Jubileumshilsen Av Jens Stoltenberg
Tale «Børs og katedral»
Av Erik Must
Profil Et slag for amatøren
Lars Saabye Christensen intervjuet av Kεre Bulie
Profil «Det er vi som er de siste anarkistene»
Horace Engdahl intervjuet av Christian Kjelstrup
Refusjonsbrev
Av redaktør Johan Borgen
Novelle Yama
Av debutant Axel Jensen
Bildeserie Utvalgte Vinduet-forsider fra 1947 til 2007
Gjendiktninger Wallace Stevens’ alderdomsdikt
Til norsk ved Jan Erik Vold
Reiseskildring Noe om Georg Johannesen og liv og død-situasjoner – eller: Jeg vet ikke hva
Av Nils-Øivind Haagensen
Reiseskildring Om fingeren som ikke viser vei Av Andreas Viestad
Debattessay Intimitetstyranni? Av Espen Haavardsholm
Debattessay Innholdisme Av Per Bjørnar Grande
Haiku Seks haiku
Av Inge Haugane
Spalte Ein ganske fotnoterik guide til: Litterære jubileum
Av Are Kalvø
Bokomtale Møllerens skrift
Herta Müller: Mennesket er en stor fasan i verden og Alltid den samme snøen og alltid den samme onkelen

Av Kaja Schjerven Mollerin
Bokomtale Syngende prosa fra sør
Edward P. Jones: The Known World og All Aunt Hagar’s Children

Av Erik Bjerck Hagen

Innhold Vinduets novellenummer:

Leder

1. premie
Reidun Elise Foldøy: «Den store dagen»

Delt 2. premie
Karine Nyborg: «Det må være en grunn»
Eva Sannum: «Love me tender»

4.-10. premie
André Aronsen: «Marsha»
Lena Niemi: «En grav og gå til»
Arild Rossebø: «Magda og Ludvig»
Stein Slettebak Wangen: «Kjære liv»
Eivind Riise Hauge: «Fars sigaretter»
Tommy Kvarsvik: «Bil A, bil B og Tore – en studie i det rekonstruerte liv»
Knut Rage: «Ein stad finst det nokon»

Novelle

Lengten Bort
av Fanny Holmin

1.

Bror Bort du har ei lita jente på skuldrene dine, du sjanglar nedover vegen med Syster Vill kvinande på dine smale skuldrer, ho er ikkje tung, for tung for deg men dette er leiken; du skal bere henne heile vegen ned og Syster Glad sparkar med beina og veivar med armane mot himmelen så du held på å miste balansen og du sig i kne og ler og ler og ho ler og ler men ho nektar å hoppe ned, for dette er leiken du skal bere henne heile vegen ned og du kjempar deg opp medan ho ruskar deg i manken og du stavrar rundt svingen og ho knyter armane sine rundt den sveitte panna di og du er ein liten gut på nesten elleve år og ho er ei lita jente på knappe ni men det er det ingen som ville tru om dei såg henne for så tynn som ho er, Syster Tynn så tynn som lita jente, ho var som ein strek med eit stort hovud på, som ei fyrstikk, det var ingen som kunne tru at ho verkeleg alt var fylt ni ho er ikkje tung. For tung for deg.

2.

Kva kan det ha vore du eigentleg heitte, når det var slik at du vart kallande Bort?

Det var når du kom i skulealder det tok til. Du hadde ei lærarinne som for så vidt var snill og godhjarta nok, men litt for enkel til å skjøne at det kanskje kunne vere ein grunn til at du stadig fall i søvn i timane hennar, eller nesten aldri hadde fullført leksene dine, og at når du ikkje sov, vart sitjande som bortskremd med stirande strevande mørke auge. Om ho hadde tenkt seg om nokre fleire gonger, kunne ho gjetta seg til at ikkje alt kunne vere som det skulle vore. Men ho var for distré til å tenkje nøyare over det, så når ho kalla deg attende i timane så du rykte til som for ein flamme eller eit slag, strauk ho deg sukkande over håret og klaga over at no var du jo fullstendig bortreist igjen.

– Kvifor må du alltid drøyme deg bort, syns du ikkje det er noko moro her hos meg?

Men du likte verkeleg frøkna di, og kanskje var det det beste ho kunne gjere for deg likevel, å la deg få sitje i fred desse føremiddagane alle dei lange skuleåra og kvile.

Klassevennene tok snart fnisande til å kviskre "Bortreist" etter deg, prøvde seg frampå for å sjå om du let deg plage.

– Hei Bortreist, har du ikkje mat med deg i dag?

– He heee, Bort har på genseren att fram!

– Og han har to ulike sokkar på seg!

Du kraup deg saman til ein urørleg klump og gjorde deg blind og døv for levenet rundt deg. Og dess meir du tergar snigelen, di tettare krøllar kroppen seg. Så sidan du likevel ikkje let deg merke med noko utav det dei ville pirte i deg med, let dei deg snart vere i fred. Men Bort vart du heitande, og du tok namnet til deg som ei gåve.

Kvifor denne trøytte kroppen gjennom dagen? For i natt var Mor Monster og Syster Redd utrøysteleg samankropen i sengehjørnet. Kvifor er ikkje den vesle lette leksa gjort? For i går var ingen mat på bord, ingen mat i skap, og vegen til butikken med panteflasker tung og brød og mjølk i pose som gneg i handbaken på heimveg opp dei bratte bakkane. Kvifor desse strevande tankane som trekkjer deg bort frå timane? For heime ligg Syster Trøytt og Sjuk innmed sengegjerdet, og Mor Monster var ikkje råd å vekkje ut av søvnen snorkande på sofaen, og kva blir denne kvelden opp i for Bror Bort og Syster M?

(Syster Mi. Syster Mi. Eg må heim til Syster Mi.)

Du kalla systera di slike ting, Syster M, Syster Sta, Syster Kom? når det var noko du vil lokke henne til eller lirke henne med deg. Ho svarar når du masar på henne, og ropar Syster Sommel etter henne langs vegen der de sleper bæreposane med dykk:

– Syster Sommel

Syster Simmel

Syster Svimmel!

Og set seg ned i grøftekanten hulkande, så du må kome for å tørke tårer og gje suss på kinnet.

Det var du som tok henne i vare.

Du heldt deg i live ved å halde hennar hovud høgt og stolt og leande over vatnet.

Gjennom henne.

At ho veks. Nærte seg.

Til slutt blomstra. Med minst muleg sår på kroppen. Med mest muleg glede i hjarte.

Du var eit skjold. Ein liten riddar med eit skjold av det einaste knepet som nytta; å gjere dykk to mest muleg usynleg og lydlause gjennom dagane.

Skygge unna mor si og byggje slott i tankane, der ei lita syster kan få tumle om ho berre klarer døyve knisa under dyna så ingen Mor Monster brøler SOOOV!!!! og trampar rasande inn i rommet og knuser.

3.

Du forstod tidleg at mors kjærleik kunne du berre gløyme å fantasere om og lengte etter. Det var då du tok til å fantasere om det motsette. Om store brannar som kom og slukte henne. Om at ho sprakk i sola som eit troll. (Du var ei tid overbevist om det, at mor måtte vere eit troll i forkledning, at det var difor ho så sjeldan rørte seg ut av stova med dei attrekte gardinene, fordi ho ville kome til å sprekke ved fyrste glimt av sol.)

Så du avslørte henne, også når ho ein sjeldan gong tårevåt utøste kjærleiken sin over deg; du visste det var ikkje kjærleik ho baud deg du visste det var eit djup ho ville trekkje deg med ned i. Men du lærte deg å kome unna, snike inn i skuggane der ho ikkje kunne nå deg, du snodde deg ut døra, men du trekte hjartet hennar med deg og brått sto du der med hjartet hennar som ein svart inntørka klump i neven. Du stirrar på han, neven din, svineriet du har mellom hendene, som var det noko du hadde plukka opp frå golvet, og ikkje visste om det var skit eller noko inntørka etande, ubestemmeleg, uansett; det gys i deg og du kastar det fort frå deg og inn i buskene utfor huset og børstar nevane mot kvarandre og så tek beina til å springe, raskare og raskare, oppover bakkane, utover langs skrenten mot utkiksplassen og sletta du og Syster har i løyndom, du står med hivande pust og sprikande fingrar og veit allereie at det som er dødt, er dødt.

4.

Bror Bort og Syster Simmelsvimmel bøyer av frå hovudvegen og tek inn på den attgrodde stikkvegen ned mot huset, opnar den knirkande gangdøra så stilt dei kan og smyg seg i hus med varene.

– Kvar har de vore?

Mor Monster står tungt i kjøkkendøra. Feite tjafsar av slitt hår heng rundt eit uttrykkslaust andlet. Morgonkåpa er flekkete og luktar stramt av sveitte.

– Handla mat. Du grip kjapt rundt brødet og rekker henne det som ei offergåve. Mor tek imot, og med seine rørsler snur ho seg sukkande mot kjøkkenbenken.

Når Mor Monster er i rommet, skjer det noko med lyset. Det er som om lyset trekker pusten, står stille, og byrjar å dirre. Det strålar ut ein kvit angst. Sjølv om skuggeborna er vande med dette, er det aldri råd å venje seg til, aldri råd å samle nok styrke mot, men Riddar Redd tek eit steg fram så Syster Still kan trekkje seg saman bak ryggen på han.

– Må du dragse med deg henne kvar enn du går? Slenger ho over skuldra til deg. Ho har helt i mjølk til seg sjølv, ho har smurt seg eit par skiver som ho legg på ein tallerken, ho tek det heile med seg inn i stova og når ho er ute av døra spring borna til benken for å ete.

Ho er ute av rommet. Lyset slepper pusten ut og det panisk kvite dempar seg. Du smører skiver, skjenker i glas og de kryp saman inn under kjøkkenbordet.

– Dette brødet er eit trollbrød, kviskrar du. Det er slik at di meir du et av det di svoltnare vert du.

Syster Liten er i strev med ei halv skive med smør og pølse på, Syster Mus tygg på musebitar inne i munnen, tygg og tygg på den vesle biten som aldri vil skli ned i halsen, som klistrar fast bakast på tunga og prøver å lure seg opp igjen. Ho ser skrått opp på deg.

– Det er eit omvendtbrød. Kjenner du det ikkje? Ta ein bit – sånn ja. Har du svelgt han? Kjenner du? Er du ikkje endå meir svolten? Oj, tek du ein bit til? Hjelp, skal tru kor dette vil gå … Oj oj, et du meir no kjem du til å bli så svolten at du sprekk. Nei, no må du bremse litt! Er du blitt ein holsvolten ulv eller, viss ikkje du bremser litt no snart toler ikkje magen din meir og han sprekk sjølv om du kjenner deg like svolten så sprekk han så du eksploderer utover heile kjøkkenet, paannngbaanng gjøøøø …

Bror Bort lagar rykkingar med kroppen og tunga heng strekt ut av munnen, Syster Fnis legg handa for munnen for ikkje å sleppe ut lyd og tygg og svelger bit for bit medan ho ser bror sin eksplodere og velte utover kjøkkengolvet i langsam kino med lyden skrudd lavt, lavt ned.

5.

Mor i stolen.

Mor sit i stolen på femte dagen, er blind og stengd for alt som rører seg rundt henne, ho er til å liste seg forbi, ho er til å smette unna om ho skulle lyfte eit tungt og dødt, mørkt blikk mot deg med krav i, ho er for sein no, sit for djupt til å klare gripe fatt i deg, ho er til å stikke av frå når ho har planta seg sjølv i mørket i stova med gardinene trekte for, då er her råd å sleppe bort, men ein må trø varsamt, varsamt, for ingen veit når raseriet kan vakne i henne, og ingen veit kva som vil skje då, neste gong det vaknar.

Smette seg ut i garasjen.

Ikkje bruke garasjeporten som er synleg frå huset, men smyge rundt bygget og bruke døra på baksida, inn i det hemmelege vesle rommet i enden der, presse seg forbi alt skrotet som er stuva rett innafor døra, og der, den vesle kroken.

Kasser med gamalt i. Sundsitne stolar. Skitne teppe og matter som er lempa ut i staden for å bli stelte. Fjøler og plank og svarte sekker fulle av skrot …

Syster Tørst har snike seg ut av kjøkkenet med eit mjølkeglas i handa, ho drikk medan ho går over tunet, mjølka skvalpar i glaset og slikkar henne på leppene. Ho skal inn til Bror Bort i garasjen, du har vore der i heile ettermiddag og arbeida med saker.

– Bort, kva er det du lagar?

– Eg lagar fly.

Du er konsentrert over sakene dine, du lagar eit seglfly heilt frå grunnen av.

– Eg har funne det. Det låg i ei pappeske inni skrothaugen. Det er eit byggesett. Det er ikkje brukt. Alle delane er her.

Du sorterer små og store delar frå kvarandre og tel opp.

– Når eg har bygd eit fly så kan vi ta det med oss opp på høgda, og vi kan fly med det på den vesle sletta. Berre eg klarer å lande det riktig.

– Men kan v i fly med eit så lite fly?

– Det er vi som kan styre det.

– Men kven som kan sitje på med eit så lite fly?

Du vinkar Syster Spør nærare bort til deg inn under armen din og kviskrar henne i øyret:

– Det måtte vere eit bittelite menneske. Viss du var eit menneske så bittelite som ei lita dvergspissmus, då vog du ikkje meir enn to bitar tyggis i neven min, men så var du eit menneske og ikkje ei mus, så eg kunne lage ein liten sele til deg som du kunne hengje i under flyet, eller kanskje eit sete oppå flyet, og så kunne eg fly deg oppover og oppover i lufta og du kunne speide utover fjorden og du kunne vinke med den knøttvesle handa di ned til meg når du ville ned igjen, og eg kunne lande flyet rett framfor føtene mine og hjelpe deg ut av selen igjen, og så kunne du sitje i lomma mi når vi gjekk heim, av og til kjende eg at du rørte på deg nedi lomma, slik som det kriblar når du held ein meitemark i handa.

Syster Spent på huk ved bror sin, ser deg prøve tyde bruksanvisninga i det svake lyset inni hemmelegrommet. De skulle hatt ei lommelykt her, de har berre eit stearinlys og fyrstikker. Men de har ei madrass og eit gammalt teppe og no har dei eit fly, eit bittelite fly til bittesmå menneske.

6.

Irritasjon.

Eg forestiller meg at det må vere omtrent som for ei loppe.

Bror Bort og Syster M i stille skrekk, kretsar rundt denne kroppen som dei er nøydde å halde seg til. Det er deira natur; som eit barn, som ei loppe, å måtte suge blodet av vertsdyret for å overleve. Men i stadig frykt for å vere til for stor irritasjon. Ei mor i stolen, ei alvorleg sjuk mor i stolen, og borna som to skvetne lopper rundt henne.

Ho gjorde dei ingenting om dei berre let henne vere fullstendig i fred. Om ho ikkje fekk augene i dei.

Barn er barn. Lopper er lopper.

Nokon klarer ikkje å sjå forskjell, og slår begge unna.

7.

Når nokon vil flykte frå den smerta, aukar han.

Vil du vri deg unna er det du sjølv som gjer smerta større og du er tvungen til å trykke deg inntil den som har deg i knipa.

Det som slemme mødre kan gjere med håret til eit barn:

Lugge. Faktisk rive ut dottar

Lyfte etter håret opp frå bakken

Truge med å klippe

Tvinge til å klippe

Børste flokar med hard hand

Floke håret med flat hand (gnikke)

Vaske det så såpa renn inn i augene

Føne med for varm fønar

8.

– Eg var der då du vart fødd.

Du kviskrar det til henne der ho ligg på armen din under teppet, de skulle ha sove no, men de er begge så tindrande vakne og oppspilte, det er på grunn av flyet, det er snart ferdig, spenninga vil ikkje sleppe dykk, for snart – snart skal flyet prøve vengene sine.

Syster sperrar augene opp og ser forventningsfullt på deg.

– Med det same du kom til verda fekk eg deg oppi armane mine. Eg stelte deg og mata deg og eg bar deg med ut i hagen så du fekk helse på fuglane, for det var vår og dei kvitra i kvar ein busk, og du såg på dei med store auge og vinka med armane for å helse på dei, og du var blid og snill heile tida, berre når du hadde bæsj i bleia skreik du litegrann, og du låg oppi senga her med meg kvar natt og eg strauk deg over panna og nynna songar til deg, er du klar over kor søt og liten du var då? Du var så liten at hadde eg hatt flyet den gongen så kunne du ha flydd med det.

– Men … var ikkje du også liten då?

– Nei, eg har aldri vore så liten som du var den gongen. Eg klarte fint å passe deg.

Det var nesten sant.

På eit slags vis var det faktisk heilt sant. Frå den dagen ho vart fødd vart ho lempa over i dine armar. Og du knytte to tynne barnehender om henne og kjende at i to kroppar var det mykje, mykje større varme enn i ein aleine. Og ho bora ein butt nase inn i halsgropa di, lyfta blikket med dei store undrande augene iblant og blunka.

9.

Men Syster M – ho har villa seg inn i ei brennesleklynge, det svir, det raspar mot leggane og ho har berre shorts på seg, ho vil springe fort unna men det er sleipt og ho sklir og dett på ryggen i alt det vonde og ho skrik, det svir, det svir, det veks ut store blemmer og huda blir flammande raud, Bort, Bort, hjelp meg, det svir, det klør eg held det ikkje ut, stopp det, ta det bort, Bror Bort!

Riddaren er rådvill, du veit ikkje med dette, vi prøver i bekken er det godt med kaldt på, her, sett deg ned eg skal skylje vatnet over deg, er det hjelp? Litt? Så kaldt, ho frys, låner Borts trøye, men det klør meir, det svir, tårene renn og ho raspar seg til blods med små negler og hulkar.

Vi må spørje Mor. Vi må nok spørje Mor. Kom vi går heim, det skal gå bra, om ho har ein salve som vi kan smøre på, kom, så så, ver roleg … ver roleg no vi går inn gangdøra heime.

Kor i helvete er det du ser ut, kva har de helde på med, kva er dette for slags påfunn, kva hadde de der å gjere, kan du ikkje klare å sjå til henne, der er alltid noko bryderi med dykk, desse evindelege påfunna. Tei deg no! Stå stilt så eg får smurt på deg, stå stilt sa eg og hold kjeften på deg, der kan du sjå kor det går når du ikkje har vet til å passe deg!

Mor Monsters uvillige hender smører Syster Brents sviande rygg og legger. Du står stilt ved døra, held hennar tåresprengde blikk i ditt; snart over no, snart over. Ja, eg ser at ho knip deg, eg ser det harde taket rundt armen din, eg ser kor uvillig ho dyttar deg rundt, eg ser kor lyst ho har til å fike deg ver berre stille og hald på tårene dine, det blir betre no vi skal redde oss ut eg skal ta salven med så skal du få ligge på magen på madrassen og eg skal smøre deg kvar gong det svir og eg skal hente drikke til deg og eg skal blåse på og eg skal finne på noko, kunne eg berre klare å finne på noko..

10.

– Den fordømde svake ungen!

Mor Monster stormar ut av soverommet og brøler etter Booort!!

– No har eg fått nok av tullet hennar, du får ta deg av henne du, som likar så godt å dulle med henne. Her, press dette ned gjennom halsen på henne eller gjer kva pokker du vil!

Ho trykkjer eit fat med ein kopp suppe, to tablettar og eit vassglas nedi dine tynne hender, trampar inn i stova og veltar seg på sofaen med eit:

– Skal det aldri vere råd å få litt ro her!

Som blir hengjande som eit banner over stova for evig tid. Eller ho kunne like godt ha hengt eit banner med innskrifta skal det aldri vere råd å få litt ro her over heile stova, eller; ho har jo gjort det alt for lenge sidan. Det heng eit usynleg banner frå vegg til vegg over stova:

Skal det aldri vere råd å sleppe maset frå dykk her!

Etter kvart er det nok for henne å berre lyfte blikket mot taket, himle mot det usynlege banneret med augene og dra eit langt sukk, så minnast skuggebarna og trekkjer seg ordlause inn i krokane eller ut i garasjen eller ned i fjøresteinane.

Syster Sjuk?

Syster opne augene?

Matte.

Auge som lyset kveikjer seg i. Riddar er her, lyset kveikjer seg og krampen i kroppen løyser seg. Ei tynn og varm hand glir fram mot deg frå under tjukke dyner. Du glir ned på kne framom senga, set fyrst brettet frå deg på magen hennar.

Får i henne suppa.

Kryp oppi senga til henne.

– I morgon er flyet klart. Det skal berre lime seg i natt. I morgon kan vi fly det. Viss du blir frisk. Trur du du klarer å bli frisk? Viss eg tek trylletriksa mine for deg?

Og du gjøglar og skapar deg så slappe knis veks til ein liten varm latter som trillar ut i rommet.

Då med eitt:

Eit knirk.

Det skarpe ganglyset fell inn i rommet som ein skugge.

Gufs frå den kalde gangen og gys gjennom dei to som brått tagnar i leiken i senga, du som med ein fars armar om Syster Smil under deg.

Ho granskar dykk lenge. Er ikkje Syster Sjuk lenger? Er det heile eit skodespel? Er det noko de set i stand for å irritere henne til døde?

(Jau visst er ho sjuk! Berre ei lita pause, litt medisin av varme, berre kave litt for å kunne bli trøytt nok til å klare å sovne, nei, ingen har lurt deg, visst er ho sjuk!)

De ser korleis dette skjer i augene hennar:

Mor Monsters auge er to harde nøtter. Dei er under sterkt press, dei er i klemma, dei har ein jarnkjeve knipande inn i sidene. Dei kjempar for å stå imot og står imot, men til slutt knekkjer dei saman, gir etter for presset og slepp det inn.

Og inne, inne i dei nyknekte nøtteaugene er der ingenting.

De ser to nøtter som knekkjer og opnar seg men inni er det tomt, tørt, svart og mørke. Og det er til no det mest skremmande de har sett av dykkar eige private skremselsmonster. Ei ruvande kvinne i ein lysstråle, med kulden sivande mellom beina langs golvet og opp i senga til dykk, og eit fullstendig lukka ansikt med to auge som blir tome og svarte og tørre.

Stemma hennar er den vanlege hånske og hatske når ho sakte spyttar mot deg:

– Når skal du sjå til å kvitte deg med det latterlege gode hjartet ditt?

11.

Flyet er like klart og blått som himmelen og det stig i store mjuke sirklar oppover og oppover, det er Borts trygge hand på fjernkontrollen og med handbaken som skugge for sola ser du korleis flyet blir mindre og mindre mot den stadig større himmelen til det er ein liten blå prikk og til den vesle blå prikken er borte og du kastar fjernkontrollen frå deg i graset når du ikkje lenger kan høyre dei glade og kvinande ropa til Syster Fri, Syster Fugl, Syster Glede.

Publisert 18. september 2000 | Til toppen av siden