg vet ikke hva
Av Nils-Øivind Haagensen
Reiseskildring Om fingeren som ikke viser vei Av Andreas Viestad
Debattessay Intimitetstyranni? Av Espen Haavardsholm
Debattessay Innholdisme Av Per Bjørnar Grande
Haiku Seks haiku
Av Inge Haugane
Spalte Ein ganske fotnoterik guide til: Litterære jubileum
Av Are Kalvø
Bokomtale Møllerens skrift
Herta Müller: Mennesket er en stor fasan i verden og Alltid den samme snøen og alltid den samme onkelen

Av Kaja Schjerven Mollerin
Bokomtale Syngende prosa fra sør
Edward P. Jones: The Known World og All Aunt Hagar’s Children

Av Erik Bjerck Hagen

Innhold Vinduets novellenummer:

Leder

1. premie
Reidun Elise Foldøy: «Den store dagen»

Delt 2. premie
Karine Nyborg: «Det må være en grunn»
Eva Sannum: «Love me tender»

4.-10. premie
André Aronsen: «Marsha»
Lena Niemi: «En grav og gå til»
Arild Rossebø: «Magda og Ludvig»
Stein Slettebak Wangen: «Kjære liv»
Eivind Riise Hauge: «Fars sigaretter»
Tommy Kvarsvik: «Bil A, bil B og Tore – en studie i det rekonstruerte liv»
Knut Rage: «Ein stad finst det nokon»

Dikt

Portar
av Helge Torvund

KNOKKELPORTEN

Eg hadde krope inn
          gjennom ei opning
                    i ein stor port
av knoklar
          Eg steig ned
                    på ein åker for
det merkelege
          med mine brune støvlar
                    Eg var elleve år
og brann som eit flagg
          Eg var tolv år
                    og flaug som ein hauk
Eg var tretten år
          og sovna på ein stein
                    Då kom ei kvinne
av selje og mose
          og rørte ved skrittet mitt
                    og ved halsen min
Porten vart levande
          og kviskra
                    på sitt knokkelspråk
Bad meg koma
          krypande attende
                    Men åkeren svevde
under varm dis


* * *

BOKSTAVPORTEN

Eg fann aldri ei
          einskild bok som
                    endra livet mitt
Men nokre timar
          vart endra
                    og ettersom dei
var del av livet, endra
          eg meg nok
                    til å forstå noko
på slutten av boka
          som eg ikkje hadde forstått
                    i byrjinga
og dette gjorde meg
          ofte trist
                    som når du dreg frå småbyen
og veit at du trass
          alle lovnader til vennene
                    aldri kjem attende


* * *

STEINPORTEN

I dagevis har eg vandra ikring
          på leit etter
                    porten til helvete
Eg har gått gjennom
          jernbanetunnelen
                    over brua og inn
mellom furustammene
Eg har passert
          det store steinhovudet
                    og gått mellom sanddynene
mot havet
          Eg tenkte på dine auge
                    Purpurmarihandvennlege
Eg sat på ein benk
                    Og las om å verta
                    ein behaldar
om å fylla seg med syn
          bokfink og toppmeis
                    prøver å overdøyva
røystene i hjernen min
          Eg gjekk igjen inn til hjartet
                    av skogen, stod og grunna
ved stamma
          av ei gammal gran
                    glodde tomt
i retning av utanriksministeren
          Han minner meg om desse
                    kjempehovuda
eg såg i Mexico
          Men dei smilte ikkje
                    Dei heldt munnen lukka
Eg ser ei måke
          letta frå
                    sin Avianobase
Inngangen til
          helvete, kor er den?
                    Åh! Sjølvsagt:
Eg går under
          Eg går over
                    Eg går inn
mellom
          over og under
                    kjeven


* * *

SEMENTPORTEN

Då eg såg den døde katten
          ved sementporten
                    tenkte eg at hovudet
er det mest verdfulle i verda
          fordi ingen veit
                    kor mykje det er verdt
Ikkje mykje seinare
          passerte eg bringebærbuskane
                    og kjende eg måtte pissa
Det fanst joggarar
          og folk som lufta hunden
                    og den einaste plassen
eg kunne stikka meg vekk
          var inni gapet
                    til utanriksministeren
Då eg kom ut att
          var verda grålys
                    kråkene heilt rolege
og eit snøfnugg
          løyste seg opp i lufta
                    «Jeg gikk ubekymret videre»


Diktene er hentet fra samlingen Kitty K. (Samlaget 2000).

Publisert 13. november 2000 | Til toppen av siden